Bakgrunnsartikkel

#minbok

Noko av det fine med Litteraturtoget er at det opnar opp for samtalar om litteratur. Under dei tidlegare togturane har det vore stor aktivitet i sosiale medium. Mange har delt sine favorittbøker på Facebook, Twitter og Instagram med taggen #minbok - kanskje du vil vere med? Del ei bok du rår andre til å lese!

I fjor kom dei inn mange tips frå heile landet - ta ein kikk og sjå om du kanskje skal nytte deg av dei?

Vi har spurt fleire av skodespelarane på Det Norske Teatret om kva bok dei har lyst til å dele - og her ser du nokre av dei. Vi skal dele fleire i veka som kjem!

Ane Dahl Torp les denne boka nett no - Kristine Næss, Hannahs historie med Heddy og anbefaler både denne boka, samt Bare et menneske av same forfattar.


"Har du nokongong skamma deg så mykje at du ikkje maktar å stå i ditt eige liv? Har du nokongong lengta etter å underkaste deg nokon slik at du slepp ansvaret for deg sjølv? Har du drøymt om å vere nokons slave? Les Fugletribunalet." seier Marie Blokhus. Vi kan jo også nemne at Marie Blokhus veit kva ho snakkar om - ho har nemleg hovudrolla som Allis i framsyninga Fugletribunalet som er ei dramatisering av boka. Ho vann Heddaprisen i 2015 for nett den rollen!


#festlegfakta - det var faktisk Ane Dahl Torp som tipsa dramaturgiatet på Det Norske Teatret å lese Fugletribunalet. Ei veke tok det før dramaturg Ingrid Weme Nilsen hadde gjort nett det - og deretter satte ho i gang med å dramatisere boka. Ikkje dårleg!

Thomas Bipin Olsen er ein av skodespelarane som skal bidra på Litteraturtoget med å lese frå Jonas Hassen Khemiri sitt stykke Tilnærma lik som han sjølv spelte hovudrollen i nettopp. Sjølv anbefaler han andre å lese Gert Nygårdshaug sin Mengele Zoo.


Peer Perez Øian er for tida regissør for Songfuglen med Frank Kjosås i hovudrolla - og seier dette om boka som opptek han: "Eg har fleire gonger sagt at Leikvoll er ein forfattar vi burde henvendt oss til med tanke på å skrive for teater. Songfuglen er ei sterk historie, som også har mykje å fortelje på eit symbolsk plan. Det handlar om fryktpolitikk og fienden ved grensene. Dette kan vi kjenne oss igjen i, seier han. Historia er poetisk og hjarteskjerande vakker. Det handlar også om å finne sin eigen identitet, koste kva det koste vil. Ei sterk lesaroppleving, ein kraftfull og poetisk tekst ein blir sugd inn i" seier regissør Peer Perez Øian. Han anbefaler altså boka Songfuglen av Jan Roar Leikvoll - som det blir laga teater av i desse dagar.


Svein Tindberg anbefaler Trilogien av Jon Fosse. "Dette er noko av det mest fantastiske som er skrive. Det er ein slags suggererande legende over tre bøker. Har du ikkje alt lese dei - gjer det no!"