Tenk berre på Game of Thrones eller Bridgerton. Die Kaiserin eller fjorårets teaterkomet Tid for glede, eller Jane Eyre, for den del. Dei sit i skuggen på Oscar-utdelinga, i Cannes, under Grammy. Der mange kostymedesignarar har festa blikket på 1800-talet, og gitt oss uventa opplevingar av kostyme, parykkar, fargar og snitt, er det likevel ei som står ut blant dei ikoniske trendsettarane. Og ho levde mange hundre år før Marie Antoinette eller Elisabeth av Austerrike sette standarden for den nye rojale moten. For ingen har på same vis makta å bruke seg sjølv, utsjånaden sin og kleda sine til å forme ein kultus kring seg som Elizabeth den første. Som britane seier: She dressed to impress. «Power dress» var hennar oppfinning. Kleda var ein statusmarkør, og folket måtte ver så god å kle seg etter sin sosiale rang.
Teater. Diktarkunst. Musikk. Bildekunst.
Under den Elizabethanske regjeringsperioden (1558–1603), da dronning Elizabeth I sat på trona, var det ei sterk blomstring av kunst og kultur i England, med sjølvaste William Shakespeare som den mest innflytelsesrike. Romeo og Julie, som for tida spelar på Scene 2, er til dømes skrive under det som mange historikarar kallar the golden age – gullalderen – i engelsk historie.
She dressed to impress. «Power dress» var hennar oppfinning.
Denne kulturelle gullalderen var godt hjelpt av at England på same tid hadde solid økonomisk vekst, få politiske og religiøse konfliktar og eit folk som stort sett var nøgd med tilværet. Det er kanskje nettopp derfor denne perioden er blitt romantisert og framfor alt har tent som inspirasjon for kongelege og motedesignarar fram til våre dagar. Ikkje minst for artistar og kunstnarar.
Elizabethansk estetikk, men utan reglar
Vi har sett Madonna stramme korsettet og stive opp kragen. Lady Gaga har openbert henta fritt frå Elizabeth den førstes katalog i sine ville og outrerte antrekk. Beyoncé drog på turne i ein klart Elizabeth-inspirert silhuett i 2013. Men det var Alexander McQueen, rebellen i britisk haute couture, som saman med Sarah Burton for alvor bringa jomfrudronninga tilbake på den internasjonale catwalken. I dei originale kolleksjonane sine sidestilte han kvinneleg styrke og sensualitet med det skjøre.
Alexander McQueen kombinerte ofte det religiøse, det mellomalderske og det hinsidige med detaljerte broderi og glamorøse smykke med klar referanse til britisk stordom.
Sarah Burton, som tok over motehuset etter McQueens dramatiske død i 2010 – ho designa for øvrig brudekjolen til Kate Middleton da ho gifta seg med tronarvingen William i 2011 – vidareførte dette. Med sin mykje omtalte 2013-kolleksjon sette ho for alvor dronning Elizabeth I på motekartet igjen. Men oden hennar til den velkledde dronninga fekk ikkje nødvendigvis kvinner til å trekke i massive kragar eller pryde seg med perlebroderi og delikate blonder. Inspirasjonen sette likevel fart på fantasien til eit tusental designarar, artistar og kunstnarar. Fargane, stoffa, smaragdane, perlene, hermelinen og fløyelen har umerkeleg funne vegen til scenar, antrekk og musikksjangrar. Også her heime.
