Bakgrunnsartikkel

Praktisk informasjon om DOTTERA

Vi gjer merksame på at framsyninga har ein annleis tribune enn det vi vanlegvis har på teatret. Som publikummar sit du i eit fire meter høgt stillas og ser ned på scenen.

Lyden kjem gjennom høyretelefonar. Du sit ikkje på stolar, men på kanten av sjølve stillaset med sikring framfor deg. Det er difor ikkje lov å ha med lause gjenstandar (vesker, jakker osb.) inn i sceneområdet. Du finn låsbare skap som er gratis å bruke i garderoben til Hovudscenen. Om du har spesielle behov, ver vennleg og kontakt billettluka så snart som mogleg.

Dørene stengjer presis, og det er ikkje mogleg å komme inn etter framsyninga har starta.