Bakgrunnsartikkel

Naturbarnet

For 30 år sidan gjekk 13 år gamle Maja Lunde gjennom dei tunge glasdørene på Det Norske Teatret for første gong. Rundt halsen hadde ho eit palestinaskjerf, jakka hadde jakkemerke med politisk korrekte bodskap og i hjartet brann eit sterkt miljøengasjement.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent

Lite visste ho den gongen at ho ein dag skulle sjå namnet sitt på plakaten og at Det Norske Teatret og Nasjonalballetten skulle samarbeide for første gang om ein musikal basert på hennar roman.

Året var 1988, og på Hovudscenen dundra og gjekk Det Norske Teatrets til da største suksess; Les Misérables, for stappfulle hus. Hit tok mora med den miljøengasjerte tenåringen.
– Det var heilt mindblowing! sukkar Lunde. – Eg ville berre sjå det igjen og igjen. Tenk om nokon får ei slik oppleving når dei ser Bienes historie på scenen!
Det er blitt tre år sidan Det Norske Teatret kontakta henne om å lage musikal av romanen, og no har forfattaren nett vore inne på prøvane og sett ein liten smakebit for første gong.
– Eg hadde berre lyst til å bli sittande. Det er sterkt å sjå så mange aktørar i sving på scenen for å fortelje ei historie eg har funne på, det er så stort! Eg blei heilt rørt, eg, seier ho og smiler frå øyre til øyre.

Forfattaren på prøver til Bienes historie for første gong. Foto: Maiken Mathisen

Klimasuksess

Forfattaren sit i restauranten på Det Norske Teatret med eit glas vatn etter ein runde sprit på hendene. Restauranten er enno stengd grunna koronaepidemien som lurer der ute og kanskje midt iblant oss, som ein usynleg fiende. Parallellen til Bienes historie er tydeleg.
– Både biedød og korona-epidemien er jo resultat av at vi menneske tek for stor plass på jorda, korleis vi heile tida trenger inn i urørt natur og utnyttar den og tråkkar over nye grenser, forklarar ho rutinert.
Det nemleg har blitt ein del intervju sidan Bienes historie kom ut for fem år sidan. Ho hadde rett nok skrive ei rad barnebøker og TV-seriemanus som hadde fått god mottaking, men det var som om det eksploderte da Bienes historie kom ut i 2015. Boka blei raskt selt til over 50 land, omsett til 36 språk og raska med seg det som var av bokhandlarprisar og bestseljartitlar. Filmrettane er kjøpt av same produksjonsselskap i Hollywood som stod bak suksesserien True Detective. Plutseleg var alle opptekne av biedøden. Var ikkje det litt rart?
– Eg tenkjer heller: Kvifor er ikkje alle opptekne av miljø? Dette er det viktigaste spørsmålet i vår tid. Vi kan knyte det meste av det vi står oppi til korleis vi har teke oss til rette på jorda. Biedøden er berre eitt eksempel.

George i Bienes historie er biebonde i USA. Året er 2007, og biene i bikubene hans døyr. Foto: Erik Berg.

Bikubekollaps

Ideen til romanen slo ned i henne etter at ho hadde sett ein dokumentar om bikubekollaps.
– Det var litt som ei openberring. Eg visste med ein gong kva for karakterar eg skulle ha med, og i løpet av ein ettermiddag hadde eg ramma på plass for handlinga i romanen, fortel Lunde.
Bikubekollaps handlar om at biekoloniar særleg i USA og Canada har blitt utsette for ei tilnærma masseutrydding dei seinaste tiåra. Kvifor dette skjer? Forklaringsmodellane er mange – mellom anna er det visse sprøytemiddel som får mykje av skulda. Resultatet er uansett at biene døyr, og utan honningbier blir ikkje frukttrea pollinerte, og dette trugar i sin tur heile den globale matvareproduksjonen.

Kjærleiken til naturen

Bienes historie er første del av ein kvartett forlaget Aschehoug har kalla «klimakvartetten», der fjerde boka blei lansert i september 2020. Lunde kallar det sjølv romanar om natur og menneske. Miljøengasjementet blei tent tidleg hos unge Maja Lunde.
– Da eg var lita jente hadde eg og to venninner ein klubb vi kalla Animals Friends. Vi var imot dyreforsøk og sånn, forklarar ho, og røper at ho også prøvde seg ein kort periode som vegetarianar.
– Eg var eit engasjert barn og ungdom, men eg var ikkje eit utprega organisasjonsmenneske, og det er eg framleis ikkje. Hadde eg hatt svaret på korleis vi skal få vekka alle menneske til å endre seg og engasjere seg for miljøsaka, hadde eg vel vore topp-politikar.
I staden blei det forfattar av jenta som elska å vere ute i naturen, som pressa blomar og laga herbarium heime i leilegheita i Parkveien, midt i Oslo sentrum.
– Det å vere aleine i naturen kan vekke ganske store kjensler i meg. Det meiner eg folk burde gjere meir av. Eg trur ein blir engasjert til å kjenne meir ansvar for naturen om ein er meir i han aleine, legg vekk mobilen og berre observerer dette samspelet vi er ein del av.

