Bakgrunnsartikkel

Lorca har følgt 
meg heile livet!

Når Trini Lund takkar av etter 45 år som skodespelar ved Det Norske Teatret er det med ein diktar som har følgt henne gjennom heile livet. Lund og Lorca – ein musikalsk poesikveld er tittelen på programmet som ho sjølv har sett saman.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Eg møtte Lorca tidleg i livet, seier Trini om valet av diktar til avskjedsframsyninga. Katolisismen, som eg fekk inn frå barnsbein, førde meg inn i hans univers.

Sjølv om det er poesien til den spanske poeten som står i sentrum, vil gjenklangen dikta hans fann i Trinis eige liv spele ei viktig rolle.

Den katolske oppveksten skuldast ei blanding av kjærleik, krigshistorie og dramatiske sjukehusopplevingar. Sjølv har ikkje Trini noko behov for å snakke om det.

– Det blir fort ei tåredryppande forteljing, men for meg har det aldri kjentest slik, seier ho med ettertrykk. Likevel, alt heng saman med alt, blir det sagt. Og noko av det dramatiske sinnelaget, livsgleda, utforskartrongen og det rebelske ved Trini Lund kan kanskje førast tilbake til dei første leveåra. Faren var i London under krigen der han arbeidde for BBC. Her møtte han ho som skulle bli mor til Trini. Irsk-engelske Kathleen blei etter kvart med heim til Noreg, lærte seg eit utmerkt norsk, så godt at ho også omsette bøker, og fekk barna Henrik og Katrine Elizabeth, som er Trinis eigentlege døypenamn. Den perfekte kjernefamilien blei ramma av krisa da mora i ein alder av 40 år blei send til Raudekrossen for ein ryggoperasjon. Trini og broren var på katolsk feriekoloni på Hadeland da meldinga kom om at noko var gått gale og at mora var gått bort. Berre 6 år gamal lærte Trini at livet var forgjengeleg og at døden kan komme umeldt.

Kong Lear, 1983
Kong Lear, 1983
Blomar av det sjuke, 1992
Blomar av det sjuke, 1992
Medea, 1982
Medea, 1982
Vegen til Mekka, 1987
Vegen til Mekka, 1987

Døden er eit gjentakande tema i García Lorca sine verk. Som han sjølv uttrykte det: Ekte kunst kan berre finnast dersom døden også er til stades.
Døden var også sterkt til stades i hans privatliv. Kanskje ikkje rart at poeten fenga den unge Trini Lund. Ho var berre 18 år da ho oppdaga Lorca, i ein periode da ho forsøkte å bli skodespelar og oppheldt seg aleine i London.

- Men det var ikkje døden som var fellesnemnaren. Noko av det første eg hengde meg opp i ved Lorca var hans problematiske forhold til katolisismen.

Lorcas indre kamp i spenninga mellom Gud og Dionysos var også noko ho sjølv strevde med.

Oppveksten i eit strengt katolsk miljø hadde prega unge Trini meir enn ho var villig til å innrømme. Lorca sette ord på tankegods ho sjølv opponerte mot.

- Eg stod sjølv i ein spagat eg opplevde som vanskeleg som barn. På St. Sunniva, der eg gjekk på skolen, var det berre nonner som underviste. Pappa arbeidde på Folketeatret den gongen og etter skoletid løp eg ned dit. Nonnene rista på hovudet og sa bekymra at «neimen, Trini, skal du ned på teateret, noko så skammeleg» og la denne synda på mine unge akslar. Dei såg på teateret som ein upassande stad for ei ung jente.

Framsyninga Tida er vår heim i 1994. Trini Lund som Anna, Jan Grønli som Tomas og Vidar Sandem som Nils.

Alt som barn spelte ho roller. Og sjonglerte kvardagen gjennom ulike versjonar av seg sjølv.

- For å kompensere for det syndefulle ved dragninga mot teateret, og for namnet Trini som heller ikkje blei sett på som «ordentleg», spelte eg ekstra religiøs gjennom heile skoledagen. Kvar tysdag var det skrifte hos pastor og da fantaserte eg fram synder for å ha noko å vise til. Eg var ekstremt from i eit forsøk på å passe inn i undervisninga nonnene førte på St. Sunniva skole.

