Bakgrunnsartikkel

Påskekviss

Vårsola er endeleg tilbake og det passar godt med nokre raude dagar i kalenderen. Men kor godt kjenner du eigentleg påskas opphav og tradisjonar? Det er på tide å teste dei små grå med tretti påskerelaterte spørsmål!

Ein gjennomsnittsnordmann et mange appelsinar i løpet av påska.

Mat og musikk

1. Denne sjokoladen blei lansert av Freia i 1937, og ein gjennomsnittsnordmann et tre sånne i løpet av påska. Kor mange avlange kjeksbitar er det i ein Kvikk Lunsj?

2. Kven skreiv Påskeoriatoriet, som første gong blei oppført 1. påskedag 1725?

3. Kva er det norske namnet på påskesalmen som på engelsk heiter «Thine Be the Glory» og som på fransk heiter «À toi la gloire»?

4. Vi et omtrent dobbelt så mange appelsinar i påska som elles i året. Kva for år blei det opna for fri import av appelsinar til Noreg?

5. Det siste måltidet Jesus hadde med disiplane sine, blir også rekna som den første nattverd. Kva åt og drakk dei der?

«Det er inga skam å snu!»

Tradisjon og tru

6. Det norske ordet påske kjem frå den jødiske høgtida pesach, og viser til forteljinga om Moses som førte jødane ut av Egypt. Ifølge bibelteksten skulle kvar familie smøre litt blod frå offerlammet på dørkarmen, sånn at dødsengelen gjorde det ordet pesach betyr? Men kva var det?

7. Palmehelga innleier påskeferien for mange. Kva feirer vi palmesøndag, ifølgje Matteus 21, 1-11?

8. Staden i Jerusalem der Jesus blei krossfesta, heiter «Golgata» på norsk, «Calvaria» på latin og «Kraniou Topos» på gresk. Namnet kan vise til utsjånaden på denne staden, eller antyde kva den blei brukt til. Kva tyder alle desse stadnamna?

9. For mange er påska gul. Men kva er kyrka sin liturgiske farge frå oskeonsdag fram til første påskedag?

10. Kva er, ifølgje 4. Mosebok 9:19, straffa for ikkje å feire påske?

Skjærtorsdag samla Jesus disiplane sine for det siste måltid. Judas snik seg ut ...

«Eg mistenker professor Plum, i etestova, med lysestaken»

Forfattar P.D. James saman med politietterforskaren som er svaret på spørsmål 15. Bildet er frå innspelinga i 1984. Foto: Craig David

Krim og litteratur

11. Denne svenske forfattaren og nobelprisvinnaren, debuterte med Gösta Berlings saga i 1891. Ho blei gravlagd på påskeaftan 1940. Kva heiter ho?

12. Kva heiter krimforfattaren som mellom anna skreiv under pseudonymet Mary Westmacott?

13. Skodespelet Påsk frå 1900 utspeler seg dagane mellom skjærtorsdag og påskeaftan hos familien Heyst, der faren sit i fengsel for underslag. Kven har skrive stykket?

14. Saman med dottera Hilde har denne forfattaren skrive barneboka Påskemysteriet. Dette er bok to i serien om Mesterdetektiv Tim & co. Kva heiter forfattaren?

15. Den britiske krimforfattaren P.D. James er opphavskvinna til denne politietterforskaren ved Scotland Yard, som også har vore vanleg å sjå på NRK i påska. Kva heiter han?

Typisk norsk

16. Opphavet til det særnorske fenomenet påskekrim blir gjerne ført tilbake til denne spenningsromanen, som blei utgitt i 1923 av Nordahl Grieg og Nils Lie. Kva heiter romanen?

17. Filmkomedien Fjols til fjells frå 1957 blir ofte vist i påska. Kven spelte rolla som hotellportieren Poppe ved Hurumhei Høyfjellshotell?

