Bakgrunnsartikkel

Størst av alt er kjærleiken

Tittelrolla i Antigone på Hovudscenen på Det Norske Teatret, Gullruten for rolla i TV-serien Heksejakt, Amandapris for rolla i filmen Ingenting å le av… Dei siste fire åra har vore høgdepunkt på høgdepunkt i karrieren til Sara Khorami. No ventar den kanskje største prøvelsen, i nok ei tittelrolle, nemleg som Kristin i teaterversjonen av Kristin Lavransdotter.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent

- Dette er det villaste og artigaste eg nokon gong har vore med på! Men også det skumlaste! Eg har store dosar med ærefrykt for dette stoffet, altså, seier Sara Khorami, og ser skrått på meg med alvor i blikket. Det er ikkje småtteri å skulle spele heile verket om Kristin Lavransdotter på Hovudscenen. Dette er kanskje noregslitteraturens vakraste kjærleikshistorie. Det handlar om Kristin, som lever i mellomalderen og trassar alle ho er glad i for å gifte seg med mannen ho elskar, sjølv om det fører henne til eit liv i skuldkjensle og skam. Forfattaren Sigrid Undset er det einaste norske kvinna som har fått Nobelprisen i litteratur, og den fekk ho mellom anna for trilogien om Kristin Lavransdotter. Men Sara sit godt frampå stolen i foajeen på teateret, med olbogane kvilande på knea og hendene fletta i hop. Ho ser både bedageleg og intens ut på same tid.

- Det er så drygt å skulle gjere dette, at eg slappar av, seier ho, og andletet sprekk opp i eit stort smil og ho ler.

Sara Khorami spelar rolla som Kristin Lavransdotter både som barn, ung, vaksen og middelaldrande. Preben Hodneland spelar rolla som hennar store kjærleik, Erlend Nikolausson.

Publikum vil kunne oppleve alle dei tre verka om Kristin Lavransdotter kvar for seg som 2,5 timar lange framsyningar – eller alle tre på same dagen i ein 8 timar lang teatermaraton.

- Tidvis får eg litt panikk fordi det er så mykje tekst, men så er det så gøy fordi det er så godt skrive! Så eg gløymer det litt, seier Sara, som likevel ikkje har nokon sommarferie å sjå fram til. Her skal det puggast.

Ho lener seg tilbake og rettar litt på den blå capsen. Skodespelaren ser eigentleg ut som ho skal ut i skogen der ho sit i turbukse og singlet. Og teaterprøvane med regissør Kjersti Horn er nesten som ein lang, anstrengande marsj. Nokre dagar er ho så fysisk sliten når ho kjem heim, at ho berre må leggje seg. Andre dagar er ho så gira at ho ville ha jobba mykje lenger.

– Eg skal jo spele ut eit heilt liv her, da. Frå eg er 6-7 år til eg døyr i ein alder av nokon og førti, seier Sara, og eg skjønar at ho eigentleg snakkar om Kristin-karakteren. Skodespelarar snakkar ofte om karakterane sine i eg-person i prøve-
perioden.

– Så jobben er jo å gjere det på ein truverdig måte, og ha overskot til å fortelje historia … Og akkurat det er eg litt spent på! Når vi går inn i den sjuande timen, der, seier Sara og ler godt, så det verkar som at ho eigentleg kjenner seg trygg på at det skal gå bra.

Ekteskapsproblem til lunsj

Nokre veker tidlegare er Sara å observere på ein benk på takterrassen utanfor teaterkantina. Ho har vilt hår som ser nesten ugreidd ut i ein uvørden tull på hovudet. Hårtullen vaggar hit og dit når ho pratar. Ho sit i lag med Erlend, eller Preben Hodneland, og begge sit med beina i kors i ein intens samtale medan dei røyker sigarettane ned til filteret og gestikulerar ivrig. Han har ei knekt tå og slippers på. Dei ser nesten ut som eit gamalt ektepar som «ikkje kranglar, men berre diskuterer» der dei sit.

Sara og Preben i Prøvesal 1, fotografert frå regipulten av regissør Kjersti Horn sjølv.

– Kva var det de snakka om der ute? spør eg når dei kjem småfnisande inn i kantina for å ete. Dei vekslar blikk og bryt ut i latter.
– Sex! I dag snakkar vi om sex! forklarar dei nærast i kor.
– Det er så mykje sex her. Korleis skal vi løyse det utan at det blir kleint, liksom?

Ikkje noko kostymedrama

Nokre dagar seinare, nede i prøvesalen, spring skodespelarane rundt med parykkar og lausskjegg. Sara har på seg caps, singlet, olabukse og sneakers. Ho ser tøff ut, men ikkje slik ein kanskje har tenkt seg Kristin Lavransdotter. Her er ingen mellomalderkjole eller kapper. Om det er private klede eller prøve-kostyme, er ikkje så godt å seie, for ingen av skodespelarane skal ha på seg særskilt kostymete klede.

