«Crazy times i Siemens-blokka»

«Shiemens har en dramaturgisk original og konseptuell inngang til historiefortelling.»

Det gamle karakteristiske Siemens-bygget langs gamle Østre Aker vei huser eit av vårens meir spennande teaterprosjekt.

I det 11 000 kvm store og forlatne kontorlandskapet har regissør Claire de Wangen saman med åtte skodespelarar arbeidd fram ei framsyning i dialog med sjølve bygget. Det tidlegare norske hovudkvarteret til eit av verdas fremste teknologiselskap er brukt som utgangspunkt for manuset. No er bygget tomt, og i fellesskap har dei dikta fram forteljingar om kva bygget rommar no. Det vi veit er at bygget for lengst er fråflytta og i ferd med å forsvinne i gløymselen og forfallet. Men det finst nokre som ikkje blei med på flyttelasset og som framleis held på åleine inne i huset. Det stengde huset ser umogleg ut å besøke, men publikum finn ein veg inn. Og når dei har klart det, får dei bli med på ei ferd gjennom tallause etasjar og endelause kontorlandskap. Ferda byr dessutan på særeigne møte med eit knippe kontoristar som har blitt verande igjen og som tida i høg grad har sprunge frå.

Tittelen Shiemens spelar på plasseringa av det gamle Siemens-hovudkvarteret ved porten til Groruddalen. I 2013 flytta nemleg verksemda inn i eit flunkande nytt og moderne bygg berre eit steinkast unna. Frå vindauga sine kan dei kikke over på den forlatne høgblokka som har stått tom i snart 10 år. deWangen-produksjoner arbeider ofte stadspesifikt i prosjekta sine. Spelestaden eller scenen blir ein del av framsyninga. Framsyninga Shiemens tar utgangspunkt i opplevinga av det fråflytta og lar sjølve bygget spele hovudrolla i framsyninga.

Framsyninga er blitt til i eit samarbeid mellom deWangen produksjoner og alle medverkande.


Tilrådd aldersgrense 15 år.

Finn ut meir