Bakgrunnsartikkel

Om Jelinek, Bodø/Glimt og identitetskamp

Kan ein skrive ein artikkel om Bodø/Glimt og Elfriede Jelinek? Koplinga kan verke søkt. Men ikkje dersom bodøværingen og den glødande Glimtsupportaren Ellen Birgitte Winther gir seg i kast med nobelprisvinnarens stykke Sportskoret. Fotballen er nemleg eit bilde på livet sjølv. På godt og på vondt.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef og Glimt-supportar

Ho er den tydlegaste stemma i Sportskoret når det gjeld fotball.
– Eg elskar fotball, seier Ellen Birgitte Winther med trykk på dei to siste orda.
– Fotball set alle kjensler på fullt volum når ting står på spel. I desse dagar gjer det berre ekstremt vondt!

Bodø/Glimt er ute av Conference League. Den erkjenninga røskar for to sjeler med hjartet i nord. Europa-eventyret er over for klubben som har fått europeiske fotballgigantar til å falle som fluger på Aspmyra. Ajax øydela draumen om avansement etter eit oppgjer som har fått massiv omtale. Og det kjennest så urettferdig. For Glimt var overlegne. Og det stod så mykje på spel. Ellen Birgitte kan ikkje berre setje seg på flyet når slike storhendingar skjer i heimbyen. Ein skodespelar har ikkje fleksible arbeidstider, men ho hadde "sine" på plass. Eldstesonen og bestefaren hans var sjølvsagt på tribuna og heia fram heltane på kunstgraset. Men det hjalp ikkje.
- Det var ein Glimt-tropp i fyr og flamme som leverte fotball frå øvste hylle. Dei regjerte kampen og brente elleville sjansar i fleng. Periodevis rundspelte dei nederlendarane og fortente på alle vis å gå sigrande ut av kampen. Men fotballen er ikkje alltid rettferdig. Det er til sjuande og sist laget som får flest mål som vinn. Sjølv om det tidvis er alt anna enn rettferdig, seier ho.

Spekulasjonane går høgt om dommarens partiske dømming. Stod han i gammal gjeld til Ajax, etter ein disputt som ligg tilbake i tid? La det ikkje herske nokon tvil; fotball er meir enn sport. Det er også pengar, begjær, ære, historie, tradisjonar, triksing og mektige bakmenn.

Ellen Birgitte Winther er aktuell i Sportskoret. Her på prøver med resultatet frå det legendariske Glimt-Roma-oppgjeret på Aspmyra Stadion 21. oktober 2021 på t-skjorta. Trenarlegenden Jose Mourinhos største tap i karrieren så langt. Ein kamp som rysta heile fotball-Europa i grunnvollen.

Ellen Birgitte Winther er snart aktuell i Elfriede Jelinkes stykke Sportskoret som tar for seg nettopp fotballen som fenomen og som brukar han som linse for å sjå nærare på samfunnet vi lever i. I ein flaum av ord tek Jelinek opp tema som identitet, kapitalisme, fellesskap, samhald, ideologi, moral og drift. Og sjølv om det er langt frå Jelinek til trenar Kjetil Knutsen i Glimt, kan likevel Ellen Birgitte setje sin eigen lidenskap for sporten inn i arbeidet med teksten og sjå det lerretet som Jelinek forsøker å trekke opp.
- Eg er fødd i 1976, berre få år etter at nordnorske lag fekk lov til å delta i den nasjonale serien. Året før eg blei fødd var første gongen eit nordnorsk lag kvalifiserte seg. Det blei krona med siger i cupen og Bodø/Glimt blei noregsmeister i fotball. Men det handlar om meir enn berre ballen. Det handlar minst like mykje om identitet. Glimt var del av den nordnorske bølgja på 70-talet, med nordnorsk visesong, Hålogaland Teater, Oluf. Kjensla av å kome frå ein landsdel som ikkje heilt har blitt rekna med, det har eg kjent på. Stoltheita og gleda over å vise at vi kan hamle opp med alle, og vinne over dei store, den er sterkt knytt til nordnorsk underdog-kjensle. Og når vi kan vise musklar på ein av sportens aller mektigaste arenaer, da vinn vi nordlendingar respekt.