Straffa for skriftemålet var å telle bønner på rosenkransen. Kvar kveld ville faren vite kor mange bønner ho måtte be. Var dei talrike, kunne ho få høyre at ho hadde vore slem. Det provoserte henne. Å be var jo i utgangspunktet noko positivt, men ikkje dersom du bad for dine synder.

Mona Hofland som Miss Helen og Trini Lund som Elsa i Vegen til Mekka i 1987, regi Thea Stabell.

- Eg kjente eit opprør allereie da, som lita jenta. Eg visste at her var det noko som ikkje stemte. Var eg syndig? Kvifor skulle det å be vere ei straff.

Det var først som ung jente at ho kunne formulere denne ambivalensen for seg sjølv og det var først da ho skjønte at andre kunne ha kjent på dei same kreftene. Hos Lorca fann ho ein som sette ord på ambivalensen ho kjente for den katolske kyrkja. Hans forhold til naturen, religionen, mennesket, smerta, døden og kjærleiken fascinerte.

- Eg blei veldig gripen ved første møte. Det er som om pulsen min slår meir i takt med Lorca sitt hjarte, seier Trini Lund om diktaren som ho tar med seg på scenen når ho rundar av ein rik karriere ved teateret. – Det er temperamentet, ja heile lynnet som treffer min irske halvdel så sterkt. Dessutan var han også veldig musikalsk, ein glimrande pianist.

Trini Lund som Bule-Jenny i Tolvskillingsoperaen av Bertolt Brecht, 1992. Her saman med Øyvind Blunck.

Det som er igjen av religion i Trini Lund er samvitet når ho gjer noko gale. Da slår det inn ei kraft som gjer at ho må be om orsaking – intenst og ofte.
– Og det kan jo vere litt av eit slit, så mykje gale som eg gjer, seier ho med eit flir.
– Det heng igjen, sjølv om eg ikkje er nokon ivrig kyrkjegjengar lenger.
Men eg vil jo helst at det er nokon der, seier ho og siktar til gudeverda. Sjølve katolisismen har ho derimot lite til overs for.
– Som vaksen har eg vore forbanna på kyrkja når det gjeld pengebruken deira, kven dei hjelper og alle løgnene deira. At det er mykje humbug og falskleik, er det liten tvil om, seier ho. Men innrømmer likevel at ho alltid må innom den katolske kyrkja når ho er på reise. – Det er noko med roen eg finn der. Estetikken i kyrkjerommet og dufta av røykelse. Da er det mange minne som trenger seg på. At vi fekk askekorset teikna i panna på askeonsdag, at vi kasta palmeblad i opptog nedover St. Olavsgate på palmesøndag, eg levde meg inn i det, det var rike og frodige bilde som sette fart i fantasien min.

Eg trur mykje av grunnen til at eg blei skodespelar skuldast desse erfaringane.

Heile det rommet, på eit vis. Og det kjenner eg igjen hos Lorca. Skildringane hans av byane, landskapet og omgjevnadene hans handlar mykje om det store rommet, seier Trini Lund. Som trass ein brei, allsidig og lang karriere ved scenen, der ho har spelt roller i alt frå storslegne musikalar som West Side Story, til kabaretar baserte på Prøysen og Brecht, til sirkusklovneri og samtidsdramatikk av Lars Norén, aldri har hatt ei rolle i eit Lorca-stykke. Trass i denne fellesskapen. Men kva gjer vel det når ein kan ta med seg nokre av landets finaste musikarar og lage si heilt eiga framsyning basert på dei vakraste, såraste og mest intense utdraga frå poesien hans. Det gir meining og det er ein fin måte å takke av på. – Men eg vil jo halde fram med å vere skodespelar, seier ho med det umiskjennelege og lure smilet. – Eg er jo ikkje ferdig, sjølv om eg blir pensjonist.