Bakgrunnsartikkel

Siemens-bygget

Det tidlegare hovudkontoret til Siemens i Groruddalen er sett på Byantikvaren si gule liste over verneverdige bygningar, men har stått tomt i mange år.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Rødborgen eller Høyblokka på Linderud, som bygget gjerne er blitt kalla, er eit karakteristisk og velkjent landemerke i Groruddalen. Verneverdien ligg i dei arkitektoniske kvalitetane, i tillegg til industrihistoria som bygget representerer. Bygget blei oppført i 60-åra og er teikna av arkitekt Odd Nansen.

Siemens-bygget skal etter planen bli rehabilitert og er del av ei utvikling av Nedre Linderud som nærings- og bustadområde. Det er Stor-Oslo Eiendom som er i gang med arbeidet for å transformere området. Ambisjonen for prosjektet, som har fått namnet Linderudløkka, er å skape ein smart og levande bydel, med bustader og næringslokale, som blir bundne saman av eit urbant byrom. Fram til utbygginga av ny og eksisterande bygningsmasse står ferdig i 2024 ønsker Stor-Oslo Eiendom å skape både liv og dynamikk i området. I samarbeid med Bydel Bjerke har dei derfor etablert eit midlertidig nærmiljøprogram der målet er å skape ein urban landsby for innovasjon, samhandling og samskaping i dei eksisterande lokala. Ambisjonen er å involvere nærmiljøet tett i utviklinga av området. Det Norske Teatret si satsing i Groruddalen er blant dei som har fått høve til å nytte området til kunstnarlege føremål. Tanken med å bruke sjølve bygget som utgangspunkt for teaterframsyninga spring ut av nettopp ønsket om sterk brukarmedverknad. Ein ønsker å komme i dialog med alle som kjenner seg heime i bydelen, anten dei bur, jobbar eller går på skole på Linderud.

Sosiale fellesskap

Totalt består eigedomen av ei tomt på 76 mål og ein bygningsmasse på totalt 47 000 kvadratmeter, fordelt på seks bygg. I eitt av bygga, den såkalla Startblokka, er arbeidet i gang med å gjere området tilgjengeleg for bydelens innbyggarar og verksemder.

Etter modell av liknande prosjekt andre stader i Oslo er tanken at Startblokka skal fungere som ein arena for å skape løysingar på utfordringar knytt til sosial og miljømessig berekraft. Prosjektet skal i all hovudsak fremje verdiskaping innan teknologi og sirkulærøkonomi og kunne fungere som sosiale fellesskap og møteplassar. Namnet Startblokka er valt fordi her skal folk kunne sette i gang og starte kva som helst. No er huset fylt av lokale entreprenørar, kunstnarar, forfattarar, frivillige organisasjonar og bydelsfunksjonar, i tillegg til ein bydelskafe.

Rett sør for det tidlegare næringsområdet har Siemens bygt nytt hovudkontor. I 2011 starta arbeidet med det som skulle bli Noregs «grønnaste» næringsbygg. To år seinare stod det som den gongen blei karakterisert som eit pionerprosjekt ferdig.

- Siemens utviklar høgteknologiske, miljøvennlege løysingar for industrien. Derfor er det heilt avgjerande for oss at bygget vi sjølv sit i tar i bruk grøn energi. Dette vil bli eit showcase for Siemens internasjonalt og det er eg veldig stolt over, uttalte toppsjefen i Simens, Per Otto Dyb ved innflyttinga i 2013.

At området på Nedre Linderud skal nyttast i eit prosjekt der berekraft er ein av dei sentrale ambisjonane er neppe tilfeldig. Ein ambisjon som også blir spegla i framsyninga Shiemens som vil legge vekt på gjenbruk og miljøspørsmål.

Les meir om Startblokka