Bakgrunnsartikkel

- Olje er ein viktig ingrediens i familiehistoria mi.

Mina Salehpour er regissør, miljøforkjempar, kosmopolitt, iransk, tysk, litt norsk, men mest av alt historieforteljar. Eller formidlar, som ho kallar det. Og utan olje, er det usikkert kven ho hadde vore.

– Eg er her på grunn av oljen. På godt og vondt, seier Mina ettertrykkeleg.

No er ho snart premiereklar med Olje og vatn på Scene 2, som er ei forteljing om generasjonar som forsøker å skape seg eit godt livsgrunnlag og nyttar det jorda gir til å trygge eksistensen. Men også ein nærast filosofisk kunstinstallasjon som undersøker korleis mennesket til alle tider har bygd sitt paradis, paradis eller samfunn som går under og som står opp att i ny form. Det er ein positiv grunntone i framsyninga, der trua på mennesket vil skine gjennom.

- Olje er noko familien min har levd av; både mor mi, bestefar min og mange av tantene har vore del av oljebransjen, seier Mina. - Både før og etter revolusjonen, da det statlege oljeselskapet i Iran blei oppretta, kom inntektene, den høge levestanden og pensjonane derfrå. Var du del av denne økonomien, var du nokon. Men med utbrotet av krigen mellom Iran og Irak blei oljen brått farleg.

Mina er tydeleg på at krigen djupast sett handla om oljen, sjølv om grunnlaget for konflikten var særs kompleks.

- Krav om råderett over landområda handla jo om kva som låg i bakken her. Og det var jo oljen.

Scenen er fylt med materialet granulat. Det er både veldig vakkert og fristande å sjå på. Men det er et daudt stoff, laga av olje og luft.

Mina er vaksen opp med forteljinga om korleis brannane i oljeanlegga likna eit varmt helvete på jord. Om alle krigsskipa, om korleis familien måtte evakuere, om mora som bar på det ufødde barnet, om menneska som forsvann og om det nye livet i Teheran, der Mina kom til verda.

- Olje har vore styrande for livet mitt. Kvifor er eg her, på Det Norske Teatret? Jo, fordi revolusjonen braut ut, fordi Golfkrigen braut ut, fordi det blei farleg i Iran og foreldra mine flykta til Tyskland. Eg er her på grunn av oljen. Om det ikkje var for oljen, hadde eg budd i Iran. Kven hadde eg vore da?

Slik Gud ifølgje Bibelen forma menneska i sitt bilde, har menneska forma naturen i sitt.

Tekstane i framsyninga er henta frå ulike kjelder. Sentralt står den noko ukjende amerikanske romanen OIL! frå 1927, som filmen There will be blood frå 2007 baserte seg på. Også bibelske tekstar er blanda inn, mellom anna skapelsesberetninga og Evangeliet etter Matteus. Plakatfotoet har eit religiøst motiv, der vatnet er bytta ut med olje.

Mina Salehpour er vaksen opp i Tyskland, der ho tidleg kom i kontakt med teateret. Ho starta som praktikant i Frankfurt, gjekk over i ei rolle som regiassistent og blei seinare regissør ved stadsteateret i Hannover. Etter kvart blei ho del av den kunstnarlege leiinga ved Staatsschauspiel Dresden og har gjennom dei siste 15 åra vore ei skapande og kreativ kraft i det tyske scenekunstfeltet. Gjennom nettverket sitt kom ho i kontakt med teatersjef Erik Ulfsby og har dei seinare åra vore aktuell både på Det Norske Teatret med Tschick og no sist på Trøndelag Teater med Parsifal, ei framsyning ho blei nominert til Heddaprisen for.

Det er eit faktum at oljen har vore til stor hjelp. For å skape det moderne samfunnet. For å auke levestandarden og for å legge til rette for gode liv. Men det er skuggesider.

- But still. It’s not green, folkens, seier Mina med trykk. – Vi har levd godt på oljen fram til no. Det er på tide å ta pengane og rikdomen med inn i prosjektet som handlar om å tenke på noko nytt. Om eg visste kva det nye er, ville eg ringt nokre betydingsfulle folk.

Mina ler. Klimaaktivisten i henne har vakna, men ho har samstundes trua på menneskets evne til å tilpasse seg nye utfordringar og farar.

- Det har aldri vore enkelt for mennesket. Vi har vore tvinga til å skape omgjevnader der som er trygge. Vi treng beskyttelse, vi er det einaste dyret som ikkje kan overleve utan skydd. Det er eigentleg det stykket handlar om – korleis skal vi overleve? Vi må grave etter olje. Vi må grave etter vatn. Vi har ikkje noko val.

Men «dette nye», det som kjem etter oljen, vil garantert ha sine svakheiter. Som gjer at etterkommarane våre må leite etter noko nytt.

- Vi mistar paradis etter paradis, men vi vil aldri slutte å leite etter svar, eller moglegheiter. Slik er menneskets natur. Vi bygger stadig nye paradis. Derfor hentar Olje og vatn også delar av tekstgrunnlaget frå Bibelen og religiøse tekstar. Det er om skapnaden, som skjer om igjen og om igjen.

No er teikna om at paradiset vårt er i ferd med å rakne, meir og meir tydelege.

- Eg er van med å vere forsiktig i omgang med ressursar. Frå barndomen i Iran. «Skru av lyset, gjer ditt, gjer datt.» Så kom eg til Tyskland der forbruket var heilt annleis. Med for ti år sidan endra det seg totalt. Tørke, aukande temperaturar, flaumar. Og no med Rhinen og Elbe som årleg tørkar ut. Det er alarmerande.

Mina er forferda over situasjonen. Det er for mykje vatn. Det er for lite vatn. Uansett er det urovekkande teikn på at noko er gale i økosystemet. Ho er hovudristande vitne til at vi må få problema heilt opp på dørstokken for å ta det på alvor. Igjen bør menneska tenke seg grundig om, seier ho. Kome opp med noko nytt.

- Eg vil at folk som kjem på framsyninga skal tenke over at det ikkje er normalt at vatn kjem ut av springen! Kva skjer den dagen du står opp og vatnet ikkje er der. Det bør vi ha ein plan for, avsluttar Mina Salehpour.