Det skal handle om skogsarbeid, og om den tida da det arbeidet gjekk ut på å hogge tømmer med øks og sag – og muskelkraft. Det gjaldt både menn og hestar som drog tømmeret ut av skogen.
I dag er det få sysselsette i norsk skogbruk, berre 4-5000, og av dei sit fleirtalet enten på kontor eller i førarhuset på ei maskin. For 70 år sidan, i 1950, var 36000 registrerte som skogsarbeidarar i Noreg, og dei arbeidde manuelt. Så kom store maskiner til skogen, og gjorde tusenvis av menn overflødige. I 1970 var det berre 9000 som arbeidde i skogen.
Vi tenker skogsarbeidet som gamalt, og gamaldags. Men tømmerhoggarane hadde sin vekst og stordomstid samtidig med industrien, og dei vart ein del av industrisamfunnet. Det gjorde dei også til ein viktig del av arbeidarklassen. Etter å ha starta som fagforbund i 1927, vart «Skog og land» på slutten av 1930-åra eit av dei største forbunda i LO.
Sjølv om ein god del tømmer frå norske skogar alt frå 16-1700-talet vart eksportert som plank til bygging av hus, var det med den nye treforedlingsindustrien som voks fram frå 1870-åra og laga papir av tømmeret, at skogbruket vart verkeleg stort i nasjonaløkonomien. Frå da vart tømmer frå skogen råstoff for ei av dei viktigaste eksportnæringane våre – og slik var det til oljen tok over som rikdomskjelde frå 1960-åra.
Menn og maskuline
Vi må ikkje gløyme at lenge før alt dette, frå urgammal tid, var det å skaffe trevirke og andre ressursar frå skogen, noko som mange brukte mykje tid på i alle lokalsamfunn med skog. Trea gav materialar til hus, båtar, reiskapar og brensel til oppvarming.
Arbeidet med veden var noko også kvinner tok del i. Dei brukte øks, musklar og arbeidsteknikkar som vi er vande med å tru har høyrt menn til, men det er fordi vi forbind det med mannleg tømmerhogst. I eldre tider handla arbeid i skogen også om å gjete krøtter og sanke bær – og mykje anna. Da var skogen ein plass der både barn og kvinner var arbeidsaktive. Med det moderne industriskogbruket vart skogsarbeid definert som tømmerhogst, og som mannsarbeid.
Fram til det kom handsager på 1800-talet, var øksa den viktigaste arbeidsreiskapen i skogen. Trea vart felt med øks, ved at ein hogg seg innover i stammen ved foten av treet, til det fall. Så vart det kvista, og barka, det også med øks, før det frå 1890-åra kom eigne barkespadar for å flekke barken av tømmeret. Omkring 1950 kom motorsagene, dei første så store og tunge at dei måtte berast og brukast av to mann, seinare vart dei lettare. Gjennom heile denne tida var tømmerhogging såpass fysisk og muskelbyggande at skogsarbeidet også avla fram nokre av dei beste langrennsløparane våre (Harald Grønningen, Ole Ellefsæter m.fl.)
Tømmeret vart heilt til 1960-åra køyrt ut av skogane med hest, fram til ei elv, der det vart fløytt nedover til fabrikkane. Da var bruk, og stell av hest også ein viktig del av arbeidskunnskapen for mange skogskarar.
I tillegg kunne dei fleste skogsarbeidarane fleire andre typar arbeid, for i skogen var dei gjerne berre i vintersesongen. Elles i året var dei kanskje med og bygde veg eller hus, eller dei arbeidde på eit sagbruk, eller med jorda på eige småbruk.
Skogsarbeid var ikkje eit fag (før seinare, i dag har skogsoperatørar med maskiner sitt eige fag). Men det kravde eit stort arsenal av kunnskap og ferdigheiter. Skogsarbeidarar var mangesyslarar. Dei kunne så mangt, å bruke øks og sag, å kvesse øksa og file saga, og til dømes å forme eit nytt økseskaft av bjørk med tollekniven. I tillegg var mange av dei litt smed, og kunne smi reiskapar av jarn, og hestesko. Da har vi ikkje nemnt alt det dei elles kunne om skogen, trevirket, naturen, landskapet, vêret, snøen og årstidene.
Ikkje status, men arbeidsære
Skogsarbeidarar hadde ikkje høg status eller posisjon i bygdene sine, men arbeidet deira var forbunde med ære og respekt. Og den arbeidsæra vart ekstra tydeleg når dette virket kom i fare for å forsvinne. Da reagerte dei gamle på korleis snauhogsten – å ta ut all skog i eit område med maskiner, for å plante nytt i heile feltet – øydela naturen og landskapet. Da mintest dei korleis det i deira tid hadde vore skammeleg å behandle skogen stygt.
Det skogsarbeidarar stod for som arbeidskarar, gjorde dei også til ekte mannfolk, med sin eigen maskulinitet. I den gjaldt det å vere sterk og uthaldande, men like mykje smart, forsiktig og ansvarleg. Ein tømmerhoggar var gjerne ikkje berre mann i skogen, men forsørgjar av familie og barn heime, som kunne bli ramma hardt om han sleit seg ut, eller skadde seg, under hogsten eller fløytinga. I arbeidet var det viktigaste ikkje å ha rå styrke, men god teknikk, stelle reiskapen, ikkje slite unødig, og ikkje vere dumdristig, så ein øydela seg.
Før det frå 1960-åra vart bygd bilvegar ut i skogane (for å hente tømmeret med lastebil), og arbeidarane lettare kunne komme seg heim kvar kveld, var det vanleg å overnatte i skogen under hogstsesongen, på kaldaste vinteren. Enno på 1800-talet kunne dei bu i jordkoier eller barhytter. Så kom det ut over 1900-talet tømmerkoier, men dei òg med svært enkle fasilitetar. Kleda var det lenge vanleg å tørke på kroppen, med varmen frå eldstaden. Nokre sov med skoa på, tannpuss og barbering var ikkje vanleg, heller ikkje klesvask – før det ein kort periode før koielivet tok slutt, vart vanleg å tilsette ei kvinneleg kokke for å ta seg av matlaging og husstell i koia.
Borte, men ikkje gløymt
Framleis blir noko tømmer hogge med motorsag og køyrt fram med traktor (og her og der ein sjeldan hest), til dømes i små gardsskogar. I løpet av nokre tiår er likevel det meste av det gamle skogslivet borte.
Noko som er att av det, og som gjer at mange framleis bruker ein del tid i skogen med øks og sag, er vedhogsten – som Lars Mytting skriv om i Hel ved. Vedaskogen er på ein måte ein siste rest av ein gamal arbeidstradisjon. Og så lenge mange høgg ved, vil det kunne minne oss om eit kroppsarbeidsliv i skogen, som tusenvis ein gong dreiv på med.
Når noko forsvinn, veks minna. Det fortidige skogsarbeidet betyr mykje i kulturen vår, og vil neppe slutte å gjere det. Tenk på kor mange pizzarestaurantar som har pynta veggane sine med kaffikjelar, ryggsekkar og arbeidsutstyr frå skogen. Og for nokre år sidan handla ein klesmote for unge menn om å ta seg bra ut med breie bukseselar, rutete flanellskjorter (også kalla tømmerhoggarskjorter), boots og stort skjegg. Slik kunne dei sitte på ein kafé i byen, med datamaskina og ein kaffe latte på bordet, og kjenne seg i alle fall bitte litt i slekt med skogens menn.
Om kroppsarbeidarane er vorte meir og meir overflødige i skogen, er dei minst like viktige i dag som leverandørar av råstoff til forteljingane våre om kva vi kjem frå og kva ideal vi har – som mannfolk, naturfolk, arbeidsfolk og ja, skikkeleg folk.
Hovudfoto i artikkelen: Skogsarbeidar Ingar Auråen frå Tyristrand i Buskerud med ei Jo-Bu Tiger motorsag, barkespade, øks og klave, år 1962. Foto: Sverre Rødsten-Knudsen/Anno Norsk skogmuseum
Forfattarportrett: Siri Buran Kaldal