Bakgrunnsartikkel

På full fart gjennom den russiske historia

Charlotte Frogner (40) har alltid likt å styre leiken. Og ho er begeistra for tilårskomne kvinnfolk. Den kombinasjonen er perfekt i arbeidet hennar denne våren.

Skrive av
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

– Eg har alltid vore fasinert av gamle menneske, seier Charlotte Frogner. Når ho no debuterer som regissør på Marjas jord er det med tre 100 år gamle damer i spissen for det som blir omtala som vårens snodigaste roadtrip.

Men eigentleg er det ei forteljing om dei evige soldatenkene. Om prisen kvinner gjennom hundreår har måtta betale for den alltid kvernande krigsmaskinen. Om å vente, om å tole, om å halde ut. Det er ei historie som alltid har vore der og som aldri vil ta slutt. Eit antikrigsdokument fortalt frå perspektivet til dei som aldri sette sine bein på slagmarka, og som stiller seg spørsmålet om det var verdt det.

– Arbeidet med dette materialet har jo vore spesielt med den eskalerande konflikten i Ukraina som bakteppe. Denne forteljinga slår meg som dessverre altfor aktuell, seier Charlotte Frogner.

Ellen Birgitte Winther som Marja leiar ekspedisjonen. Saman med venninnene trur ho at ektemennene skal returnere frå krigen. Foto: Dag Jenssen

Vi skal til Russland, krigen er for lengst over og damene i den vesle namnlause landsbyen har levd lenge som enker. No skal dei snart døy, og det er da Marja Ivanova får det for seg at mannfolka deira har returnert frå slagmarka. Dei må berre kome seg til ein togstasjon nokre mil unna, der alle ektemennene visstnok er venta å kome.

Saman med Praskovja Grisjina og Serafima Fjedorova legg ho ut på ei vandring, over stepper og gjennom skog. Det er strabasiøst og vanvitig. Undervegs støyter dei på både Hitler og Stalin. På slep har dei ei ku.

Livet på den russiske landsbygda har endra seg etter krigen. Der det før var fullt av liv herskar no stilla. Foto: Dag Jenssen

– Det er ein så ellevill og bra tekst! Den er så fullenda og heilstøypt. Vi treng ikkje putte på eit komma eller stryke ein bokstav. Alle dialogane flyt, det er organisk og velskrive. Eg er så begeistra for Oleg Bogaevs drama, seier Charlotte entusiastisk om dramatikaren.

Oleg Bogaev er eit ukjent namn for det heimlege publikummet. Rett nok skreiv han delar av teksten til Andre verdskrigen – Natt i verda på Hovudscenen i 2016, men det er første gongen han har signert eit heilt verk som blir sett opp på ein norsk scene. Charlotte hevdar det er på høg tid å stifte nærare kjennskap til denne lett absurde, men likevel så tydelege dramatikaren.

Det er strabasiøst og vanvitig

– Livet slik det var før krigen er borte, landsbylivet har døydd ut, folk har flytta eller flykta. Det fedrelandet dei trudde mannfolka kjempa for er ikkje til å kjenne igjen. Dei er skuffa, men langt frå knekte.

Charlotte kjenner på ansvaret ved å føre teksten over til scenen. Ho håpar å behandle dette alvorlege temaet med den teatraliteten, humoren og så leikent som dramatikaren har lagt opp til.

Med seg har ho Ellen Birgitte Winther, Hilde Olausson og Karl Vidar Lende som den aldrande venninneklikken. Ein gjeng som skal få køyrt seg under prøvane, men som på ingen måtar har vanskar med å hente fram sin indre hundreåring. Til tallause andre roller er Pål Cristian Eggen henta inn. Han skal også vere kua. Charlotte Frogner skryt av ensemblet sitt og kjenner seg heldig som kan få arbeide med folk som evner å skape den magien som ho jaktar på.

Ein historietime av dei sjeldne

– Stykket vil gi deg alt, seier ho. - Det inneheld det djupt tragiske og det universelt menneskelege i form av den evige kjærleiken, den evige unge lengten etter lukke, glede og begjær. Det er tidlaust, samstundes som det er tydeleg plassert tidsmessig og geografisk.

Det er ein lang tur dei legg ut på. Og ein russisk roadtrip går ikkje for seg utan eit musikalsk komp. Charlotte Frogner har ei songliste der både Grieg, Pussy Riot og russiske folketonar følgjer damene på ferda.

Charlotte Frogner debuterer med komisk krigsdrama på Scene 3. Foto: Magnus Skrede

Det er tre fryktlause kvinnfolk som legg i veg. I møte med naturens hindringer sklir realitet over i fantasi. Plutseleg er Hitler tilbake, seinare dukkar Stalin opp. Foto: Dag Jenssen

– Det er lett å bli glad i desse konene. Når dei legg ut på vandringa si, eller denne underlege roadtripen, har vi leikt oss scenisk med reisa. Dei går jo i ring, og kjem tilbake til same utgangspunktet, gong på gong, nett slik historia gjentek seg. Damene blir jo bildet på alle dei som har venta, gjennom heile historia av krigar. Kloke, men også desperate i håpet. Samansveisa i skjebnefellesskapen, men likevel oppfarande og ueinige. Resignerte, men på ingen måte utslåtte.

Og når Marja til slutt får spørsmålet om ho har tenkt å vente på mannen sin til evig tid, blir ho svar skuldig.

– Det tar jo aldri slutt. Krigar vil kome og gå. Det finst mange Marjaer der ute. Og vi kjem til å halde fram med å produsere dei. Men dette er damer med sterkt overlevingsmot, tæl og skarpe tunger. Sjølv om det er ein tragisk undertone i stykket, så boblar det av overskot, deilig teaterleik og fjas. Ein historietime av dei sjeldne, seier Charlotte Frogner. – Og alt dette har Oleg Bogaev klart å formidle i denne briljante teksten.