Bakgrunnsartikkel

Slåttekar og kamphane

- Dette er ei hylling til dei før oss som arbeidde hardt og håpte på eit betre liv, seier skodespelar Jon Bleiklie Devik. No gir han liv til Edvard Hoems oldefar på Hovudscenen.

Skrive av
Åsne H. Dahl Torp
Åsne H. Dahl Torp
Informasjonskonsulent

- Eg vil ikkje snakke om fiolinen, seier han idet vi kjem inn i garderoben på teateret. I dag er Jon Bleiklie Devik ein merittert skodespelar, høgt verdsett både for stemmeprakta og evna til å gå inn i komplekse karakterar både i det vesle og det store formatet. Stødig på scenen. Seriøs. Men ein gong i tida var han eit lysande fiolintalent, og kunne valt ein annan veg. – Eg har pussa opp fiolinen, men han blir liggande. Eg har byrja å spele piano i staden, kan han fortelje. Han ville bevise at det går an å lære seg noko nytt, sjølv om ein har passert 40. Litt sta, kanskje? – Det er litt det same som med tekst. Om du les han mange nok gonger, så sit det, meiner Jon.

Karakteren han skal ikle seg på Hovudscenen i vår, har derimot aldri skifta kurs. Knut Nesje blir ved sin lest, eller sin ljå, som slåttekar og husmann. Livet til den romsdalske husmannen på slutten av 1800-talet består i stor grad av arbeid. Berre i kveldinga set han seg ned for å halde skumringstime. – Edvard Hoems forteljing om sine eigne oldeforeldre er ei hylling til generasjonane som håpte på eit betre liv og arbeidde hardt for å brødfø seg og sine. Det er ei historie om oss alle – vi skal ikkje så mange slektsledd tilbake før dei fleste levde slik som Nesje. Eg trur denne fortida ligg i genane våre, seier Jon og reiser seg for å kunne røre seg rundt i rommet medan han pratar. Han påstår han tenkjer betre da.

Hardt liv

Når Nesje ikkje gjer slåtten på storgarden Gørvellgarden, der han er førsteslåar, eller gjer pliktarbeid på Reknesgarden, arbeider han på sin eigen gard, haustar og sår. Mødesamt pløyer han ny jord, bit for bit. Målet er ein gong å eige garden, og kunne gi han vidare til eitt av barna. Det er eit beinhardt strev som aldri tek slutt. Jon beskriv Nesje som ein slitar. Ein som legg heile si ære i å gjere ting ordentleg. Standhaftig og uthaldande. Men sjølv om han er stolt, vil han ikkje stikke seg fram på nokon som helst måte. Han ofrar bevisst venner for arbeidet. – Samstundes glir han også vekk frå familien sin, kona Serianna og dei fem barna.
Medan Nesje jobbar og jobbar, flytter barna vekk eitt etter eitt. Dei ønskjer ikkje å bli som faren, som sit fast i armod og slit. Dei ønskjer seg noko betre.

I 2018 var Jon Bleiklie Devik også på Hovudscenen i ei av dei store rollene - den gongen som Kong Kreon i Antigone. Ein mann som fekk mykje ansvar på skuldrene sine og tok heilt fatale val for familien og landet sitt. Foto: Erika Hebbert

Vil ikkje vere låst

- Det er eit beinhardt liv. Det hadde klikka for meg om eg hadde levd slik, forsikrar Jon. – Eg hadde kjent meg så låst. Sjølv prioriterer han venner og familie høgt.
Dei som kjenner Jon vil kanskje påstå at det å jobbe hardt, grundig, uthaldande og legge si stoltheit i arbeidet er eit personlegdomstrekk han deler med karakteren basert på Edvard Hoems oldefar. Mange vil også meine at det å vere fast tilsett skodespelar ved eit teater kan vere litt låst. Jon arbeider mykje og iherdig, og har dei seinare åra spelt ei rad store roller, og mykje ansvar har kvilt på skuldrene hans: Familiefaren Dan i musikalen Next to Normal, president Peron i Evita, Lukas i Tenk om, den tvilrådige kong Kreon i Antigone. Og når ein er skodespelar, kan ein ikkje følge sitt eige hjartelag og gjere kva ein vil. Da må ein på jobb, kveld etter kveld.
- Kanskje folk tenkjer på meg som hardtarbeidande og nøysam, men eg ser ikkje på det som eit slit sidan eg finn så mykje glede i arbeidet, seier Jon.

Heidi Gjermundsen Broch har ofte stått på scenen i lag med Jon. Her er frå musikalen Next to Normal, som blei ein braksuksess. Her spelte Jon og Heidi mann og kone. Det skal dei også i Slåttekar i himmelen - der Heidi skal vere Serianna. Foto: Fredrik Arff.

Dei som for og dei som blei

Det var dei som braut opp og reiste vekk også i Noreg på 1800-talet. Dei lånte pengar, selde garden og satsa alt. Frå 1825 til 1920 utvandra om lag 800 000 nordmenn til Amerika, også frå Moldetraktene, slik som Nesjes svigerinne og nest eldste son vel å gjere. – Eg håpar at eg hadde reist, dersom eg hadde levd på den tida under slike forhold, påstår skodespelaren. Sjølv forlet han Bergen og familien i Fana i 2007 da han flytta til Oslo. – Eg har ikkje angra på at eg drog hit, det gir meg mange fleire moglegheiter og eg har ein super arbeidsplass. Men eg tenkjer på heimstaden min kvar einaste dag. Eg skulle ha vore meir med familien og søskena mine, seier Jon.
På skapdørene på garderobeplassen hans heng bilde av heile familien. Faren, broren, søstera og han sjølv som liten, og som ung mann i fanabunad.

