Bakgrunnsartikkel

Søsterkjærleik

Ei forteljing om Disneys veg til verdssuksessen Frost, og korleis ekte søsterkjærleik kan tine eit frose hjarte.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsdramaturg

Ideen om «ekte kjærleik» har gjennom romanar, musikk og filmar blitt hamra inn i generasjon etter generasjon av unge verda over. Historier om kjærleiken som bryt forbanningar og hekseri, som eliminerer vondskap og gjenopprettar harmonien i universet, har blitt fortalt til alle tider. Ofte var det ei prinsesse som måtte bli redda av ein prins. Ho var gjerne forheksa og tilsynelatande død. Eit kyss frå ein prins ville vekke ho til live igjen, og så levde dei to lykkeleg til sine dagars ende. Men må det eigentleg vere ein prins som reddar prinsessa?

Tidene forandrar seg, og på eit tidspunkt skjer det eit skifte, både i populærkulturen og i samfunnet elles. Prinsessa går frå å vere passiv gevinst, til å bli ein likeverdig aktør i historia. Om det er ho, han eller hen som tek grep, er ikkje lenger avgjerande i kjærleikshistoria. Kan det til alt overmål vere kjærleiken mellom to søstrer som er svaret? Med utgangspunkt i eventyret Snødronninga av den danske diktaren Hans Christian Andersen, ville Disney røske opp i omgrepet «ekte kjærleik». Resultatet blei ein av verdas største filmsuksessar.

Walt Disney saman med maskoten Mikke Mus. Mikkes kjærleiksinteresse, Minnie Mus, dukka også opp for første gong i Steamboat Willie i 1928. Foto: NTB

Ein lang prosess

The Walt Disney Company blei etablert for hundre år sidan, i 1923. I 1928 kom kortfilmen Steamboat Willie, ein av dei første lydteiknefilmane. Her blir Mikke Mus introdusert for første gong, og han skal bli maskoten for selskapet. Han har seinare vore med i over 130 filmar. Ideen om å lage ein animasjonsfilm frå eventyret om Snødronninga kom tidleg. I 1931 lagde Disney ein kortfilm av Den stygge andungen av H. C. Andersen. Dette var eit av dei første forsøka frå studioet på å ta opp meir alvorleg tematikk i ein teiknefilm. Filmen blei laga på nytt i fargar i 1939, og denne versjonen vann Oscar-pris for beste animerte kortfilm året etter. Samtidig jobba Disney med fleire av Andersens eventyr. Mellom desse var Snødronninga.

Åra mellom 1937 og 1942 blir gjerne kalla gullalderen for Disney. Dei etablerte seg som eit leiande selskap for animasjonsfilm, med filmar som Snehvit og de syv dvergene, Pinocchio og Bambi. I 1940 blei Disney involvert i ein samproduksjon som skulle fortelje om livet til H. C. Andersen. Her skulle fleire av forteljingane hans vere med, mellom anna Den lille havfruen, Piken med svovelstikkene, Den standhaftige tinnsoldat og Snødronninga.

Snødronninga var publisert nesten hundre år tidlegare, i 1845, og handlar om den vesle jenta Gerda som må ut i verda for å redde bestevennen Kai. Han er fanga av den vonde Snødronninga, og Gerda må finne slottet hennar. Men i hjartet har Kai ein kald splint frå ein trollspegel. Splinten har gjort han vond, kald og likesæl. Til slutt er det dei varme tårene til Gerda som smelter den kalde trollsplinten, og dei kan reise heim igjen.

I perioden rundt 1940 var Walt Disney sjølv djupt involvert i filmproduksjonen. Sjølv om ikkje alle filmane var kommersielle suksessar, blei fleire element, som i dag er kjenneteikn for Disney-varemerket, introduserte her. Til dømes det å ta utgangspunkt i eit eventyr (Snøkvit) eller ei godt kjent bok (Pinocchio), eller at det er eit dyr i hovudrolla (Bambi). Element som ein openberr skurk, utstrekt bruk av musikk og komiske biroller blei også introduserte i denne perioden.

Kjærleik som redning

Konseptet «ekte kjærleik» blei ikkje funne opp av Disney. Til dømes skreiv Shakespeare om det i Romeo og Julie: «What’s here? A cup closed in my true love’s hand? Poison, I see, hath been his timeless end.» Til og med omgrepet «ekte kjærleikskyss» («true love’s kiss») finn vi hos han, i Richard III.