18. Skodespelar Unni Bernhoft spelte Poppes romantiske interesse som hotelleigar-dottera Rut, som går undercover som pikkoloen Rudolf. Bernhoft er mor til han som mellom 2011-2020 var øvste sjef for Eurovision Song Contest. Kva heiter han?

19. Kven spelte rolla som barnebarnet til Poppe, som også heitte Poppe, i den moderniserte versjonen av Fjolls til fjells frå 2020?

20. Kva heiter arrangementet der dataentusiastar kvar påske samlar seg i Vikingskipet på Hamar?

Unni Bernhoft i rolla som pikkoloen Rudolf, frå Edith Carlmars film Fjols til fjells. Men kven er sonen til Bernhoft? Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek

«Kom til fjells, høyt mot skyen. Her er lettere å gå og himmelen er blå!»

Dronning Nefertari koser seg med brettspelet senat. Men kva for spel er senat forløparen til? Foto: Jl FilpoC/Wiki Commons

Tur og kultur

21. «Kor skal vi reis?» Kvart år høyrer rundt ein million nordmenn på radioprogrammet Påskelabyrinten. Spørjekonkurransen har gått på NRK P1 sidan 1987. Kva heiter programleiaren?

22. «Det er inga skam å snu!» Kor mange reglar er det i fjellvettreglane?

23. I kva for hav finn vi Påskeøya?

24. Påska er høgtid for brettspel. Det eldste brettspelet ein har klart å rekonstruere reglane til, heiter Senat. Det blei funne i Egypt og er om lag 4600 år gammalt. Dette blir rekna som forløparen til eit kjent spel med to spelarar som direkte omsett til norsk heiter «tilbakespel». Kva er namnet?

25. Fire dagar i året er det ikkje lov med reklame på TV og i radio i Noreg. 1. juledag, 1. pinsedag og 1. påskedag. Kva er den fjede dagen?

«Kor skal vi reis?»

Godt og blanda

26. Sein eller tidleg påske? Første påskedag er alltid første søndag etter første fullmåne etter vårjamndøgn. I år er påskedagen 9. april, men kva er den tidlegaste datoen første påskedag kan vere?

27. Kva heiter duoen som har gitt ut strikkeboka Påske hele året, der du mellom anna får oppskrifta på strikka påskekuler, eggevarmarar og påskeharar?

28. Quiz-programmet «Påskenøtter» på NRK har sidan 1984 vore eit populært innslag for mange i påska. Kven var «nøttegeneral» før Øystein Bache og Rune Gokstad tok over i 2011?

29. Kva er det påskemorgon sløkk, ifølge salmen?

30. Kva for vekedag er alltid andre påskedag?

Nokre karar nyt påskesola i hytteveggen på Rondane. Foto: Nasjonalbiblioteket

Fasit

Mat og musikk

1. 4

2. Johann Sebastian Bach

3. «Deg være ære»

4. 1956

5. Brød og vin

Tradisjon og tru

6. «Å gå forbi»

7. Jesus inntog i Jerusalem, ridande på eit esel, mens folk strødde palmegreiner på vegen til ære for han.

8. Hovudskalle

9. Lilla

10. Dødsstraff

Krim og litteratur

11. Selma Lagerlöf

12. Agatha Christie

13. August Strindberg

14. Klaus Hagerup

15. Adam Dalgliesh

Typisk norsk

16. Bergenstoget plyndret inat

17. Leif Juster

18. Jon Ola Sand

19. Herbert Nordrum

20. The Gathering

Tur og kultur

21. Viggo Valle

22. 9

23. Stillehavet

24. Backgammon

25. Langfredag

Godt og blanda

26. 22. mars, og det skjedde sist i 1818.

27. Arne & Carlos

28. Roald Øyen

29. Sorgen

30. Måndag

Påskekvissen er laga av Erlend Tårnesvik Dreiås. Har du spørsmål eller tilbakemeldingar? Skriv til erlend.dreiaas@detnorsketeatret.no

Hovudfoto i saken: Leif Juster i rolla som hotellportieren Poppe frå filmen Fjols til fjells. Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek