
1 Framsyninga heiter Påske, og Strindberg er dramatikaren. Påskeliljene er med - men kven er dei to unge?

2. Mogleg Ståle Bjørnhaug kom i påskestemning i 2007 då han spelte mot ei høne. Spørsmålet er: Kva heiter framsyninga? Hint: Vi skal til militæret!

3. Og når vi først er inne på høner.. Kva heiter motspelaren til høna i dette biletet?

4. Og i kva framsyning dukka denne høna opp? Hint: Tenk på ei VELDIG tjukk bok. Mange tusen sider.

5. Og i kategorien «Jula varer heilt til påske» skal vi til framsyninga «Faens Nisse» frå 2014. Kven er det som spelar Nissefar som du ser her?

6. Denne søte kaninen kan kanskje by på påskestemning, men kven er skjular seg inn der?

Kva framsyning dukka denne kaninen opp i ? Hint: Scene 2 i 2010.. Og ja, det er Michael Jackson ved sidan av!

8. Kven er den sjarmerande babyen på biletet? Hint: Han har tatt norsk litteratur- og teaterpublikum med storm i mange år, og no har også resten av verda omfavna han!

9. Kva framsyning er dette frå? Jae Nyamburah i rolla som …. (Vi kan ikkje fortelje om rolla, for då blir det for lett!) Hint: Heile verda spelar denne framsyninga, og vi blir aldri lei.

10. The Book of Mormon kom endeleg til Noreg i 2017, og tok landet med storm! Her ser du mellom anna Kristoffer Olsen som hadde hovudrolla som Eldste Cunningham. Spørsmålet er: Kven hadde regi på framsyninga?

11. Kven ser du her? Biletet er frå framsyninga EDDA i 2017, og Frøya (på biletet) blei spelt av ei skodespelarinne som no har erobra Hollywood!

12. Klarar du å sjå kven som er bak denne maska? Framsyninga heiter Evig Ung, og gjekk for fulle hus i 2009 og 2010!

13. Frank Kjosås i 2006 i hans første framsyning på Det Norske Teatret. Kva framsyning er dette frå? Hint: Det ligg i sveisen...

14. Romeo og Julie.. i opningsframsyninga på det nye Det Norske Teatret i Kristian IVs gate i 1985! Men kven er dei to unge? Hint: Dei spelte Romeo og Julie saman i 2022 att!

15. Kven er bak den skumle maska? Dette er frå Jungelboka i 2012, og her kjem eit bonusspørsmål: Dei fleste barn i Noreg kjenner denne mannen frå ei heilt anna rolle - nærare kjent som Havets Skrekk. Kva karakter snakkar vi om?
Og her er fasiten!
1. Britt Langlie og Bjørn Skagestad
2. Oberst
3. Pål Sverre Valheim Hagen
4. Tjue tusen sider
5. Eivin Nilsen Salthe
6. Gjertrud Jynge
7. Neverland
8. Jon Fosse
9. Peer Gynt - Jae spelte Dovregubben
10. Vidar Magnussen
11. Renate Reinsve
12. Charlotte Frogner
13. Hair
14. Svein Tindberg og Liv Bernhoft Osa
15. Svein Roger Karlsen - også kjent som Kaptein Sabeltann!