Bakgrunnsartikkel

Rollegalleriet i Tryllefløyta

Det er mange karakterar å halde styr på i Tryllefløyta. Her er ein kjapp guide frå dramaturg Siri Løkholm Ramberg for den som treng eit oversyn!

Vetle Bergan speler rolla som Tamino. Foto: Erik Berg

Tamino

En ung mann som sovnar i teateret. I draumen sin blir han ein ung prins som får i oppdrag frå Nattas dronning å finne dottera hennar, Pamina. Han blir djupt forelska i Pamina ved første augnekast, er modig og har ei grunnleggjande tru på kjærleiken.

Papageno

Ein relativt ung mann, ein lystløgnar med fuglar, mat og vin som primære interessar. Han drøymer om jenter og om å få seg ein kjærast, og blir meir eller mindre frivillig Taminos følgjesvenn i søken etter Pamina.

Joachim Rafaelsen speler rolla som Papageno. Foto: Erik Berg

Ina Svenningdal speler rolla som Pamina. Foto: Erik Berg

Pamina

Dottera til Nattas dronning og Fyrsten Sarastro. Djupt forelska i Tamino. Ho er ærleg og modig og har grunnleggjande tru på kjærleiken. Må navigere mellom foreldre som kranglar, ein innpåsliten beilar og kommunikasjonsutfordringar i kjærleikslivet.

Nattas dronning

Nattas herskerinne, djupt ulykkeleg over at dottera Pamina er borte. Ho legg ein plan for å få tilbake kontrollen, samstundes som ho vil øydeleggje Sarastro sitt imperium. Elskar og hatar – og fryktar – Sarastro.

Charlotte Frogner speler rolla som Nattas dronning. Foto: Erik Berg

Pål Christian Eggen speler rolla som Sarastro. Foto: Erik Berg

Sarastro

Øvste speidarleiar og herskar i solas tempel. Elskar og hatar – og fryktar - Nattas dronning. Han har tatt dottera Pamina frå mora, fordi han meiner ho treng ein anna type rettleiing i livet.

1. og 2. prest

Speidarleiarar som jobbar for Sarastro. Trufaste mot reglane i speidarrørsla og ansvarlege for å gjennomføre prøvane Sarastro pålegg Tamino og Papageno.

Lasse Kolsrud og Geri Kvarme speler rolla som 1. og 2. prest. Foto: Erik Berg

Julie Støp Husby, Tiril Heide-Steen og Ingrid Jørgensen Dragland speler dei tre damene. Foto: Erik Berg

Dei tre damene

Publikumsvertar på Det Norske Teatret gjennom mange år. Jobbar for Nattas dronning og har ein finger med i det meste. Dei gir Tamino og Papageno ei magisk fløyte og eit klokkespel som skal hjelpe dei på ferda mot Sarastro sitt tempel.

Dei tre gutane

Tre overmenneskelege vesen som viser Tamino og Papageno vegen til Pamina. Dei gir òg gode råd i livet.

Jakob, Ludvig, Antonio, Liam, August og Olav deler på å spele dei tre gutane. Foto: Erik Berg

Bartek Kaminski speler rolla som Monostratos. Foto: Erik Berg

Monostatos

Ung mann som ikkje finn sin plass i fellesskapet og slit med å få merksemd frå damene. Bortfører Pamina. Ulykkeleg, aggressiv og lettskremt.

Papagena

Engasjert publikummar på Det Norske Teatret som blir sjarmert av Papageno.

Ragne Grande speler rolla som Papagena. Foto: Erik Berg