Bakgrunnsartikkel

Prøvetid ute i skogen

- Vi feller tre og kløyver ved, køyrer med jernhest og traktor - og det er jo vanskeleg å gjere i prøvesalen, forklarar regissør Erik Ulfsby.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

Stemninga er god på haustens første prøvedag i skogen på Hurum. Gjengen som skal lage teater av Lars Myttings suksess av ei sakprosabok om ved, har fått låne skogen til Eplegården, som er på nabotomta til teatersjef og regissør Ulfsby. Regnet høljar ned - humøret er likevel på topp. I dag skal det hoggast tre! Skodespelarane Pål Christian Eggen, Frode Winther og Christian Kallum blir stadig meir breibeinte og karslege ettersom dei får på seg vernesko, skogsarbeidarklede og gule hjelmar med øyreklokker. Dei sklir kjapt inn i rollene som hogstkarar. Musikar i framsyninga, Stein Torleif Bjella, har eit belte fullt av utstyr over regnhyre og verneklede, og ser nærast ut som ein viking.
- Vi får jo ikkje prøvd inne. Men når vi kjem opp på Hovudscenen, der er det god nok plass. Der skal vi felle tre, kviste, kappe, hogge og stable ved. Men i prøvetida kan vi ikkje klemme oss ned i ein prøvesal på teateret. Vi må prøve ute, og teste og bli trygge på det vi skal gjere, seier regissør Ulfsby.

Så framsyninga skal bestå av arbeid?
- Absolutt. Men den er basert på boka til Lars Mytting, så vi vil også bruke tekst frå boka Hel ved. Men akkurat kor mykje tekst og kva for tekstar det blir, er ein prosess vi er i gang med no. Det er jo ei sakprosabok, så det er ikkje berre å ta den rett til scenen, akkurat. Men boka er ramma rundt framsyninga.
- Ja, dette har han jo ikkje sagt til meg før no, da, seier musikar - og no også skodespelar - Stein Torleif Bjella. Han skal ha rolla som trubadurix på veaplassen, med hans eigne ord.
- No byrjar eg jo å bli litt uroleg. Hardt arbeid, sa han, seier Bjella med eit skjelmsk smil.
Han er den einaste i laget som har eigen veaskog, der heime i Ål, kor han bur. Ifølgje ryktet skal eigedomen hans vere full av vedlag av ulik form, stil og storleik.

Regissør Erik Ulfsby med det førebelse manuset til Heil ved. Manuset blir til medan dei arbeidar i skogen.

Kva tenkte du da teatersjefen ringde og lurte på om du ville vere med i ei teaterframsyning om ved?
- Eg blei veldig oppglødd med ein gong, eigentleg. Eg er komen i den alderen at eg seier ja til ting. Og særleg da omgrepet "sagprosa" kom på bordet. Da datt mykje på plass, innrømmer Bjella.
Til framsyninga har han alt komponert tre nye låter, og ein del arbeidsmusikk, som han kallar det.

Stein Torleif Bjella på jernhesten. Tidelgare var det riktige hestar som gjorde denne jobben med å trekke tungt tømmer gjennom skogen.

Til skogs

Det ber innover i skogen. Bjella først, på ein såkalla jernhest, eit lite beltedyr til å frakte tre som er felt inne i skogen. Skodespelarane og musikanten finn ein teig inne i skogen. Med hendene i godt hoftefeste myser dei medan dei målar tre opp og ned, før dei peikar seg ut ei bjørk som både er stor nok og ser ut til å vere god ved.

Skodespelar Pål Christian Eggen, som er den mest erfarne i vedhogst mellom skodespelarane, vippar ned visiret på hjelmen og nærast snittar i treet, der han veit han skal sage for at treet skal falle rette vegen. Med eit lett brak gir bjørka etter, og ein lett jubel og latter stig opp frå dei som står og ser på.

No går det fort. Skodespelar Frode Winther kvistar stammen kjapt, og deretter jobbar det vesle arbeidslaget godt saman om å få fangsten over på jernhesten til Bjella. Ein kunne fort trudd det var riktige tømmarhoggarar heile gjengen. Så ber det av garde til den vesle glenna inne i skogen regissøren har døypt om til Prøvesal 5. Her fortel trubadurix Bjella entusiastisk om ein ny liten dings han blei tipsa om av forfattaren av boka Hel ved, Lars Mytting. Det er ein liten stålpinne med magnet i enden. Dei andre karane stimlar interessert rundt for å sjå. Det viser seg å vere ein 30 cm lang målepinne til å feste rett på motorsagsverdet for å berekne perfekt 30 cm lange vedkubbar, det magiske målet for eit godt stykke heil ved.

Skodespelar Frode Winther gler seg til å bruke saga.

- Eg er veldig sterk i trua på at folk vil like å sjå på at folk arbeider.

Alvorleg diskusjon om vedlengd.

Fellesskap

Det er dette som er essensen i det som skal bli framsyninga Heil ved. Arbeidet, fellesskapet, det nærast rituelle ved å jobbe i lag med noko så gamaldags og så essensielt som skog og ved.
- Eg er veldig sterk i trua på at folk vil like å sjå på at folk arbeider, understrekar regissør Ulfsby.
På Hovudscenen skal eit rundt 10 meter høgt tre hoggast ned og bli til ved når det er framsyning. Og der vil også Stein Torleif Bjellas eigen gamle Massey Ferguson 133 traktor spele ei rolle, i tillegg til ei gamal Moelven kvilestugu type R.

Med andre ord: Det blir massiv nerding i skogsfag. For dei som kjenner denne kunsten godt, er det kanskje vakkert å sjå dette framstilt på ei scene. For dei som ikkje kjenner den så godt, vil det vere mykje å lære.
Velkommen til skogs på teateret!