Det Multinorske
Hausten 2012 starta Det Norske Teatret opp bachelorstudiet Det Multinorske for skodespelarstudentar med familiebakgrunn utanfor Europa. Målet var å få scenekunstfeltet i stand til å byggje ensemble som speglar det moderne Noreg. Dette studiet hadde ei tidsavgrensing, og planen var å uteksaminere to kull. Det Norske Teatret valde likevel å halde fram med ytterlegare eitt kull som no er inne i sitt siste studieår. Utdanninga fekk midlar frå Kulturdepartementet, men blei langt frå fullfinansiert. Planane blei likevel gjennomførte, og som resultat av denne satsinga er mangfaldet ved norske scenar, i norsk film- og tv-produksjon vesentleg auka.
Rommen Scene
Kjerneverksemda til Det Norske Teatret er å spele teater, vi er ingen utdanningsinstitusjon, og det var aldri planen å etablere ei permanent studieretning. Den nyaste satsinga vår i mangfaldsarbeidet er Rommen Scene i Groruddalen, vår fjerde spelescene. Med denne har teateret etablert ein spelearena som er med på å gi arbeid til fleire skodespelarar, også dei som er utdanna frå Det Multinorske. Intensjonen er å bringe fram nye forteljingar i nært samarbeid med dei lokale kreftene i bydelen, og ei utvikling som dette tar tid. Rommen Scene blei opna i januar 2019 og Belinda Braza er tilsett som kunstnarleg leiar.
Talent Rommen
Hausten 2020 tok Det Norske Teatret ytterlegare eit initiativ i prosjektet Det Multinorske. Denne gongen skal det handle om dei kunstnarlege premissleverandørane; regissørane og scenografane. I desse definerande faga er mangfaldet så å seie fråverande, og det er avgjerande at det finst fleire og meir mangfaldige stemmer også i desse yrkesgruppene. Frametter kjem Det Norske Teatret til aktivt å leite etter samarbeidspartnarar for å kunne etablere eit bachelorstudium etter modell av Det Multinorske. Ambisjonen er å kunne starte opp ei solid, attraktiv og banebrytande utdanning slik at heile økosystemet i ein teaterproduksjon speglar miljøet rundt seg.
Video frå 2016 om historia bak Det Norske Teatret - som alltid har vore "eit teater for dei utanifrå" - og om satsinga på mangfald: