Lady Macbeth i Shapespeares skodespel blir dronning i Skottland, etter å ha oppmoda ektemannen sin, Macbeth, til å drepe kongen. Etter kongemordet blir ho pint til døde av skuldkjensle og dårleg samvit.
Nikolaj Leskov levde i den russiske litteraturens gullalder på midten av 1800-talet. Leskov skreiv frå landsbygda. Fjørpennen dyppa han i djupet av den russiske folkesjela. På eit vis kan ein sjå på Leskov som bindeleddet mellom ukrainaren Nikolaj Gogol, der folketru og absurdisme sklei hand i hand med skildring av fattigdom og liveignes vanskelege kår, og dei store, russiske realistane som Fjodor Dostojevskij og Lev Tolstoj, med sine beinharde skildringar frå livet i dei store byane i siste halvdel av 1800-talet. Inspirasjonen frå Gogol var forresten viktig for alle desse diktarane; «Vi har alle vikla oss ut av Gogols kappe», for å seie som Ivan Turgenev. Eller Fjodor Dostojevskij. For kven var det eigentleg som sa det først? Det er ikkje godt å vite. Og kanskje er det ikkje så viktig heller. Det viktige, iallfall i denne samanheng, er nemleg ikkje kven som sa det, men at det vart sagt. Og ikkje minst: at det vart sagt ein gong til, av nokon andre.
For er ikkje eigentleg alle fortellinger del av minst ei anna fortelling? Og er ikkje det at ei fortelling blir fortalt fleire gongar, på ulike måtar, eigentleg eit kvalitetsteikn?
Intertekstualitet
Det var den bulgarsk-franske lingvisten og filosofen Julia Kristeva som først lanserte omgrepet intertekstualitet. Omgrepet handlar om korleis ulike tekstar forheld seg til kvarandre, og kan gå i dialog med kvarandre. Kristeva byggjer teoriane sine på den russiske litteraturteoretikaren Mikhail Bakhtin, som igjen var opptatt av romanens fleirstemtheit, eller dialogisme. I følgje Bakhtin er nettopp ein teksts dialogiske karakter av avgjerande tyding. Kvifor? Jo, fordi det kun er via dialogen at ein tekst kan nærme seg ekte sanning. For sanninga er ikkje noko som er evig og fast og likt og monologisk. Sanninga er i forandring heile tida. Derfor kan ekte sanning berre oppstå gjennom dialog mellom motstridande stemmer.
Intertekstualitet kan oppstå på uendeleg mange måtar, også innan annan kunst enn tekst. Eit måleri kan referere til eit anna måleri. Eit byggverk kan referere eit anna byggverk, og ein koreografi kan sitere ein annan koreografi. I litteraturen blir dette verkemiddelet kalla ein allusjon. Og tittelen på verket til Leskov, Lady Macbeth frå Mtensk, er nettopp dette - ein allusjon. Forfattaren forsøker ikkje å skjule kor han har henta inspirasjonen sin, tvert imot malar han den ut med tjukk pensel i sjølve tittelen. Han tar det for gitt at lesaren har høyrt om Shakespeares drama, og tar seg derfor ikkje bryet med å kontekstualisere. Han veit at lesarens sinn straks vil bli fylt av ein rekke assosiasjonar og forventningar – som rett nok kan variere frå person til person. Men det tar han sjansen på. Han driv trass alt med fiksjon.
![](https://detnorsketeatret.imgix.net/Lady_Macbeth_Cattermole.jpg?auto=format&crop=crop%3Dfocalpoint&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&ixlib=php-3.3.1&w=350)
Intertekstualitet og allusjonar er kunstnarlege grep, der avsendaren med viten og vilje forsøker å få mottakaren til å tenkje på eit anna kunstverk som dei to har til felles. Eller som avsendaren meiner dei burde ha til felles. Såleis kan intertekstualiteten også fungere som ei oppfordring til lesaren. Veit du ikkje kven lady Macbeth er, seier du? Det bør du sanneleg sjå å få gjort noko med!
Katerina - Lady Macbeth
Når Nikolaj Leskov grip etter Shakespeares berømte karakter over 200 år etter ho vart skapt, gir han henne namnet Katerina. Katerina er ei ung kjøpmannsfrue, nygift, og full av håp om framtida. Men det nye livet i kjøpmannsfamilien Izmailov viser seg raskt å vere både trist og keisamt. Mannen til Katerina, Sinovij, er lite interessert i henne. Svigerfaren Boris bryr seg berre om forretningane – og om å få ein arving. Men ein arving kjem ikkje av seg sjølv. Og med eit kjærleikslaust ekteskap sklir dagane langsamt av stad. Først når kverndemninga brest, og både Boris og Sinovij må av stad for å redde stumpane, begynner ting å skje. Aleine i det store huset begynner Katerina sakte å vakne, som frå ei tung dvale.
