Bakgrunnsartikkel

Om Bienes historie

Romanen er omsett til 36 språk og utgitt i 50 land.

Bienes historie kom i 2015 og er Maja Lundes første bok i ein klimakvartett, med Blå (2017) og Przewalskis hest (2019) som dei to neste.

Denne nyskrivne musikalen er basert på romanen med same namn av Maja Lunde. Ingrid Weme Nilsen har dramatisert Bienes historie og Ola E. Bø står for songtekstane. Teatersjef Erik Ulfsby har regien, Nils Bech har komponert musikken, Even Børsum har scenografien, Ingrid Nylander står for kostyma og Cina Espejord er koreograf.

Framsyninga er eit samarbeid med Den Norske Opera & Ballett, og dansarar frå Nasjonalballetten vil sette sitt preg på framsyninga.