Ideen om at det er kjærleiken som kan sigre over vondskapen, og som bryt forbanningar og trolldom, blei grunnlagt i Disneys gullalder. Snehvit og de syv dvergene (1937) var den første heilaftans animasjonsfilmen Disney laga, basert på det tyske eventyret av brørne Grimm. Dette er også første gongen ein variant av kjærleiksmotivet blir introdusert. Her er det kjærleikens første kyss som reddar Snøkvit, som har teke ein bit av det forgifta eplet til den vonde stemora. I versjonen til Grimm-brørne vaknar Snøkvit fordi dvergane mistar glaskista i bakken, sånn at eplebiten sprett ut av munnen hennar. Det er sjølvsagt ei søtare avslutning at det er kjærleiken som er redninga, og ikkje den klossete framferda til dvergane.

I tillegg til å vere underhaldning, har dei tradisjonelle eventyra gjerne ein oppsedande funksjon. Barn skal lære om moral og dygder. Ofte ser vi derfor eit utvitydig moralsk kart teikna opp over kven som er gode og kven som er vonde. Det er alltid det gode som sigrar til slutt, og dei vonde blir hardt straffa. I Disneys tidlege eventyrfilmar, er dei gode vakre, glade i dyr og har eit litt naivt syn på verda. Dei vonde er typisk opptekne av utsjånad, makt og rikdom. Skurken er rett og slett veldig skurkete, og får som fortent. Slutten er alltid lykkeleg.

Men i arbeidet med Snødronninga sleit Disney. Korleis skulle dei presentere denne mørke forteljinga for eit moderne publikum? Det blei laga eit synopsis til eventyret som krinsa kring grunntemaet «atterføding gjennom tru». Men ifølge boka The Art of Frozen, var det ein norsk-fødd tilsett i Disney, Karl Berggrav, som gav prosjektet tommelen ned. «Denne historia (…) er veldig uinteressant og glir berre ut i ingenting, eller verre enn ingenting, banalitet. Det er vanskeleg å lage god animasjon ut av det.»

Prosjektet blei lagt på hylla, saman med andre H. C. Andersen-eventyr, som Den lille havfruen. Og der blei dei liggande i over 50 år. USA gjekk inn i andre verdskrigen, og i krigsåra blei Disney involvert i produksjonen av krigspropaganda med antinazistisk bodskap og oppmoding til det amerikanske folket om å støtte krigen.

You'll love me at once, the way you did­ ­once upon a dream.

Saman med dyra i skogen syng Tornerose kjærleikssongen Once Upon a Dream. I songen møter ho prins Phillip som seinare skal redde henne. Foto: Mary Evans/AF Archive/NTB

Ekte kjærleikskyss

Etter krigen blir kjærleiksmotivet vidareutvikla. I filmen Tornerose (1959), basert på eventyret av franskmannen Charles Perrault, blir ideen om at det må vere ekte kjærleik, introdusert. Slik forbanninga frå den vonde fea Maleficent lova, stikk prinsesse Aurora seg på ein tein før den sekstande bursdagen sin. Ho fell i ein søvn som skal vare i 100 år. I versjonen til Perrault vaknar Tornerose rett og slett etter 100 år, og prinsen er der tilfeldigvis. I ein italiensk versjon av det same eventyret er det veldig mykje mørkare. Her blir Talia, som ho heiter, valdteken mens ho søv, føder tvillingar, framleis i søvne, og det er det eine barnet som syg gifta ut av fingeren hennar. Men i Disney sin versjon blir ho altså vekt av eit kyss sprunge ut av ekte kjærleik («true love’s kiss»), frå prins Phillip.

Tornerose fekk blanda mottaking av kritikarane, og det blei heller ikkje ein kommersiell kinosuksess. Det skulle ta 30 år før Disney igjen laga ein heilaftans animasjonsfilm basert på eit eventyr.

Den lille havfrue var basert på eventyret av H.C Andersen. Suksessen gjorde at Disney også plukka opp eventyret Snødronninga igjen. Foto: Walt Disney Pictures/courtesy Everett Collection/NTB

Disneys renessanse

1990-åra blir gjerne omtala som Disney-renessansen, med ei lang rekke store kinosuksessar. Filmar som Den lille havfruen (1989), Skjønnheten og udyret (1991), Aladdin (1992) og Løvenes konge (1994) kom i denne perioden.

Sjølv om musikk hadde vore eit sentralt element heilt frå starten, er det no Disney for alvor tek i bruk musikalformelen. I all hovudsak er det songtekstforfattar Howard Ashamn og komponist Alan Menken som sørger for det. Fleire av filmane frå denne perioden har også blitt store Broadway-musikalar, det gjeld både Den lille havfruen, Skjønnheten og udyret, Aladdin og Løvenes konge.

I slutten av 1990-åra blir også Snødronninga plukka ned frå hylla. Den lille havfruen var den første Disneyfilmen basert på eit eventyr på 30 år, og det var nettopp eit eventyr av H. C. Andersen som var utgangspunktet. Filmen blei ein kjempesuksess da den kom. Havfrua Ariel må få eit ekte kjærleikskyss frå prins Eric for at ho skal halde fram med å vere eit menneske, lyder trolldommen frå sjøheksa Ursula:

«Før solen går ned den tredje dagen, må du få den søte, lille prinsegutten til å bli forelska i deg. Det vil si: Han må kysse deg. Ikke noe vanlig kyss. Et ekte kjærlighetskyss.»

Ariel gir bort stemma si for å få bein. Sjølv om prinsen er nære på å gi den stumme Ariel kysset, rekk han det ikkje før tidsfristen på tre dagar går ut. Det ordnar seg til slutt likevel, etter at Eric drep Ursula, og kong Triton bruker litt av sin eigen magi. Ariel får både bein, prinsen og stemma tilbake. I eventyret til H. C. Andersen går det ikkje like godt med havfrua. Disney, derimot, gir oss ein lykkeleg slutt, men seint i 80-åra er det altså framleis prinsen – i tillegg til pappa – som må redde prinsessa.

I Skjønnheten og udyret er det Belles kjærleikserklæring til udyret som bryt forbanninga og gjer han om til eit menneske igjen. Foto: Moviestore/REX/NTB

Men med Skjønnheten og udyret (1991), basert på eit fransk eventyr av Jeanne-Marie Leprince de Beaumont, skjer det eit skifte. Her er det Belles kjærleikserklæring til udyret som bryt forbanninga og gjer han om til eit menneske igjen. Kysset deira gjer også tenarane (lysestaken, tekanna, klokka) om til menneska dei var før forbanninga. Trolldommen blir broten av kjærleik, og endeleg er det den kvinnelege hovudpersonen som reddar dagen. Kanskje er noko av grunnen at det var den første Disney-spelefilmen som hadde ein kvinneleg manusforfattar, Linda Woolverton. Det blei også den første animerte filmen som vann ein Golden Globe-pris for beste film, og som blei nominert til seks Oscar-prisar.

Inspirert av dei kommersielle og kunstnarlege suksessane i 90-åra forsøkte altså Disney seg på ein ny adaptasjon av Snødronninga, men i 2002 blei prosjektet igjen skrinlagt. Dei fann ikkje ut korleis dei skulle fortelje denne historia, med ein hovudperson som heilt opplagt var ein skurk. Dei sleit også med den episodiske oppbygginga til H. C. Andersen og relasjonen mellom Snødronninga og Gerda.

Tredje forsøk

I 2006 overtok John Lasseter animasjonsavdelinga i Disney, og i 2008 kom det neste forsøket på ein film basert på Snødronninga, etter ein ide frå regissør Chris Buck. Og det var nettopp definisjonen på «ekte kjærleik» Buck ønskte å utfordre. Måtte det involvere å bli kyssa av ein prins? Lasseter var også interessert i Snødronninga, og dei to begynte prosjektet med arbeidstittelen «Anna and the Snow Queen». Men i 2010 stranda prosjektet for tredje gong. Dei klarte ikkje å finne ein måte å få historia og Snødronning-karakteren til å fungere på.

Året før, i 2007, kom selskapet med den humoristiske «live action»-filmen Enchanted. Her får vi ein ny vri på kjærleikstematikken: Ideen om at kjærleikskysset avslørar kven som faktisk elskar kvarandre. I starten av filmen syng Giselle songen «True love’s kiss», skriven av Alan Menken og Stephen Schwartz. Denne er ein referanse og hyllest til dei tidlege Disney-filmane som Snehvit og de syv dvergene og Askepott, der den kvinnelege hovudrolla syng om gleda over å bli elska. «True love’s kiss» er derfor også i operette-stil, og ikkje i musikalstilen som blei vanleg i 1990-åra.

Den vonde stemora kastar Disney-prinsessa Giselle ut av eventyret og inn i den verkelege verdas New York City. Det er mykje humor her om avstanden mellom dei rosenraude Disney-forventingane og den mørke og brutale verda utanfor. Giselle blir forheksa av den vonde stemora og må få eit ekte kjærleikskyss før midnatt for å vakne igjen. Da kjem det fram at det ikkje er Prins Edward som er den ekte kjærleiken hennar, slik ho har trudd, men aleinefaren Robert.