Katerina kastar seg ut i eit lidenskapeleg kjærleikseventyr med ein av dei tilsette på garden, Sergej. Affæren er vill og skamlaus; Katerina og Sergej bryr seg døyten om diskresjon, dei brukar alle kreftene på å elske. Det er først når skandalen er eit faktum at mord dukkar opp som ei mogleg løysing. Leskovs lady myrder altså ikkje strategisk, slik Shakespeares lady Macbeth gjer. Katerina er ein spontan mordar. Ikkje treng ho ein mann til å myrde for seg heller. Denne ladyen myrdar på eiga hand.
![](https://detnorsketeatret.imgix.net/Lady-Macbeth_til-pressemelding_02_foto_Monica-Tormassy.jpg?auto=format&crop=crop%3Dfocalpoint&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&ixlib=php-3.3.1&w=250)
Leo Magnus de la Nuez som Sergej og Julie Moe Sandø som Katerina Lvovna. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.
Suggererande forteljing
Lady Macbeth frå Mtensk vart publisert for første gong i Fjodor Dostojevskijs litteraturtidsskrift i 1865. Teksten er kort, berre snaue 70 sider - for kort til ein roman og for lang til ei novelle. Han er eit typisk døme på den særeigne russiske genren povest´, som direkte omsett rett og slett tyder forteljing. På desse 70 sidene syner Nikolaj Leskov kvifor han blir rekna som ein av dei aller største forteljarane i russisk litteratur. Handlinga er suggererande og effektiv. Vi blir sogne inn eit overraskanda varmblodig drama fullt av sex og lidenskap og uventa vendingar. Sympatien skiftar heile tida. Og når det siste mordet er utført, sit ein sveitt og rysta tilbake med ei sterk kjensle av at noko må vere riv ruskande gale med klokka, for det kan da umogleg stemme at det ikkje har gått meir enn nokre få timar sidan du begynte på denne bomba av ei bok.
![](https://detnorsketeatret.imgix.net/Portrett_Lady-Macbeth_Iselin_01_foto_Monica-Tormassy.jpg?auto=format&crop=crop%3Dfocalpoint&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&ixlib=php-3.3.1&w=250)
Iselin Shumba som tenestejenta Aksinja strammer korsettet på husfrua Katerina Lvovna, spelt av Julie Moe Sandø. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.
Inspirasjonskjelde
Så er det kanskje ikkje så rart at også Leskovs lady har blitt ein skikkelse som mange andre kunstnarar har tatt tak i. Dmitrij Sjostakovitsj har til dømes laga ein svært kjent opera basert på Leskovs forteljing, og den kroatisk/italienske komponisten Rudolf Brucci laga ein ballet, med tittelen Lady Macbeth 77, også sterkt inspirert av Leskov. I tillegg har det blitt laga heile fire filmatiseringar som tar utgangspunkt i Leskovs tekst. Den siste vart skriven av den britiske dramatikaren Alice Birch og hadde premiere i 2016.
Mederlinds versjon
Når den svenske regissøren Melanie Mederlind no lagar teater av Leskovs Lady Macbeth frå Mtensk, legg ho ikkje skjul på at ho er inspirert både av Shakespeare og Birch, i tillegg til Leskov. Frå Shakespeare kjem den arketypiske ideen om ei adeleg kvinne som myrdar seg framover i verda.
Frå Leskov kjem miljøskildringane frå eit stilleståande liv der klasse og kjønn set strenge grenser for kva du kan rekne med å oppnå i livet. Frå Birch, som filtrerer historia gjennom eit moderne, feministisk blikk, kjem dessutan eit heilt nytt rasemotiv, som ikkje finst verken hos Leskov eller Shakespeare. Men i tillegg har Mederlind pløgd seg sin eigen veg gjennom forteljinga, noko som gir seg uttrykk i at ho har dikta ein heilt ny og særs overraskande slutt.
![](https://detnorsketeatret.imgix.net/Foto-Melanie-Mederlin.jpg?auto=format&crop=crop%3Dfocalpoint&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.5&ixlib=php-3.3.1&w=250)
Dialogisk kunstverk
Framsyninga Lady Macbeth har blitt til i dialog med mange andre kunstverk, og forheld seg til dei med all mogleg tydelegheit. Kva den enkelte tilskodaren oppfattar vil likevel avhenge av kvar og ein si personlege erfaring. For denne framsyninga søker ikkje svar med to strekar under. Ho er innvikla, slik livet gjerne er. Og ho vil at vi skal bli med og vikle oss inn. Så opne sinnet og sansane og la deg suge inn i fortellinga. Og kven veit, kanskje sest vi der inne ein stad, mellom kappefoldane til Gogol, bak Shakespeares gjenferd, eller djupt inne i Leskovs mørke soppskogar.
Referansar:
Macbeth, William Shakespeare, 1606
Lady Macbeth frå Mtensk, Nikolaj Leskov, 1865
Lady Macbeth, Alice Birch/William Oldroyd, 2016
Kappen, Nikolaj Gogol, 1842
Forord frå den norske omsettinga av Lady Macbeth fra Mtensk, Geir Kjetsaa, 1979
Bakhtin, ordet, dialogen og romanen, Julia Kristeva, 1967
Dialogic imagination, Mikhail Bakhtin, 1975
Artikkelen er publisert 6. januar 2025, sist oppdatert 7. januar 2025.