Bakgrunnsartikkel

Rokokko-inspirasjon

Rokokko-perioden var ei tid for - ja, nettopp - glede. Det fall seg difor naturleg å la seg inspirere av denne perioden når scenograf og kostymedesignar Nia Damerell skulle kle opp dei moderne karakterane i Arne Lygres teaterstykke Tid for glede.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent

Overdådige stoff med detaljar, blonder, mønster og sløyfer. Lyse pastellar, elfenbeinskvitt og gull. Motebildet i perioden som seinare blei kalla for rokokko var florlett og flørtande. Perioden følgde etter barokken, og spann vidare på mange element frå denne, men med eit meir leikent og lett uttrykk enn ein finn i barokken.

Rokokko-stilen hadde utspring i Frankrike, og her brukar ein gjerne å forbinde epoken med regjeringstida til Louis XV, frå 1715 til han døydde i 1774.

Etter oss kjem syndefloden. ­­
­
Madame de Pompadour