Bakgrunnsartikkel

Solaris – Eit forsøk på å forstå det uforståelege

Kor mykje av universet er det mogleg for oss å oppdage og forstå? I Stanislaw Lems roman Solaris frå 1961 møter science fiction filosofi.

Skrive av
Julia Wiedlocha
Julia Wiedlocha
Litteraturvitar, skjønlitterær omsetjar. Står bak nyomsetjinga av Stanislaw Lems Solaris som kjem hausten 2020.

Den polske forfattaren Stanisław Lem (1921, Lviv i Ukraina – 2006, Kraków i Polen) blir rekna som ein av dei fremste science fiction-forfattarane på verdsbasis og fleire av verka hans blir haldne for å vere moderne klassikarar på lik linje med H. G. Wells The Time Machine og George Orwells 1984. Lem blei fødd i 1921 i Lviv, i dagens Ukraina. Han overlevde holocaust på falske papir, og flytta til Kraków etter krigen. Han studerte for å bli lege, men i staden blei han forfattar. Lem døydde i 2006, og etterlet seg eit enormt forfattarskap som strekker seg over fleire tiår og rommar romanar, forteljingar, futurologiske skrifter og essayistikk der science fiction møter filosofi, med titlar som Solaris, Kyberiaden, Den futurologiske kongressen og Summa technologiae. Bøkene til Lem har blitt omsett til meir enn 40 språk.

Frå filmen Solaris av Andrej Tarkowskij. Foto: Moviestore/REX / Shutterstock editorial / NTB.

Romanen Solaris blei utgjeven i 1961 (før månelandinga!) og er Lems mest kjende verk.

Boka blei med det same ein klassikar og eit emne for ei rekke artiklar, avhandlingar og filmar, mellom anna dei av Andrej Tarkovskij i 1972 og Steven Soderbergh i 2002. Boka har vore ein inspirasjon for fleire generasjonar forfattarar av filosofisk science fiction, samt forfattarar utanfor sjangeren, til dømes norske Øyvind Rimbereid i Solaris korrigert. På 70-talet introduserte Tor Åge Bringsværd og Jon Bing fire bøker av Lem for norske lesarar i Lanterne science fiction-serien: Solaris, Kyberiaden, Høysnue og novellesamlinga Mulm og mørke.

Er det nokon der ute?

Solaris inngår i den delen av forfattarskapet som tek for seg menneskas søken etter kontakt med utanomjordiske sivilisasjonar. I boka er den utanomjordiske andre Solaris, ein planet i ein fjern kant av universet, med ei overflate som er fullstendig dekt av eit hav som består av ein mystisk, flytande substans. Den underlege aktiviteten til Solaris har gitt jordiske forskarar forhåpningar om intelligent liv på planeten, og i over hundre år har det vore sendt ekspedisjonar dit for å påvise at dette stemmer. Men forskarane har ikkje vore i stand til å gi eit eintydig svar på kva slags livsform Solaris er – om det er ei livsform i det heile – og dei mange forsøka på å oppnå kontakt har vist seg å vere fruktlause.

Gard Skagestad spelar rolla som Ray, minnet av ein avdød kjærast av Kris (Ane Dahl Torp). Foto: Magnus Skrede.

Mystiske besøkande

Handlinga i romanen finn stad i ei ubestemd framtid og er fortalt frå perspektivet til psykologen Kris Kelvin (i teaterversjonen er dette ei kvinne). Romanen opnar med at Kris kjem til Stasjonen, ein forskingsbase på planeten Solaris, og han oppdagar at besetninga oppfører seg merkeleg: Kybernetikaren Snaut (Dr. Snow i teaterversjonen) er drukken og mistenksam mot Kris, medan fysikaren Sartorius har låst seg inne på laboratoriet. Dessutan er Kris sitt overhovud, Gibarian, funnen daud under mystiske omstende. Raskt viser det seg at besetninga har vore vitja av menneskeliknande skapningar, såkalla besøkande, som synest å vere fysiske materialiseringar av skikkelsar frå minna deira. Kris sjølv blir vitja av ein naturtru kopi av den avdøde kona Harey, som han ikkje er klar over at ikkje eigentleg er Harey, men berre ein besøkande (I teaterversjonen er Kris kvinne og Harey ein mann ved namn Ray). Besetninga, med Kelvin i spissen, prøver å forstå opphavet til dei besøkande og antar at dei har utspring i Solaris sjølv. Med tida blir Kris knytt til den nye Harey. I motsetning til Snaut og Sartorius som forsøker å bli kvitt sine besøkande på brutalt vis, prøver Kris redde ho frå annihilatoren som Sartorius byggjer for å øydelegge dei besøkande ein gong for alle.

Dr. Sartorius (Ellen Birgitte Winther) og Dr. Snow (Joachim Rafaelsen) har vore på Solaris lenge. Foto: Maiken Mathisen.

Kva er Solaris?

Undervegs i handlinga kjem Kelvin over ei rekke bøker, rapportar og publikasjonar over forskingshistoria til Solaris. Solaris-litteraturen gir Kelvin og lesaren eit innblikk i dei forskjellige og motstridande hypotesane om kva Solaris er for noko og forsøka på å skildre fenomenet gjennom vitskapelege termar og filosofiske refleksjonar rundt menneska sin plass i universet. Som lesarar kjenner me på ein parallellitet mellom oss og solaristane i romanen: Solaristanes feilte søken etter kontakt med det utanomjordiske speglar vårt eige ønske om å klare å sjå for oss den utanomjordiske andre – ein fullstendig ikkje-menneskeleg skapning. I boka er nemleg skildringane av dei monstrøse formasjonane til Solaris-oseanet vanskelege å ta inn, dei er vanskelege å sjå for seg. Noko av det påfallande med både filmane til Tarkovskij og Soderbergh er at me blir viste så lite av sjølve oseanet og formasjonane. I boka er dei til stades, men dei utfordrar førestellingsevna vår.

Element av Solaris i Dagny Drage Kleivas scenografi liknar størkna lavarestar. Foto: Maiken Mathisen.

Kva er grensene for vår forstand?

Romanen tek opp nokre av ei viktigaste spørsmåla i vår tid: Kvar går grensene for menneskeleg erkjenning? Kor mykje av universet er det mogleg for oss å oppdage og forstå? Kvar går grensene for det menneskelege og i kor stor grad kan ein forstå eit anna menneske? Og kan eit vesen som ser ut som eit menneske, som ter seg som eit menneske, har menneskeleg tankeevne og samkjensle – kanskje attpåtil meir – bli betrakta som ein av oss? Slik inngår romanen også i dagens trans- og posthumanistiske diskusjonar om kva det betyr å vere eit menneske, samstundes som han innbyr til ein refleksjon kring tendensen vår til å betrakte verda med antroposentriske auge.