På det fjerde skal det skje

Men så: I desember 2011 annonserer Disney sin nye storfilm med tittelen Frozen. Den skal ha verdspremiere i november 2013, og er laust basert på Snødronninga. Dei har teke fleire grep med eventyret til H. C. Andersen som gjer at dei no endeleg har løyst korleis dei skal fortelje denne historia. Det store gjennombrotet kom da manusforfattar og regissør Jennifer Lee og regissør Chris Buck bestemte seg for å gjere protagonisten i filmen, Anna, basert på karakteren Gerda, til den yngre søstera til Elsa, basert på Snødronninga. Dermed fekk dei ein familiedynamikk mellom dei to hovudrollene.

Eit anna viktig grep var å vekke til live musikalsjangeren frå Disneys renessanseperiode, der historia også blir fortalt gjennom musikken. Den forteljarstilen hadde i liten grad blitt brukt av Disney det siste tiåret. I januar 2012 blei ekteparet Kristen Anderson-Lopez og Robert Lopez med på prosjektet for å skrive songar. Begge hadde erfaring frå musikalverda, ho som tekstforfattar, han som komponist. Lopez var på denne tida i innspurten av arbeidet med musikalen The Book of Mormon på Broadway.

Eit markant gjennombrot for karakteren Elsa kom med songen «Let it go». Før dette hadde dei slite med at ho var for eindimensjonalt «skurkete», men no blei Elsa meir kompleks, sårbar og sympatisk. Ifølge Lopez og Andersen-Lopez såg dei ikkje Elsa som ein skurk, men som ei redd jente som sleit med å kontrollere og akseptere sine eigne evner. Dermed var det ikkje Elsa som var den store skurken i forteljinga. Som ein vri på plottet forstår vi heilt til slutt i filmen at det er Prins Hans som er den verkelege skurken.

Da animasjonsfilmen Frost kom ut i 2013, blei den raskt eit fenomen verda over. Foto: Walt Disney Pictures/courtesy Everett Collection/NTB

Ekte kjærleik

I H.C. Andersens Snødronninga er det tårene til Gerda som smelter trollsplinten i hjartet til Kai. For Frost blei leiemotivet at ei kjærleikshandling kan tine eit frose hjarte. Blod er kanskje ikkje tjukkare enn is, men det er heilt klart varmare. Og her ser vi korleis manusforfattar og regissør Jennifer Lee leikar seg med sine eigne karakterar og med forventingane til publikum, bygd opp gjennom fleire tiår med Disney-filmar.

Anna er i ferd med å døy etter å ha blitt råka av magien til søstera. Trolla fortel at forbanninga berre kan brytast gjennom ei ekte kjærleikshandling («an act of true love»), som til dømes eit ekte kjærleikskyss. Anna dreg til den ho elskar, Prins Hans, berre for å oppdage at han har lurt ho (og publikum) heile tida. Han elskar ho ikkje og er berre ute etter trona. Så må det vere den sympatiske einstøingen Kristoffer, da, som er redninga, tenker både Anna og vi som ser på.

Men igjen gjer Lee ei overraskande vending, som tek kjærleikstanken som Disney sjølv har etablert, og vrir på den. I løpet av filmen har publikum fått vere med på den store utviklinga Anna går gjennom, som ei «comingof age»-historie. Frå å ha eit naivt syn på livet og kjærleiken i starten, får ho mot slutten eit meir modent syn på kjærleiken, der ho er i stand til å gjere det manusforfattar Lee har omtala som den ultimate kjærleiksgesten: å ofre seg sjølv.

For før Anna rekk fram til Kristoffer, ofrar ho sitt eige liv for å redde søstera Elsa. Og dermed forstår både ho og vi som ser på, at det var søskenkjærleiken som var løysinga heile tida. Og når Elsa græt over at Anna er frosen til is, blir søstera tint og vekt til live igjen.

I vår tid treng det ikkje lenger vere ein prins som reddar ei jomfru i naud. Det kan like gjerne vere kjærleiken mellom to søstrer som er løysinga, som bryt forbanninga og tiner eit frose hjarte. Det treng heller ikkje vere så opp i dagen kven som er helt og kven som er skurk. Kanskje var det naudsynt å bruke 75 år for å fortelje historia om Snødronninga på riktig måte.