Bakgrunnsartikkel

Louis’ prosjekt

Édouard Louis insisterer på at det personlege er politisk. Gjennom granskande litterære skildringar av si eiga og familiens historie, viser han fram sider av samfunnet mange ikkje kjenner til, i eit ønske om endring.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsansvarleg

Édouard Louis blei fødd i 1992, og fekk namnet Eddy Bellegueule. Han vaks opp i eit fattig arbeidarklassemiljø i Nord-Frankrike, med mor, far og fire søsken.

Gjennom fleire bøker, og påfølgande debattar, har vi som lesarar komme nære både han sjølv, familien og staden han vaks opp. Spørsmål om kven som er offeret og kven som er overgripar i forteljingane, er ofte ikkje det viktigaste. Det er større, samfunnsmessige problem som er kjernen av Louis’ prosjekt.

Emil Johnsen spelte i framsyninga Farvel til Eddy Bellegueule. Regien var ved Kjersti Horn. Foto: Chris Erlbeck.

Klassedebatt

21 år gamal debuterte han som forfattar med romanen Farvel til Eddy Bellegueule. Det var ei personleg forteljing om eigen barndom og ungdom, og ei skildring av eit oppvekstmiljø prega av vald, fattigdom, alkoholisme, homofobi og rasisme. «Eg har ingen lykkelege minne frå barndommen,» startar romanen med. Behovet for å sleppe fri og byrje på nytt blir starten på ei klassereise som mellom anna inneberer at han kvitter seg med sitt gamle namn, som tittelen på boka viser til.

«Eg har ingen lykkelege minne frå barndommen»

Boka fekk internasjonal merksemd, blei hylla for sine litterære kvalitetar. Men den vekte også politisk debatt, og blei møtt med kritikk. Enkelte meinte Louis var for hard i skildringa av arbeidarklassen han sjølv kom frå. Det var eit blikk på staden han kom frå og folka han vaks opp med som hadde adoptert elitens tankar og idear, las enkelte. Ei skildring som sparka nedover, og ikkje forstod dei strukturane og politiske kreftene som stod ansvarlege.

Ein av dei som kritiserte han her i Noreg, var forfattar Kjartan Fløgstad. I essaysamlinga Etter i saumane og påfølgande debatt i Morgenbladet, problematiserer det han meiner er ei forsterking av klisjear og fordommar om arbeidaren og arbeidarklassen, der borgarskapet blir framstilt som frelsa.

Med debutboka nådde Louis breitt ut. Den om omsett til meir enn 30 språk, og plasserte Édouard Louis som ein av dei viktigaste unge litterære stemmene i Europa.

Fiksjon er luksus

Verkelegheitslitteratur har vore ein del av diskusjonen rundt forfattarskapen til Louis. To år etter debuten kom den sjølvbiografiske romanen Voldens historie. Der fortel Louis om ei eigenopplevd valdtekt. I romanen blir skildringa av overgrepet fortalt av søstera hans, som fortel det til mannen sin. Louis, som er eg-personen i romanen, overhøyrer søsteras gjenforteljing, gjømt bak ei dør.

Framsyninga Valdens historie hadde premiere på Det Norske Teatret i 2017. Det var Kjersti Horn som hadde regien. Foto: Gisle Bjørneby.

Mykje av samtalen rundt Louis’ romanar har nettopp dreidd seg om at dette er forteljingar frå hans eige liv. I samband med at Valdens historie blei teater i 2017, var Louis på Det Norske Teatret. I eit intervju fortalte han om kvifor det var heilt sentralt at folk visste at dette er verkelegheit.

- Etter at eg rømte frå landsbyen eg vaks opp i, begynte å studere og forstod at eg ville skrive bøker, innsåg eg at fiksjon var ein luksus eg ikkje hadde råd til, seier Louis.

For Édouard Louis er all litteratur politisk.
- Å publisere ei bok medfører at du har ei stemme i eit hav av diskursar, idear og meiningar. Når du les boka mi, vil eg ikkje at du skal sleppe unna. For meg er målet å finne ein litterær konstruksjon som konfronterer lesaren med det eg vil seie. Så det er ikkje berre ‘engasjert’ litteratur, det er konfronterande litteratur eg skriv.

Louis meiner at sanninga er ein politisk styrke.

Framsyninga Kven drap far min hadde premiere på Det Norske Teatret i 2019. Regien var ved Kjersti Horn, og på scenen stod Emil Johnsen. Foto: Dag Jenssen.

Politisk kampskrift

I 2018 kom Hvem drepte faren min. I boka skriv Louis om korleis det maskuline idealet i byen han vaks opp, har øydelagt far hans. Men det er også ei skildring av korleis faren blir ytterlegare knust av fattigdom og mangel på hjelp, etter ei ulykke på fabrikken han arbeider. Dette er den til no mest eksplisitt politiske romanen han har gitt ut, med direkte kritikk av den politikken og dei politikarane som held faren og arbeidarklassen fast i fattigdom og lav sosial status.

For Louis og familien var politikk eit spørsmål om liv og død. «Det er ein avstand mellom dei som bestemmer, dei som bryr seg, og dei det påverkar,» skriv han i boka. Louis peiker på kven som er skyld i livet faren må leve. Faren er, i motsetnad til kva tittelen seier, i live. Men det livet han lever er brennmerka av politikarar som lever heilt andre liv. Politikarar som vedtek lovar dei sjølv aldri vil merke konsekvensane av.

Det er svaret på spørsmålet i tittelen på romanen: Kven drap far min.

Historia om faren sin øydelagde kropp står som ei skulding mot den politiske historia: Emmanuel Macron, François Hollande, Manuel Valls, Myriam El Khomri, Martin Hirsch, Nicolas Sarkozy, Xavier Bertrand, Jacques Chirac.

Sånn sett kan ein lese boka som eit politisk kampskrift mot nedbygginga av velferd i Frankrike. Boka blei utgitt i ei tid der Frankrike opplevde eit gryande politisk opprør. «Dei gule vestane» er ei grasrotrørsle som kjempar for endring i den økonomiske politikken i Frankrike. Louis har sagt at han ser foreldra i menneskemengda som demonstrerer i gatene.

Forvandlinga i eit namn

I den siste romanen, som no blir teaterframsyninga Ei kvinnes kampar og forvandlingar, er det mora han skriv om, - og til. Gjennom tre fotografiar viser han mora i ulike fasar av livet hennar. Det først er eit bilde av mora tidleg i 20-åra, før ho blei gift og fekk barn:

«Jeg finner ikke de rette ordene for å forklare det, men alt på dette bildet – måten hun poserer på, blikket, hårets bevegelser – uttrykker frihet, det å ha en uendelighet av muligheter foran seg, og kanskje også lykke.»

Det er skildringa av ei utsett og undertrykt kvinne som oppdrog fem barn i fattigdom, og som levde i eit valdeleg forhold i 20 år. Det er forteljinga frå ein son som innser at mora også har hatt eit liv før han, med håp og draumar for framtida. Og det er ei forteljing om ei kvinne som til slutt finn styrken og motet til å frigjere seg, reise bort og starte på nytt, som han sjølv gjorde.

Og akkurat som Louis, fjernar også mora namnet Bellegueule, som del av si forvandling.

Artikkelen er publisert 9. november 2022.
Toppfoto: Nora Lorek / TT / NTB Scanpix