Vi får følgje Arne sin veg gjennom 1900-talet som ei livsreise over fjella i Noreg, Europa, Asia og Antarktis. Det er ei klatring som tar han mot utviklinga av den filosofiske retninga som kom til å bli kalla “dypøkologi”, læra om korleis vi kan transformere oss sjølve med mål om å leve i samklang med økosystemet omkring oss.
Det er også ei reise frå moderniteten inn i klimakrisa i vår samtid, og ei forteljing om ein aldrande kropp som speglar seg i framveksten av norsk manndom, alt dette i skuggen av det Arne kalla Det gode lange livs far, livets velvillige og kjærleiksfulle fjell.