Som den rebelske Lukas i musikalen Tenk om - ei framsyning som også tok for seg korleis livet blir til av dei vala vi tek og ikkje tek. Foto: Gisle Bjørneby

Gardsarbeid og musikk

Han besøker gjerne søstera, som bur på ein gard på Voss, når han kan. Der gir byguten seg i kast med gardsarbeid og oppussing, enkle, men fysisk krevjande syslar han elskar å drive med. – Vi er jo eigentleg skapte for å vere mykje meir aktive og jobbe heile dagen, derfor har eg forsøkt å finne ein meir organisk levemåte, seier skodespelaren. Titt og ofte dreg han ut på lange løpeturar i skogen. – Det hjelper meg å avreagere og halde hovudet klart.

Når Jon og veslebroren Lars møtest, er det gjerne felles referansar rundt musikk som får samtalen på glid. Lars arbeider med musikk og lagar mellom anna låtar for Ylvis, og hadde det musikalske ansvaret for The Book of Mormon. – Vi høyrer mykje på musikk i lag, og det følger ingen trendar, ingen god eller dårleg smak. Vi likar a-ha og pompøs, symfonisk pop. Han likar puddelrock. Vi kan for eksempel gle oss over ting som… Det der var ein morosam akkord!
Jon viftar med peikefingeren i lufta. – Det er jo også masse musikk i teater. Ei framsyning er ein komposisjon, meiner Jon.

Skogen er ein av Jons fristader der han kan slappe av og la tankane flyte fritt. Foto: Eirik Malmo.

Barndom i Molde

Knut Nesje kan ikkje forstå kvifor folk vel å dra vekk frå Romsdalen. For han er dette den vakraste plassen på jord. – Eg har sjølv eit sterkt forhold til Moldetraktene etter mange somrar hos slekt i Molde i barndomen. Farfaren min kom frå Hustadvika og oldefaren min levde der som fiskarbonde. Eg kjenner tonen i stoffet, eg veit korleis det ser ut. Utsikta er jo fantastisk, og frå plassen til Nesje i Rekneslia er det eit vanvitig panorama over fjord og fjell, så eg kan godt forstå at han likte seg der, seier Jon. I arbeidet med å skape seg om til rollekarakteren vil han bruke kjennskapen sin til området og folkeferda og ta på seg romsdalsk «klangbotn» i språket, som det heiter. Nesje har eit rikt indre liv, men manglar eit språk for det han føler. Han filosoferer ofte når han står ute under stjernehimmelen. Prøver å finne ei meining med det heile, at strevet skal løne seg. – Men det er litt sånn… (Djupt sukk) Jaja. Livets gang, seier Jon og flirer.

Teatervekkinga

Som 18-åring i 1992 var unge Jon Bleiklie Devik på teater i Bergen. Han såg ei oppsetjing av ei anna slektskrønike, nemleg Amalie Skrams Hellemyrsfolket. Regissøren var Bentein Baardson, som også skal sette Slåttekar i himmelen i scene. Det var ei åtte timar lang framsyning som fann stad i dei rå industrilokala til BIT Teatergarasjen. Der og da blei teaterinteressa vekt. – Det var ei enorm oppleving. Eg tenkte: Dette vil eg vere med på, det her vil eg bli ein del av!
Som skodespelar er det framleis historiene som opptek Jon. - Eg ønsker å påverke andre menneske gjennom forteljingar og våge å tenkje stort. For å komme dit, må du jobbe hardt, meiner han. Han rettar merksemda mot eit bilde på veggen i garderoben. Det førestiller ein hane. – Det er ein kamphane, fortel Jon. – Eg fekk det av far min ein gong. Eg er kanskje ein kamphane?

Dei store eposa og det store formatet på Hovudscenen likar han godt, som Robert Wilsons Peer Gynt og Edda, Antigone, Jon Fosses Trilogien. No gler han seg til å samarbeide med Bentein Baardson, regissøren som vekte teaterinteressa. – Det som gir meg aller mest som skodespelar er å følge intuisjonen og løyse problem gjennom forsking. Å få det subtile tydeleg. Det er spennande – og enormt frustrerande!

Jon som Hyme og Tiril Heide-Steen som Gygra i Robert Wilsons versjon av Edda. Foto: Lesley Leslie-Spinks

Livsverket

For Nesje blir ikkje livet slik han hadde tenkt. Ingen av barna vil ta over garden han har slite så hardt for. Den eine sonen blir sett bort til tanta og onkelen, som ikkje har barn og treng ein odelsgut. Det er denne sonen som er forfattar Edvard Hoems bestefar. Dei andre sønene flyttar. Livsverket hans blir forgjeves. Sjølv er Jon Slåttekar nøgd med livsverket så langt. – Eg har alt opplevd så mykje som eg aldri hadde trudd eg skulle få oppleve, så… Han tek ein ettertenksam pause. – Ja. Eg er fornøgd. Men ikkje ferdig!


Intervjuet er skrive før premieren • Toppfoto: Eirik Malmo