Bakgrunnsartikkel

Skodespelaranes beste 
Arne Næss-sitat

Det er ingen tvil om at framsyninga Arne Næss og fjellets løyndom inneheld ein drøss av livsvisdom og gode sitat. Vi spurde skodespelarane som er med om dei hadde lyst til å dele sine favorittar med oss. Les - og bli klok!

Ellen Birgitte Winther

"Det er kanskje meir sannsynleg at Gud finst, enn at Julenissen finst, men det er meir sannsynleg at det finst Yeti, enn det er at det finst Gud. Alt er mogleg. Og det at ikkje ein gong naturlovene er garanterte, gjer livet spennande."

Hilde Olausson

"Reduksjon i forbruk, er i seg sjølv ein gevinst."

Frode Winther

""Idealistane er opprørte fordi eg har skrive om filosofiens historie, og fordi eg gir rom for ikkje-vestleg filosofi. For de er det berre den kristne, vestlege arven som inneheld verdifull tenking."

Øyvin Berven

"Spørsmålet nu er om vi kan endre på vår oppfatning av hva som er nødvendig å ha, i den forstand at vi kan redde naturen."

Andreas Koschinski Kvisgaard:

"Vi må verne om den barnlege nysgjerrigheita vår. Da kan vi halde på gløden. Når vi har glød, så blir livet spennande og vakkert, og da blir det lettare å kjenne empati med alt som lever. Derfor må vi strekke oss etter glede, ikkje moral, og empati, i staden for plikt."