Kunsten og dei store spørsmåla

– Vi må snakke om sorga, redsla og fortvilinga vi menneske kan kjenne overfor miljøet. Men også kjærleiken vi kan oppleve til naturen og etterkommarane våre. Miljøsaka kan vekkje eit spekter av kjensler i oss.
Dette meiner Maja Lunde at kunsten kan gjere på heilt andre måtar enn forskingsrapportar og det meste av journalistikk.
– Gjennom kunsten kan vi relatere oss, vi kan spørje oss sjølve: Kva om eg var i denne situasjonen, kva for val ville eg gjort? Kva om dette var mitt barn?
Det er det mellommenneskelege, relasjonelle og familieforhold som er motoren når Lunde skriv.

Kuan og Tao i Bienes historie bur i Kina. Året er 2098, og sonen deira, Wei-Wen, fell i koma utan at dei skjønar kvifor. Foto: Erik Berg.

Musikal på eigne bein

Det var dramaturgane Ingrid Weme Nilsen og Anders Hasmo ved teateret som først såg potensialet etter å ha lese romanen til Maja Lunde. Dei hadde i lengre tid leita etter materiale til å lage ny, norsk musikal frå botnen, og Bienes historie stod med det same fram som det perfekte utgangspunktet. Dei skjønte at dette hadde potensial til å bli noko veldig stort. Dramaturgane inviterte Maja Lunde til eit møte på teateret, og ho tende på ideen om at boka ikkje berre skulle bli teater – men musikal!
– Det å velje å gjere Bienes historie i ei form som er så annleis, gjer også at ein kan frigjere seg meir frå utgangspunktet, tenkjer forfattaren. Ho er oppteken av at musikalen skal få stå som eit heilt eige kunstverk.

Boka blir dramatisert av dramaturg Ingrid Weme Nilsen, og songtekstane blir skrivne av tidlegare dramaturg ved Det Norske Teatret, Ola E. Bø. Maja har lese mange versjonar av manuset, og gitt detaljerte tilbakemeldingar. Dette vekte lysta til å skrive for teater sjølv, og den som lever får sjå kva det blir.
- Men eg kan seie såpass at det står i den siste boka mi at eg held på med eit teaterstykke. På nynorsk… Og den boka er ganske sjølvbiografisk, røper ho med eit lurt glimt i auga.

Maja Lunde meiner vi bør gå meir ut i naturen aleine. Utan mobilen. Foto: Maiken Mathisen.

Å nå fram

Den første teateropplevinga Maja Lunde hadde på Det Norske Teatret med Les Misérables den gongen i 1988, rørte ved noko i henne. I dag er det ho som opplever å røre andre – også dei unge. Fleire gonger både her heime og i utlandet har spesielt unge jenter komme bort til forfattaren og takka for at bøkene har endra liva deira.
– Dei fortel at dei før berre var opptekne av utsjånad, sminke og sentrerte rundt eige ytre. At dei var deppa og hadde dårleg sjølvkjensle, men at boka har opna auga deira og gjort at dei har klart å vende merksemda utover, styrka sjølvbildet deira, latt dei sjå at vi har så store utfordringar i verda at dei no bruker all energien på det i staden. Det er ganske sterkt!
– Å hugse at det finst større ting i verda enn den nyaste lipglossen er veldig sunt, seier forfattaren og ler, før ho seier litt meir alvorleg: - Det handlar jo om å nå fram – inga kjensle er betre enn det.

Bienes historie blir til musikal med musikk av Nils Bech og med dansarar frå Nasjonalballetten. Foto: Erik Berg.

Uvisse

Når det gjeld synet på framtida, er ho «litt sånn annankvar dag»:
– Nokre dagar er eg veldig optimistisk og tenkjer at vi menneske har krafta og viljen i oss å endre kurs. Andre dagar tenkjer eg at det er sjanselaust fordi vi er så programmerte til å vere kortsiktige. Vi sikrar oss for i morgon, men klarer ikkje å sjå 30 år fram i tid. Lunde vedgår at ho synest det kan vere tungt. Ho ser nye konsekvensar av menneskas påverknad på naturen kvar dag.
– Eg kjenner sorg over at isen på Grønland forsvinn, for eksempel. Eg kan også kjenne på resignasjon – men har heldigvis ei lys grunnstemning, elles hadde eg nok ikkje klart å gå inn i denne relativt mørke materien, seier ho.
Vi veit jo faktisk ikkje kva framtida bringar, sjølv om det kan sjå dystert ut.
– Dette gjeld både miljøet og koronasituasjonen, seier forfattaren og lar det grågrøne blikket kvile i rommet: Vi må berre lære oss å leve i uvisse.

Toppfoto: Oda Berby/Aschehoug Forlag