Slektskapen med Elizabeth I
Mimmi Tamba har lenge latt seg inspirere av Elizabeth I. Fascinasjonen hennar var så sterk at ho gjennom arbeidet sitt mest fann opp ein eigen musikksjanger, som ein honnør til denne mytiske og opphøgde kvinna. Renessansepop kallar ho musikken sin, og ho valde Elizabeth I sitt valspråk "Semper Eadem", eller evig den same, som tittel på albumet som no er blitt til ein teaterkonsert på Hovudscenen. Mimmi har sett både kvinna på pidestallen og kvinna bak fasaden. Ho har kjent på ein slektskap til dette splitta sinnet, til ho som måtte agere og vise styrke ute blant folket, og som samstundes trekte seg tilbake der ingen kunne sjå henne – avkledd og usminka – for å samle seg. Elizabeth I symboliserer både styrke, kontroll og lojalitet. Og ho var også rein og kysk. Og brutal, som alle monarkar på denne tida. Gjennom garderoben sende ho ut signal – om noko varig og jomfrueleg – og symbolikken i tøyet skulle peike tilbake på dronningas makt og suverenitet. Men bak denne maska, dette stive oppsynet, var det eit bankande hjarte, ei kvinne som må ha kjent på einsemda av å vere nettopp det, ei einsleg kvinne i eit sterkt mannsdominert miljø. Og einsemd, eller kjensla av å stå utanfor fellesskapen, er også noko norsk-senegalesiske Mimmi Tamba har kjent mykje på i sin karriere. For kven skal ein eigentleg vere? Og er ein evig og alltid den same?
Kostymedesignar med eit oppdrag
Kostymedesignar Unni Walstad har fått oppgåva med å transformere Mimmi Tamba og speglinga hennar (Heidi Gjermundsen Broch) til den sceniske utgåva av Elizabeth I. Ho gjekk til verket med ein viss kjennskap til dronningas liv og virke. Unni Walstad trivest godt med nerding, og ho har latt seg blende og fascinere av forretningskvinna Elizabeth.
– Elizabeth var eit genialt PR-menneske.
– Elizabeth var eit genialt PR-menneske, det første i verda omtrent, som marknadsførte seg sjølv ved hjelp av portrettmålarar, kunstnarar, teater, forfattarar og poetar. Ho ønskte jo å vere ei slags sol for folket.
Elizabeth I let seg måle ei rekke gonger. Og alle desse måleria er som reklameplakatar for ei dronning som ønskjer å formidle ein bodskap, med tallause symbol skjult i portretta, som skulle nå ut til dei som kunne avkode dei. Men det er også lett å gå seg vill i denne fascinasjonen. For Semper Eadem handlar ikkje berre om Elizabeth den første.
– Framsyninga handlar like mykje om Mimmi Tamba, om hennar reise og hennar univers. Mimmi er jo heller ikkje aleine om å beundre Elizabeth I, det er berre å nemne i fleng. Eg gjekk sjølv heilt inn i det, men måtte også lausrive meg. Semper Eadem er jo inga biografisk forteljing. Så eg har måtta endre litt på kostyma og gjere dei meir surrealistiske. Framsyninga har – i mine auge – ein fascinerande surrealisme i seg, noko som har gjort at eg igjen har gjort min eigen vri på det heile. Slik måtte det nesten bli. Det er jo eit musikkalbum med utgangspunkt i ein identitetskamp, bygd kring ein historisk karakter som hovudpersonen speglar seg i, som no skal til scenen, seier Walstad.
– Det er jo surrealistisk.
Så kokar det kanskje ned til nettopp det. At motedronninga og trendsettaren Elizabeth I igjen har funne seg ein kunstnar som bidrar til å bygge og understøtte myten om den sterke og kyske regenten. Kanskje vel ho seg sine verdige arvtakarar, eller formidlarar? Kanskje sit ho i det hinsidige, med globusen og septeret i hendene og føniksen godt plassert på kjolelivet, og ser seg ut nokon, kor som helst på kloden, ei som kan vere opphøgd og rein, sta og sjølvoppofrande, og som gjennom sin renessansepop kan bidra til atterfødinga – anten av seg sjølv eller av det guddommelege. Eller ei som rett og slett kan få folk til å føle seg litt rikare, og litt meir nøgde. Ei kjelde til varme, venleik og godleik.
Slik dronninga sjølv ønskte å vere.
Artikkelen er publisert 13. januar 2023.
Alle inspirasjons-collagar er kostymedesignarens eigne.