Bakgrunnsartikkel

Samuel Beckett

Nobelprisvinnaren Samuel Beckett (1906–1989) er ein av dei fremste dramatikarane i det 20. hundreåret.

Mens vi ventar på Godot, som kom i 1952, blir rekna som gjennombrotet for det absurde teateret og gav også Beckett eit internasjonalt gjennombrot.

Skildringa av det moderne mennesket, håpløysa i livet og meiningsløysa i tilværet er typiske kjenneteikn ved dramatikken til Beckett. Karakterane, som fyller dagane med formålslause og repeterande handlingar og venting, blir skildra med humor og eit skarpt blikk for det djupt menneskelege.

Sjølv skal Beckett ha omtala einaktaren Sluttspel som den mest kompakte presentasjonen av hans syn på den menneskelege eksistensen.