- Når vi kan vise musklar på ein av sportens aller mektigaste arenaer, da vinn vi nordlendingar respekt.

Bodø som fotballaktør ligg isolert og ytst i Europa. På 67 grader nord er ikkje forholda optimale for sporten.
Bodø som fotballaktør ligg isolert og ytst i Europa. På 67 grader nord er ikkje forholda optimale for sporten.
I 2020 vann eit nordnorsk lag for første gong eliteserien etter ein ellevill sesong.
I 2020 vann eit nordnorsk lag for første gong eliteserien etter ein ellevill sesong.
Ellen Birgitte Winther tar ikkje på seg andre trøyer enn Glimt si. Her er plakaten til Sportkoret som er aktuell på Scene 3. Foto blei tatt på Bohemen, Vålerenga sin stampub.
Ellen Birgitte Winther tar ikkje på seg andre trøyer enn Glimt si. Her er plakaten til Sportkoret som er aktuell på Scene 3. Foto blei tatt på Bohemen, Vålerenga sin stampub.

Ein kamp om ære, om marknadsverdi og om moral

Glimts oppgjer med europeiske fotballstormakter er ikkje berre ein kamp for resultatet. Det er møtet mellom David og Goliat. Det er ein liten klubb frå ei forblåst halvøy i Arktis versus ei fotballstormakt frå det sentrale Europa med ei hundre år lang suksesshistorie. Det er naiv nordnorsk sjølvtillit i møte med internasjonalt alvor. Som svenskane i podkasten When We Were Kings seier i sin spesialepisode om det nordnorske mirakelet; Hur i helvete kan man lyckas så otroligt bra med så små ekonomiska förutsättningar och ett riktigt omöjligt geografiskt läge?

Nei. Det skal eigentleg ikkje vere mogleg. Ei kampsone strekker seg langt ut over det tilmålte arealet som spelarane beveger seg på. Når det nordnorske eventyret startar, stig stoltheita i heimtraktene. Det er eit frose folk som har kjent på eit hardt tilvære høgt oppe i nord, der det er langt mellom folk som tinar raskt.
- Bodø som fotballaktør ligg isolert og ytst i Europa, på 67-ande breiddegrad. Vi har kjent på at vi er litt gløymd bort og marginalisert. Men vi vaknar for fullt når praten begynner å gå i garderobar lengre sør.

Frå den spede starten for meir enn 100 år sidan har det vore fleire periodar med oppturar. Men når Bodø/Glimt for alvor begynner å vinne titlar rundt 2020 er det ikkje berre første gongen at ein klubb frå så nordlege breiddegrader vinn eliteserien, det er også første gongen eit lag nord for polarsirkelen begynner å hevde seg så høgt i internasjonal fotball. Dei sparkar frå seg så det går gjetord nedover heile kontinentet. Og med dette gjennomslaget får den patriotiske og glade og litt godtruande nordlendingen også nettkjenning med meir enn berre sportsglede og reint spel. Taktikk, skitne knep, beinharde taklingar og spel for galleriet er meir utbreidd lengre opp i fotballhierarkiet. Ellen Birgitte er ein glødande supporter.
- Kjetil Knutsen og laget er flinke til å dempe konflikt. Ta sjølvkritikk, framheve betre motstandarar og gå vidare. Men ein kan jo lese mykje inn i ein kamp som denne. Og heldigvis har laget og trenaren lagt seg på ei linje som oppdrar oss supporterar også. For det er ein kynisme ute i Europa som Bodø/Glimt er førebels ikkje har late seg inspirere av. Som ein kan bli veldig fyrt opp av.

Vi vaknar for fullt når praten begynner å gå i garderobar lengre sør.

Ellen Birgitte Winther i sitt private supportarutstyr.

