Bakgrunnsartikkel

Om pentalogien og Goksøyr&Martens

DOTTERA er del to i pentalogien LIVET - ei rad med framsyningar som skildrar overgangane i livet frå fødsel til død.

Sceneteksten er basert på samtaler med foreldre, steforeldre, barn, ungdom og kvarandre. Publikum sit på eit stillas fire meter over bakken og kikkar ned i ein bustad med soverom, kjøkken, bad, stove og gang. Samtidig får dei også utdelt kvart sitt headset, slik at det er mogleg å følge eit tredimensjonalt lydbilde.

Goksøyr&Martens

Goksøyr&Martens blei etablert i 1997 av Toril Goksøyr og Camilla Martens. Dei nyttar dokumentariske strategiar i arbeidet sitt, autentiske element som knyter kunsten til røyndomen. Dei har tidlegare vist framsyninga 11 ÅR ved Det Norske Teatret. 11 ÅR blei nominert til Heddaprisen for Årets framsyning i 2017. DOTTERA er nominert til den nasjonale Ibsenprisen for beste manus i 2019.