Bakgrunnsartikkel

Miljøspørsmål til scenen

Teateret har til alle tider vore ein spegel mot samfunnet. Aktuelle problem blir sett under lupa og løfta til debatt. I vår tid er ingen problem meir prekære enn klimaspørsmålet.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingansvarleg

Det blir sagt at vi er den første generasjonen som kjenner effekten av klimaforandringane og den siste generasjonen som kan gjere noko med det. Dei siste åra har fleire framsyningar tematisert ulike sider av klimakrisa. Denne sesongen opnar på Scene 2 med framsyninga Olje og vatn. To viktige komponentar i alle moderne menneske sine liv. Der det eine er forbunde med liv og sunnheit, som ein føresetnad og eit vilkår, blir det andre fort knytt til forureining, profitt, grådigheit og naturkatastrofar. Olje og vatn kan ikkje blandast, dei vil skilje seg.

Herren Gud viste mennesket ut frå Edens hage og sette det til å dyrka jorda, som det var teke av.

Slik Gud ifølgje Bibelen forma menneska i sitt bilde, har menneska frå tidenes morgon forma naturen i sitt.

Saman med dramaturg Siri Løkholm Ramberg og ensemblet stiller regissør Mina Salehpour spørsmål om kvifor vi menneske er dømde til å grave vår eigen undergang. Sidan tidenes morgon har vi menneske forma naturen i vårt bilde. Utnytta det vi kan utnytte, pumpa opp, sabla ned, forbrukt og nytta som det passa oss. Menneskets jag etter livsgrunnlag og utvikling er avhengig av tilgang til begge naturressursane, både olje og vatn. Men kva skjer når vi menneske begynner å tukle med naturen? Kan det halde fram sånn?

Eit visuelt slåande scenebilde av Andrea Wagner beståande av eit basseng av svart granulat fyller heile speleplassen og er lyssett av Kyrre Heldal Karlsen. Her vil skodespelarane bade, dykke og grave seg ned, i kostyme av Maria Anderski, til episk musikk og lydlandskap signert komponisten Sandro Tajouri. Tekstane er inspirerte av bibelske tekstar og evangelium, i tillegg til Upton Sinclairs roman OIL! frå 1927.

På Scene 2 får vi også eit anna blikk på menneske mot natur denne hausten, signert Frode Grytten:

Eg såg med aigne auge bedehuset komma flytande ner mot fjorden. (Pause. Bibelsk.) Av fjord er du komen, til fjord skal du bli.

Inn frå regnet

Ein flaum av vatn har lagt ei norsk bygd i ruinar. Heile hus har segla vekk frå grunnmurane, liv har gått tapt. Og midt i dette, møter vi lokalpolitikar og fagrørslemann Olav Svendsen. Han nektar å la seg evakuere. Når statsministeren er venta til bygda for å besøke flaumoffera for å vise sympati og medkjensle, melder Olav seg frivillig. Endeleg skal han få rope ut til heile landet kor elendig denne regjeringa er. Det handlar ikkje berre om nedskjeringar i det nasjonale sikringsarbeidet, men om demonteringa av sjølve samfunnet.

Inn frå regnet er eit treffande og humoristisk skråblikk på korleis vi menneske taklar tilværet, når stesslessen bokstavleg talt seglar forbi hjørnesofaen. Da er det på tide å melde frå.

Svein Roger Karlsen speler Olav, mannen mot naturkreftene.

Når sikringa ryk og naudnettet sviktar.

Bienes historie

Dei seinaste åra har Det Norske Teatret hatt fleire framsyningar som på ulikt vis har tematisert klimaendringane, og kva det gjer med oss. I 2020 var det premiere på den nyskrivne musikalen Bienes historie, basert på romanen til forfattar Maja Lunde. Boka fekk strålande kritikkar da ho kom ut i 2015, og var eit vakkert varsku om konsekvensane av livsførselen vår. Insektdøden er ikkje eit skummelt framtidsscenario. Det er noko som skjer no. I dag er ein av tre bieartar, inkludert humler, på den norske raudlista, noko som betyr at dei er i fare for å døy ut.

I 2022 sette regissør Erik Ulfsby opp framsyninga på det kroatiske nasjonalteatret i Zagreb.

Ei historie om kor sårbare menneska er.

Arne Næss og fjellets løyndom

I 2021 hadde eit nyskrive stykke om økosofiens far, Arne Næss, premiere på Scene 3. I framsyninga fekk publikum følgje Arne sin veg gjennom 1900-talet som ei livsreise over fjella i Noreg, Europa, Asia og Antarktis. Det er ei klatring som tar han mot utviklinga av den filosofiske retninga som kom til å bli kalla “dypøkologi”, læra om korleis vi kan transformere oss sjølve med mål om å leve i samklang med økosystemet omkring oss.

Det var også ei reise frå moderniteten inn i klimakrisa i vår samtid, og ei forteljing om ein aldrande kropp som speglar seg i framveksten av norsk manndom, alt dette i skuggen av det Arne kalla Det gode lange livs far, livets velvillige og kjærleiksfulle fjell.

Å sjå ned frå fjellet, er meininga med livet.

Mina Salehpour er ein iransk-tysk regissør, for tida busett i Noreg.

Tidsånda vil alltid snike seg inn i sceneromma våre, medvite eller ikkje.

Olje og vatn er eit resultat av eit uvanleg samarbeid mellom ensemblet og eit sentraleuropeisk kunstnarleg lag med regissør Mina Salehpour i spissen. For henne og gjengen hennar er klimaspørsmålet blodig alvor. Olje har vore ein vesentleg faktor i livet hennar, både som føresetnad for eit godt liv og som bakgrunn for ei familiær migrasjonshistorie. Ønsket hennar er - meir enn å halde eit aktivistiske innlegg i klimadebatten, eller stikke fram ein peikefinger - å lage ein filosofisk kunstinstallasjon på Scene 2, som vonleg vil få publikum til å sjå både det vakre og det komplekse i naturen.