Sissel Solbjørg Bjugn (født 28. oktober 1947 på Setermoen i Bardu, død 14. juli 2011 i Bodø) var ein norsk forfattar. Ho debuterte i 1978 med diktsamlinga Den første avisa på Lofotveggen, som fekk Tarjei Vesaas' debutantpris. Bjugn har gitt ut prisløna diktsamlingar og barnebøker, i tillegg til romanar. Gjennom heile forfattarskapen blei Bjugn rekna for å vere nyskapande med ein stil som grensar til absurdisme, også når ho skreiv for barn.
Tor Eystein Øverås er forfattar og litteraturkritikar. Frå 1998-1999 var han redaktør for litteraturtidsskriftet Vinduet og han har vore litteraturkritikar i avisene Morgenbladet og Klassekampen, og blei kåra til Årets litteraturkritikar 2010. Øverås bur i Berlin og Gildeskål.
Kjelde: Wikipedia.
Teksten er publisert 15. oktober 2024.
Foto: Samlaget.