Ein vil komme tett på handlinga i Kristin Lavransdotter. Her er Kristin og Erlend i ei kjærleiksscene, og dei store lerreta som skal vere på scenen blir testa. Foto: Kjersti Horn.

Dei skal ha på seg noko som kunne ha vore deira private garderobe, og kanskje eit lausskjegg eller ein parykk i tillegg. Men her er det altså ikkje kostyma som skal skape ein illusjon om at skodespelarane er nokon andre enn den dei er, eller at Sara er Kristin. Det er ein leik publikum må bli med på, gjennom korleis skodespelarane fortel historia i samspel med dei andre elementa teateret har å by på.

- Vi er ein felles forteljarstemme heile ensemblet. Vi både fortel og spelar ut dialogar alle saman.

Frå høgtalarane i prøvesalen tonar ambient musikk med ein vakker felemelodi, som kanskje kan høyrast litt mellomaldersk ut. Scenen er tom, bortsett frå nokre plastmøbel av den billegaste typen til hagebruk. Det er framleis mange månader til premieren, og den delen av boka dei jobbar med i dag, er ikkje ferdig omsett enno. Skodespelarane står derfor og halvvegs les tekst på Undsets riksmål på ein skjerm over borda der regissøren og alle andre involverte sit og følgjer med på prøven. Ein skodespelar treng ein stol – og ein annan spring til og ordnar dette raskt. Dei stiller seg somme tider på utsida av rolla, ler og gir små kommentarer til handlinga. Skodespelarane gir det dei kallar «tilbod» til regissør Kjersti Horn, som ho kan ta med eller forkaste, ettersom dei leikar seg gjennom teksten.

- Eg må vite veldig godt kva eg snakkar om.

Korleis er det å veksle mellom å vere forteljarstemme og det å spele ei rolle?
- Utfordrande! kjem det kontant.
- Fordi teksten må sitje godt. Det er jo mange ord og vendingar her som ikkje er heilt naturlege for meg å seie, og da må teksten sitje veldig bra. Eg må vite veldig godt kva eg snakkar om, og kva alle andre snakkar om, samtidig som eg skal ha overskot til at eg kvart augneblikk (ho knipsar med fingrane og kneisar med nakken medan ho tek ein kunstpause) må gå inn i ein situasjon der nokon plutseleg døyr og liksom – tru på det. Samtidig skal vi fortelje det vi fortel som den karakteren vi spelar. Så dette er ganske utfordrande reint skodespelarteknisk, forklarar Sara.

Kamera på scenen

Enda nokre veker er gått, og produksjonen har flytta frå prøvesalen i kjellaren til den store Hovudscenen, eit rom Sara har lært å ta plass i etter at ho spelte rolla som Antigone. Scenegolvet dekt med plast. Mads Sjøgård Pettersen filmar det som skjer. På tre gigantiske lerret på scenen kan publikum sjå nærbilete av skodespelarane. Dei øver på scenen der Ulvhild, veslesøstera til Kristin, får ein tømmerstokk over seg og blir kvesta for livet. Det er ingen tømmerstokk på scenen, men skodespelarane fortel kva som hender. Ina Svenningdal spelar rolla som Ulvhild, og ho slenger seg ned på scenegolvet og vrir seg i smerte og vræler. Ein må ha eit hjarte av stein for ikkje å bli rørt av det som hender. Kristin blir kasta på dør og må passivt sjå på kva som skjer. Gjennom nærbileta av Sara kjem vi tettare på Kristin si oppleving av handlinga, sjølv om Sara ikkje har replikkar. Ho stirer på veslesøstera og auga svømmer over.

Gjennom nærbileta av Sara kjem vi tettare på Kristin si oppleving av handlinga.

Foto frå prøver på Hovudscenen tatt av regissøren. Bak Sara og Preben er Mads Sjøgård Pettersen, som filmar alt som skjer.

Tilbake i foajeen på teateret like før ferien slår inn, kommenterer Sara det å ha kamera på scenen:

– Dette er jo teater og film! Det beste eg veit!

Men ho innrømmer at det er både ei utfordring og ein fordel ikkje å vite om ho skal lage eit bilete for film, eller ta større plass og spele med "teater-kropp" på den store scenen:

– Det gjer også at vi kan ta nokre scenar heilt ned og kviskre til kamera, for så berre (ho slår ut med armane) å dytte kameraet vekk og ha ein eksplosiv teaterscene. Med volum! seier ho, med trykk på o-en i ordet, og ler igjen.

Fan av Sigrid Undset

Men korleis er det, eigentleg, å skulle gi liv til ei av noregslitteraturens største superkjendisar?

– Eg må ærleg innrømme at eg ikkje visste særleg mykje da eg fekk vite om dette prosjektet. Eg hadde høyrt om Kristin Lavransdotter og Sigrid Undset. Og eg visste at ho hadde fått Nobelprisen i litteratur, seier Sara, og legg til at ho synest det er pinleg at den yngre generasjonen ikkje veit meir om forfattaren. Og no er Sara tydeleg engasjert, og snakkar fort på både inn- og utpust.

– Ho var jo ei føregangskvinne! Ho gøymde nordmenn med jødisk bakgrunn under andre verdskrigen og måtte flykte til USA. Det kan faktisk hende at ho også hadde ein påverknad på USA si innblanding i krigen. Ho hadde ein son som døydde under krigen. Ho konverterte til katolisismen. Ho hadde ei dotter med psykisk utviklingshemming, og donerte ein masse pengar til foreldre med sjuke ungar… seier skodespelaren og trekker pusten.

- Eg synest det er pinleg at den yngre generasjonen ikkje veit meir om Sigrid Undset.

Forfattar Sigrid Undset iført kåpa ho kjøpte i samband med reisa til Stockholm for å motta Nobelprisen i litteratur. Foto: Alvilde Torp, 1928. Eigar: Nasjonalbiblioteket.

– På mange måtar kan ein kanskje seie at Knut Hamsun «stole her shine» litt. Men for meg, så er Undset den største vi har, altså, erklærer Sara, og orda strøymer inspirert ut av henne om kor imponert ho er over Undsets formidling av korleis folk levde på 1300-talet, korleis ho skildrar ulike karakterar i djupna, og korleis ho skriv om amming, brystspreng og fødsel.

– Altså, ho veit så mykje om korleis ein levde, tedde seg, korleis dei prata i mellomalderen. Og det var sjeldan nokon skreiv på denne måten om å vere kvinne! Det er så moderne, meiner ho.

Skodespelarar, teknikarar og scenograf Sven Haraldsson diskuterer korleis dei skal løyse ei scene der far til Kristin, Lavrans, drep ein okse, og blodet bokstaveleg talt skal flyte på scenen. Foto: Kjersti Horn.

Moderne samlivsproblematikk

Kristin Lavransdotter var eigentleg lova bort til den litt eldre og respekterte Simon Darre, men forelskar seg hovudstups i riddaren Erlend Nikolausson. Men han har barn som er fødde utanfor ekteskap med ei dame som var gift med ein annan medan dei hadde eit forhold - så saka er komplisert. Faren til Kristin nektar dei to i det lengste å få kvarandre. Til slutt får dei likevel gifte seg, men da har Kristin allereie Erlends barn i magen.

– Og det er jo det same vi held på med i dag. Det er sex og svik og kjærleik, og sjølvforakt og skam og angst. Mennesket på søken. Mennesket i kamp med seg sjølv. Det er jo det same! seier ho, og slår ut med armane.

Men det høyrest kanskje litt mørkt ut?

– Ja, men det er også veldig lett! Det er kjærleik, mykje lidenskap og krangling og … eg håpar det blir slik at ein kan kjenne seg igjen i det, og at ein glimtvis kan få kjensla av at «Men dette er jo mitt liv!». Det er målet.

– Men dette med skamma …

– Å Gud! Det er nesten det som er det mest hjarteskjerande for meg i heile stykket. For ein følgjer jo Kristin frå ho er ei lita jente. Og ho er. Så. Fri! seier Sara, med trykk på kvart ord.

– Ho har gutevenner, leikar i skogen, er med faren på jakt og er så open mot alle ho møter. Tek alle «inn», på eit vis.

Sara blir mjukare og litt melankolsk i stemma.

– Men gradvis, så opplever eg at fordi andre rundt seier at: Nei, slik kan du ikkje vere, sånn kan du ikkje føle, det kan du ikkje gjere … Så blir ho påført meir og meir skam. Som gjer at ho blir veldig angstfylt. Og det synest eg er så trist! At ho ikkje kan få gifte seg med Erlend, som ho elskar. Det at ho endar opp med å gå i kloster, at ho skammar seg for vala ho har tatt … Denne skamma blir påført utanfrå. Det blir pålagt henne av andre.

- Eg håpar det blir slik at ein kan kjenne seg igjen i det, og at ein glimtvis kan få kjensla av at «Men dette er jo mitt liv!». Det er målet.

Foto: Stig Håvard Dirdal.

På Kristins tid kunne ein ikkje følgje hjartet og gifte seg med kven ein ville, men kjærleik har menneske til alle tider kunna kjenne.

– Kva for plass har eigentleg kjærleiken i dag?

Sara søkk ned i stolen.

– Å, ja. Eg vil seie … At den er alt. Altså vi menneske angår kvarandre. Dine val påverkar meg. Mine val påverkar deg. Er vi ikkje her berre for å bli elska og elske tilbake, da? Eg tenkjer at alt vi gjer, er basert på det. Å bli elska og sett. Og når vi ikkje gjer det, så går det gale. Skikkeleg gale. Trur eg. Ja, eg tenkjer det. •

Artikkelen er publisert i juli 2022.

Toppfoto: Bent René Synnevåg

Sara Khorami gjesta Språkoppdraget i vår. I denne episoden snakkar ho om korleis det er å vere ein språkleg kameleon, om å dubbe såpeopera for mormor, til sjølv å bli dubba på farsi, om skilnaden på å spele i film og teater, og om likskapen mellom språket til Sigrid Undset og farsi.