Bakgrunnsartikkel

Skal avsløre fordommane våre

Melanie Mederlind er ein av Skandinavias meir ettertrakta regissørar. Endeleg er ho på veg til Det Norske Teatret for å opne Hovudscenen i Kjersti Horns første sesong.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef
Det er berre første song som får deg til å raudne.

Russisk ordspråk

Med bakgrunn som dansar, skodespelar og dramaturg og med studiar i regi frå Dramatiska Instituttet og filmvitskap har Mederlind ein allsidig inngang til arbeida sine. Alle elementa har betydning og fortell noko, samstundes som det visuelle uttrykket er heilt sentralt i scenerommet. Vi stilte Mederlind nokre spørsmål om det kommande arbeidet.

- Kvifor vil du sette opp dette stykket og kva er det ved Lady Macbeth som finn gjenklang i eit moderne publikum?

- Eg interesserer meg for karakterar som kjempar for si eiga overleving, med kostnaden det fører med seg, når offeret blir forbrytar, når personen mistar sympatien vår. Det vi ser i Lady Macbeth er utviklinga av ein karakter, frå Shakespeare, via Leskov, og til slutt gjennom ein samtidsdramatikar, Alice Birch. Det er ei historie om maktstrukturar og hierarki. Shakespeare har kjønnsproblematikken, Leskov legg til klassespørsmålet og Birch plussar på rase, så vi ser eit samfunn med ein maktstruktur som bygger på kjønn, klasse og rase, men desse kategoriane har ikkje ei fast og gitt plassering i hierarkiet. Det tvingar oss heile tida til å revurdere perspektivet vår, og på same tid blir fordommane våre avslørt.

- Shakespeare har kjønnsproblematikken, Leskov legg til klassespørsmålet og Birch plussar på rase.

- Korleis vil du beskrive stilen din?

- Det kunstnarlege fundamentet mitt er i dansen og musikken, musikaliteten og den visuelle historieforteljinga er viktig for meg. Eg er også følsam for språk, og eg trur møtet med det nynorske språket blir veldig inspirerande for meg. Eg er både minimalistisk og satirisk i uttrykket mitt, eg trur at teater kan kombinere ein intellektuell kompleksitet med å appellere til publikum.

- Kva kan publikum forvente seg?

- Eg noterte meg eit sitat frå Macbeth av Shakespeare: ”Macbeth skal aldri sjå sin overmann, før skogane går i marsj imot han." Det høyrest jo umogleg ut, inntil det skjer. Katerina blir så hardt pressa at ho til slutt gjer det utenkelege. Eg ville følge Leskov lenger i forteljinga hans, enn det filmen gjer. Det fjerde mordet i romanen vart viktig for meg, ettersom det er irrasjonelt, det har ikkje noko formål, det blir også potensielt hennar undergang, og det gjer karakteren moderne. Vi forstår ho ikkje lengre, og det interesserer meg, korleis ho blir forandra framfor auga på oss, og kvar gong vi trur at vi veit kven ho er, overraskar ho oss igjen. Eg elskar denne karakteren, men det betyr ikkje at eg alltid vil forsvare ho. Eg elskar kampen hennar for å overleve, lengsla hennar, ambisjonane og vondskapen, og kanskje også den uunngåelege undergangen hennar.

- Katerina blir så hardt pressa at ho til slutt gjer det utenkelege.

Julie Moe Sandø speler rolla som Katerina. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

- Kvifor ønsker du å jobbe med Julie Moe Sandø i tittelrolla?

- Lady Macbeth treng ein ursterk skodespelar som kan bere framsyninga. Julie og eg arbeidde i lag på Folkteatern i Gøteborg, då ho gjekk på teaterhøgskolen der. Eg har stor beundring og respekt for den kunstnarlege integriteten og profesjonaliteten hennar. Dessutan forstår ho humoren min, så det var eit gjensidig ønske frå oss, at vi ville fordjupe samarbeidet vårt.

- Kva kan teateret bety i ei tid som vår?

- Eg trur alle former for kunst blir inspirert av kvarandre og trengst, vi er sosiale vesen, og forteljingar er ein viktig del av menneskas læring og utvikling.

Toppfoto: Thomas Brun/Morgenbladet
Artikkelen er publisert 5. november 2024.