Bakgrunnsartikkel

Podkast om Kristin Lavransdotter

Skodespelar Sara Khorami og regissør Kjersti Horn er gjestar i Språkoppdraget, der dei mellom anna snakkar om arbeidet med framsyninga Kristin Lavransdotter.

Sara Khorami om Kristin Lavransdotter, dubbing og livet som tospråkleg.

Sara Khorami - om å spele Kristin Lavransdotter

Når Det Norske Teatret set opp romanverket Kristin Lavransdotter på Hovudscenen, er det skodespelar Sara Khorami som speler tittelrolla. I løpet av 8 timar maratonteater skal ho følgje Kristin frå barndom til grav.

Tidlegare i år gjesta Khorami podkasten Språkoppdraget. Der snakka ho om korleis det er å vere ein språkleg kameleon, om å dubbe såpeopera for mormor, til sjølv å bli dubba på farsi, om skilnaden på å spele i film og teater, og om likskapen mellom språket til Sigrid Undset og farsi. Og er det eigentleg sant at «menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager»? Under kan du lytte til episoden.

Her kan du høyre episoden med skodespelar Sara Khorami.

Så sit vi her, så mange år seinare, og har dei same problemstillingane: Svik, utruskap, kjærleik, religion, menneske på søken, menneske som prøver å få livet til å gå opp. Det er jo det same.

Kjersti Horn - om å ha regi på Kristin Lavransdotter

Å dramatisere ein roman er som å brodere ein bunad; eit helvete. Iallfall ifølge regissør Kjersti Horn, som har dramatisert ikkje mindre enn 1200 nobelprisvinnande romansider ned til eit 8 timar langt teaterstykke. Ideen hennar om å lage teater av alle dei tre banda av Kristin Lavransdotter starta med ein feilsend e-post, og enda opp i ein teatermaraton som har premiere på Hovudscenen på Det Norske Teatret i haust.

Veka før premieren gjesta ho Språkoppdraget. Der snakka ho også om skrekken for å få skrekken, om kvifor regissøren må vere den dummaste i rommet, og om å prate svensk når ein blir sint. Under kan du høyre episoden.

Kjersti Horn om skam, skrekk og Sigrid Undset.

Her kan du høyre episoden med regissør Kjersti Horn.

Det handlar ikkje om å prøve å lage ei bra framsyning. Det handlar om å prøve å forstå noko om korleis ein skal leve i verda.

Det kjem ny episode av Språkoppdraget annankvar onsdag. Alle episodar finn du der du elles høyrer på podkast. Produsent er Ole Herman Andersen.

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.

Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by. Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med spanande gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål i podkasten Språkoppdraget.