Godtruande og naive nordlendingar

Dei skitne triksa som Ellen Birgitte siktar til gir seg utslag i fleire nærast absurde situasjonar. Som at spelarane på bortekamp blir bussa halve byen rundt og nesten ikkje rekk oppstart i viktige kampar, at det ikkje er handdukar eller vatn tilgjengeleg i garderobar, at laget heile vegen må ligge i forkant av eventuelle kalkulerte forstyrrande element.
- Glimts trenar er klokkeklar. Han likar ikkje dette. Han meiner vi skal ta i mot gjestar på eit ordentleg vis. Han prediker heile tida moralen om å vere ordentleg, anstendig, «spel best, tap for eit betre lag, strekk deg, forhold deg til prestasjonen». Eg opplever det som noko reint. Fotballentusiasmen i Bodø kjem med alt dette reine og møter på storkapital og kynisme. Det er mykje læring i slikt.
Men så er det også ting som ein ikkje kan organisere seg bort frå. Dommarar som har noko på samvitet. Gamal gjeld og kontroversar etter tidlegare møte.
- Eg er alltid inne på Twitter/X etter kampane til Glimt. Også i går. Debatten gjekk varm. Og det er heilt på sin plass å spørje om det var ein storklubbs makt som trådde i kraft.

Alle desse mekanismane, og meir til, er del av den enorme ordflyten som Jelinek set i gang i teksten sin. Ellen Birgitte opplever Sportskoret som eit språkleg assosiasjonsrom. Det gir ikkje alltid meining, og det sparkar litt i alle retningar. Sportskoret er heilt klart ein kamp, men like mykje ein kjønnskamp, identitetskamp, maktkamp og prestasjonskamp.
- Ut frå dei språklege assosiasjonane som Jelinek gir, så er Sportskoret definitivt eit politisk og eit feministisk prosjekt, der fotballen kanskje er meir ein vald arena for å kunne peike på samfunnsstruktur og politikk. Vi er også opptatt av dette på prøvene våre – at det naive i fotballen, at eitt lag slår eit anna, det finst på ein måte ikkje heilt lenger ute i Europa. Industrien, bakmenn, rike oligarkar eller sjeikar vil inn på banen. Som vil gjere fotballen til eit spel med langt fleire brikker enn den originale 11-aren. Det blir eit bilde på noko langt meir alvorleg.

Den etterkvart så respekterte podkasten When We Were Kings vigde 2021-sesongen til Bodø/Glimt. To svenske fotballjournalistar, Håkan Andreasson og Erik Niva, fortel om eit bestemt lag med utgangspunkt i ein bestemt sesong. Her får du høyre om dei de berømte, som Real Madrids Galacticos i 2003-04 eller sammanbrotet til Brasils landslag i 2014. Men også om dei nydelege underdog-historiene, fortald på glitrande vis. Fotball er som alltid innvevd i historie og politikk. Også denne biten meistrar When We Were Kings.

Draumen om den "reine" fotballen

Ellen Birgitte håpar det reine og det magiske ved sporten kan vinne fram. At gleda og magien slår kynismen og maktspelet.
- Men om lidenskapen min for fotballen gir meg større forståing for Jelineks tekst, er eg meir usikker på. Det er ikkje nødvendigvis publikummet frå Aspmyra stadion som bør ta turen til Scene 3. Jelinek har eit langt meir distansert og intellektuelt blikk på fotballen. Men eg kan vere ei god motvekt og bringe inn ein entusiasme for sporten som kan skape meir balanse i framsyninga, kanskje. Det er nok mange som kan sjå fotball som noko lågkulturelt, men der er eg ikkje einig. Fotball er samhald, glede, det er magi og det er ein identitetsbyggar. Eg elskar fotball. Verkeleg, seier ho med overtyding.

Den austerrikske nobelprisvinnaren i litteratur, Elfriede Jelinek, har skrive Sportskoret, der temaet for stykket er sport, med alle dei mørke sidene og negative konsekvensane ved sporten. Ellen Birgitte Winther har eit noko lysare og entusiastisk engasjement for fotballen. Foto: Martin Vukovits

Sportskoret er heilt klart ein kamp, men like mykje ein kjønnskamp, identitetskamp, maktkamp og prestasjonskamp.

Artikkelen er publisert 4. mars 2024.