Bakgrunnsartikkel

Musikar med øks

I teaterframsyninga Heil ved har Stein Torleif Bjella hatt ansvaret for å lage musikken og står også på scenen sjølv som skodespelar. Kostymet er klede han trivst godt i også privat, nemleg vernebukse og vernesko.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

- Eg likar å komme litt tidleg til teateret, når eg får vere her denne korte tida. Da tenkjer eg at eg liksom skal nyte det, seier Bjella, som er mest kjend som musikar og songar. Det har vore ein travel haust med mange jern i elden. Han har lansert albumet Nysetmåne, som fekk knallsterke kritikkar, vore på turné - og på teaterprøver, både i skogen på Hurum og inne på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Det har vore så travelt at han heldt på å miste lappen – og han har faktisk mista ein nagl. Det siste skjedde med ein blånagl under ein konsert, og er jo ganske kritisk for ein gitarist. Der og da pensla han plekterfingeren inn med superlim.
- Men eg lurer på om eg må ta meg ein tur til ein slik neglesalong for å få meg ein ny, mumlar Bjella i skjegget, og forsikrar at dette slett ikkje er uvanleg blant gitarspelande musikarar.

Brå teaterdebut

Det blir første gongen den barske hallingen får stelt neglene av ein profesjonell. Men det er ikkje første gongen han skal stå på scenen i regi av Det Norske Teatret. Førre gongen kom det noko bråare på:
- Eg var akkurat ferdig med ein spelejobb på Stord, og så ringde regissøren for framsyninga Kan nokon gripe inn klokka 8 om morgonen, og lurte på om eg kunne steppe inn og spele teater i Stormen Kulturhus i Bodø same kvelden. Så det gjorde eg, da, seier Bjella tørt.

Frå framsyninga Kan nokon gripe inn, basert på songar og tekstar av Stein Torleif Bjella. Foto: Erik Berg.

I 2017 sette Det Norske Teatret opp konsertframsyninga med tittelen Kan nokon gripe inn, basert på Bjellas tekstar og songar, og rolla han tok over på sparket var sjølve hovudkarakteren. Men musikaren tok tydelegvis ikkje skrekken, for da teatersjef og regissør for framsyninga Heil ved, Erik Ulfsby, ringde og lurte på om han kunne tenkje seg å lage musikken, og kanskje også vere med på scenen sjølv, var han ikkje vond å be. Og sidan temaet for framsyninga er noko han i tillegg kan mykje om og, ja – brenn for – nemleg skog og ved, så har han tatt på seg meir ansvar enn berre det han i utgangspunktet blei beden om.
- Eg har jo med meg alle rekvisittane på scenen heimanfrå. Eg har med traktor, arbeidsbrakke, jernhest og mitt eige arbeidsutstyr.

Bjella med sin Massey Ferguson 133 med ei Moelvenbrakke på slep. Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.

Seig traktortur

Og det var under transporten av nokre av desse «rekvisittane» det heldt på å gå riktig gale. Da han køyrde den gamle Massey Ferguson 133 frå året han sjølv blei fødd, 1968, frå heimen sin i Ål og heilt ned til Hurum, gjekk det smått. Med ei Moelven arbeidsbrakke med (sjølv)innebygd vedomn med fyr i, snigla han og traktoren seg nedover smale sidevegar. Med klampen i botn gjekk det i 25 kilometer i timen. Ein stad på vegen valde han feil i eit kryss, og hamna inn på ein motorveg som ikkje var tillaten for traktorar. Da var plutseleg ein sivil politibil der og blinka med blålysa. Sjølv om det var kaldt å køyre i open traktor langs vegane denne kalde haustdagen, blei han litt sveitt nett da. Men politiet nøgde seg heldigvis med å blinke med lysa, og Bjella snudde og tok rette vegen resten av turen.

Andres perspektiv

I framsyninga Heil ved, står han på Hovudscenen på Det Norske Teatret for første gong, og er del av eit arbeidslag som skal felle tre i skogen. Under framsyninga skal dei felle, kviste, kubbe, kløyve og stable ei heil bjørk på scenen.
- Vi er jo berre ein gjeng karar som jobbar. Rolla mi heiter kanskje Stein Torleif, og er vel ein versjon av meg sjølv, da. Og så tenkjer eg at det nok er min vedaplass, seier Bjella og smiler.

- Det er nemleg dei andre som arbeider mest, seier han, og legg til at han har fått djup respekt for skodespelaryrket og korleis kollegaene lever seg inn i karakterane og set seg inn i andre sine perspektiv. Samtidig er det også noko han kan kjenne igjen frå sitt eige arbeid med å skrive låtar.
- Det er jo nye kameravinklar heile tida. Men så må eg jo innom meg sjølv også, da, på eit vis. Og det må vel skodespelarane også. Finne ei form for gjenklang i seg sjølve.

Stein Torleif på vedaplassen med kollega Christian Kallum. Foto: Dag Jenssen.

Det er både arbeidsmusikk og fire nye låtar av Bjella med i framsyninga Heil ved. Foto: Dag Jenssen.

Veamusikk

Til Heil ved har han komponert fire nye låtar og ein heil del av det Bjella kallar arbeidsmusikk. I tillegg til boka Hel ved av Lars Mytting, som er sjølve utgangspunktet for framsyninga, hadde Stein Torleif stikkordet «omsorg» frå regissøren, da han starta med å komponere.
- Vinter, reiskap, filing, stabling, kvisting, samvær, uro, morgondogg og bålvarme har også påverka instrumentalmusikken litt. Til arbeidsmusikken tenkte eg det måtte vere noko riffbasert. Seige, store, suggererande bluesriff som berre går og går i det uendelege. Men det er også nokre strekk som er melodiøse. Eg har vel først og fremst prøvd å lage variert og viktig musikk, som eg sjølv vil vere i.

Skogens mann

For trubaduren og no - skodespelaren - er Heil ved nesten som heimebane. I Ål eig han ifølgje seg sjølv ei røys med gamle hus som han har sett i stand – og ein vedaskog. På vidaregåande tok han landbrukslinja og blei skolert i mellom anna skogsarbeid, så han veit kva han driv med. Om han driv mykje med ved?
- Jah…, seier han litt småblygt og dreg på det.
- Eg trivst best med å tynne og drive skogspleie. Og hogge det eg treng til ved. Ta ei buske her og ei buske der. Og så eig eg jo ein tredjedel av ein vedmaskin, da, seier han, og tilføyer at han bruker han mindre og mindre.
- Eg bruker helst traktorkløyvaren. Eg likar å halde det rimeleg og nøkternt, seier skogeigaren og gnir seg i skjegget.
Og no frametter på Hovudscenen blir det heilt på gamlemåten. Med øks. Men først – ein tur til neglesalongen.

Intervjuet er publisert 11. november 2023.
Toppfoto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret