Bakgrunnsartikkel

Naturen i menneske

Bivokskunst på Det Norske Teatret: Eit samarbeid mellom kunstnar og bier.

I haust kan publikum oppleve tre heilt nye skulpturarbeid av kunstnar Nanna Melland i høve framsyninga Bienes historie.

Utgangspunktet for skulpturane er avstøypinga av ei kvinnebyste i bivoks. Våren og sommaren 2020 har avstøypingane vore lukka inne i bikubar. Biene har levd i skulpturane og naturen har gått sin vande gang. Honningbiene har floge inn og ut av kuben, bygd opp voksceller, og brukt bystene som matlager for nektar og pollen. Biedronninga har lagt egga sine i dei.

60 000 bier har tatt bustad i skulpturane. Foto: Nanna Melland

Skritt for skritt har naturen og biene transformert bystene. Frå det kjende har det oppstått noko nytt. Resultatet er overraskande, vakkert, fredeleg og litt uhyggeleg. Dei minner oss om det ubehagelege, at vi er natur, og heilt avhengig av den. Naturen derimot kan fint leve utan oss.

Tre skulpturar

Nanna Melland har i fleire år røkta bier, men dette er første gongen ho har tatt biene med seg inn i kunsten. 60 000 bier har tatt bustad i skulpturane, og bygd vidare på dei, medan Melland har observert og moderert voksbygginga til biene. Eit samarbeid mellom kunstnaren og bienes naturlege prosessar.

Resultatet er dei tre skulpturane som no heng i foajeen på Det Norske Teatret.

Frå prosessen til skulpturane.
Frå prosessen til skulpturane.

Ein skulptur heng som eit slakt frå ein vaier i to stenger. Hovudet heng ned i ein trist positur. På ryggen anar vi former som minner om vengjer. Tittelen på skulpturen er «Fallen engel».

Ein annan skulptur er fullstendig dekka av voksceller. Auga stirer på deg frå to små opningar, og munnen er som eit fastfrose skrik. Den har tittelen «Skrik».

Den tredje skulpturen heng fredeleg og vakkert i rommet. Den ber tittelen «Madonna». Det kan verke som den prøver å mane oss til stille ettertanke.

Skulpturen «Skrik». Foto: Morten Brun

Om kunstnaren

Nanna Melland (Oslo, 1969-) er opphaveleg gullsmed og smykkekunstnar. I 2008 fekk Melland diplom frå kunstakademiet i München. Ho har hatt fleire utstillingar i inn- og utland, og verka hennar er å sjå i fleire internasjonale museum. Les meir på www.nannamelland.com

Utstillinga vil henge i foajeen på Det Norske Teatret frå premieren på Bienes historie, 11. september, og utover hausten. Utstillinga er tilgjengeleg i opningstida til foajeen.

Hovudfoto i saken: Morten Brun
Prosessfoto: Nanna Melland