Bakgrunnsartikkel

Klar for utfordringa som Nattas dronning

– Det slår meg at eg burde ha starta med songtimar i går, seier Charlotte Frogner som akutt respons på rolla ho skal i kast med til våren.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Nattas dronning i Mozarts siste og kanskje mest verdsette opera Tryllefløyta er ingen lettvektar, og står for ein av operahistorias mest kjente ariar.

– Eg har vore innom rolla tidlegare. Det var i sisteåret på Teaterhøgskolen, og Nattas dronning var den gongen plassert i eit badekar. Men det begynner å bli ei stund sidan, så her er det berre å trene stemma, seier Charlotte Frogner og ler.

Dei fleste treng berre eit par tonar frå Der Hölle Rache. A-a-a-a-a-a-a-a og så er dei med. For Charlotte Frogner blir det ein heftig retur frå barselspermisjonen.

– Ja, det blir ein tilbakekomst med trøkk! Det er ikkje berre å snike seg inn dørene, skjøner eg, da må ein berre klemme til, seier ho.

Deira musikalske stil er i tråd med datidas estetiske ideal.

Og med seg på rollelista har ho eit solid lag. Den despotiske enkedronningas motspelar Sarastro blir spelt av Pål Christian Eggen. Prinsen Tamino (Vetle Bergan) og prinsesse Pamina (Ina Svenningdal) er det unge paret. Deira musikalske stil er i tråd med datidas estetiske ideal. Papageno (Joachim Rafaelsen) og Papagena (Ragne Grande) er the comic relief/det komiske paret, som særleg er kjente for volkslied-duetten og Fuglefangar-arien. Som rollelista kanskje seier, denne oppsetjinga blir ingen operaframsyning. Poenget er nettopp at skodespelarane ikkje er klassiske songarar. Musikken blir arrangert og tilrettelagt for desse stemmene. Men så var også Mozarts siste heilaftans framsyning eit høgdepunkt i wiensk syngespeltradisjon. Ho hadde talt dialog og ikkje sungne resitativ. Og tradisjonen for syngespel står også sterkt ved Det Norske Teatret. •


Artikkelen er publisert 8. november 2022.