Bakgrunnsartikkel

Mara

Myten om Mara er ei anna av inspirasjonskjeldene i framsyninga Mare. Mare som i mareritt, mor og hav.

Du vaknar og trur det berre var ein draum at verda gjekk under, men det var sanning som rørte ved deg da du ikkje kunne forsvare deg. I søvnlamma landskap kan ingen høyre deg skrike. Rettare: Ingen bryr seg om du skrik. Når mamma ikkje lenger bryr seg, kan ingenting redde deg. Mara er eit norrønt vesen som hadde det med å sette seg eller ri på brystet til folk og dyr mens dei sov, og med det vere årsak til kjenslene av å bli kvelt. Dette er ein tilstand som blir beskrive over heile verda og som blir kalla søvnlamming eller søvnparalyse. Den sovande er i ein slags vaken tilstand, men ute av stand til å røre seg, får problem med å puste og opplever også ofte hallusinasjonar. Mara er også opphav til uttrykket som beskriv det å ha ein vond draum – eit mareritt. Vi kan bli ridd av marer som vi kan bli ridd av dårleg samvit.