Bakgrunnsartikkel

Sårbart, brutalt og vakkert

Alle verkemidla i teateret er med på å formidle, understreke og løfte musikken og tekstane til Mimmi Tamba når koreograf og regissør Belinda Braza tek albumet Semper Eadem inn i scenerommet.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent

– Det er noko i det musikalske materialet og universet Mimmi har skapt, som resonnerer sterkt i meg. Ho set ord på det komplekse og skjøre i oss menneske, seier Belinda Braza, som for første gong står ansvarleg for både koreografi og regi på Hovudscenen til Det Norske Teatret. For å bore seg inn i universet til Tamba, har ho lytta intenst til musikken hennar og samla på bilde som kom opp i hovudet undervegs i prosessen. Braza har også snakka i uteljelege timar med Tamba, og på den måten forsøkt å komme enda djupare under huda og inn i hjartet hennar. I tillegg har regissøren forska ein heil del på Elizabeth I, og blitt djupt fascinert. Målet var å finne eit visuelt uttrykk og ei altomfattande form som kan tilføre meining og utfylle musikken og orda.

– Mimmi veit kva ho vil seie, og da er det mi oppgåve å kople meg på dette, men også å utfordre henne.

Frå Highasakites konsert i Oslo Spektrum, 2019. Foto: Jørgen Nordby.

Erfaren i dei store formata

For Braza var street- og hiphopsjangeren inngangen til teateret, og ho har alltid vore oppteken av den kollektive formidlingsforma som eksisterer der. Ho er på ingen måte ukjent med verken dei store formata eller konsertverda. Det er heller ei form for heimebane. Det siste oppdraget ho gjorde før ho kasta seg heilt inn i arbeidet med Semper Eadem, var å vere kunstnarleg leiar, regissør og koreograf for konsertturneen til bandet Highasakite. Debuten som teaterkoreograf gjekk føre seg på Hovudscenen, og ho trivst i dette universet som tek i bruk alle fagområda til teateret for å formidle kjernen i prosjektet.
– Eit bilde kan seie meir enn tusen ord, seier Braza.
– Og her forsøker vi å gi rom for akkurat det.

Spirituelt møte

I Semper Eadem står Mimmi Tamba som «eg»-karakteren og Heidi Gjermundsen Broch som Elizabeth I i sentrum. Alt dreier seg om temaet identitetskamp, der eg-karakteren finn sin eigen veg gjennom eit spirituelt møte med Elizabeth I, den engelske dronninga frå 1600-talet. Tidvis i kostymedesignar Unni Walstads kvite, store kjolar inspirerte av renessansen, tidvis sårbart avkledde, framstår dei to karakterane som ein kontrast mot det svarte rommet. Dei framfører alle songane, men jobbar også fysisk og koreografert i framsyninga. Det er i samspelet dei imellom at det teatrale kjem mest til uttrykk.

Heidi Gjermundsen Broch som Elizabeth I og Mimmi Tamba som "eg"-karakteren i Semper Eadem. Foto: Erik Berg.

– Vi har tatt utgangspunkt i levd liv og erfaring, der scenane kan utspele seg via eit fysisk, musikalsk eller visuelt språk, forklarar Belinda Braza.
Metoden til Braza er å jobbe med delaktige og medskapande skodespelarar, der dei nokre gonger formar rørslene gjennom intensjon (altså det karakteren etter manus «skal» eller «vil») og andre gonger gjennom impuls. Alt må ikkje nødvendigvis tenkjast før det kan gjerast.
– Av og til kjem det beste fram når ein slepper hovudet fri, og rett og slett berre «agerer», meiner Braza.

– Det blir kravd av kvar og ein at dei bidreg med sitt unike rørslesmønster og erfaring for at ideen skal fungere.

Fem dansarar er med på scenen og skapar driv i framsyninga.
Fem dansarar er med på scenen og skapar driv i framsyninga.
Også teknikarane på scenen er synlege og bidreg til konsertframsyninga.
Også teknikarane på scenen er synlege og bidreg til konsertframsyninga.
Heidi Gjermundsen Broch og Mimmi Tamba hentar inspirasjon frå levd liv og erfaring.
Heidi Gjermundsen Broch og Mimmi Tamba hentar inspirasjon frå levd liv og erfaring.

Kollektivt arbeid

Rundt dei to hovudkarakterane står eit lag av fem dansarar. Kostyma deira kan minne om ein slags bondage-aktige rustningar med klovnekragar, og dei tilfører både råskap, driv og noko skjørt gjennom rørslene sine. Braza beskriv dei som hamløyparar, som fungerer som både forlengd arm, hoff og hær til Elizabeth I. Men ho ser dei også som fortapte sjeler, menneske på leit, som blir sittande fast.
– Litt sånn som oss, eller kva? spør ho retorisk.

Braza tenkjer i bilde når ho skapar. Både dei som er ein del av det kunstarlege teamet, og utøvarane på golvet har ein eigenart som fascinerer og inspirerer til desse bilda.
Kvart kreative innspel, anten det handlar om rørsle, lys, kostyme eller scenografi, blir prøvd ut i tett samspel med dei som er del av produksjonen.
– Når det kjem til dans, for eksempel, kan ein ide eg har, bli testa ut og jobba med i samarbeid dansarane. Kvar av dei må bidra med sitt unike rørslemønster og si erfaring for at ideen skal fungere, forklarar teaterkoreografen.

– Vi har hatt som mål å skape assosiative rom, der alle verkemidla i teateret går saman i ei høgare eining.

– Mimmi har gjennom sin transformasjon og identitetskamp laga eit materiale som er meint å femne andre og ta dei med på ei mental reise, meiner Belinda Braza.
Ho ønskjer at opplevinga skal gi publikum ei kjensle av håp, at dei skal tillate seg sjølve å sleppe tankane fri og berre vere til stades:
– Teater kan ha den krafta, og eg håpar at denne framsyninga skapar eit refleksjonsrom som både forundrar, utfordrar og begeistrar.

Artikkelen er sist oppdatert 12. januar 2023.
Toppfoto: Erika Hebbert.