Lund og Lorca
Ein musikalsk poesikveld.
Når Trini Lund takkar av etter 45 år som skodespelar ved Det Norske Teatret er det med ein diktar som har følgd henne gjennom heile livet. Lund og Lorca – ein musikalsk poesikveld er tittelen på programmet som ho sjølv har sett saman.
Sjølv om det er poesien til den spanske poeten og dramatikaren som står i sentrum, vil gjenklangen dikta hans fann i Trini sitt eige liv spele ei viktig rolle. Ho var berre 18 år da ho oppdaga Lorca, i ein periode da ho forsøkte å bli skodespelar og oppheldt seg aleine i London. Lorcas indre kamp i spenninga mellom Gud og Dionysos var noko ho sjølv strevde med. Mora var irsk-engelsk og oppveksten i eit katolsk miljø hadde prega unge Trini meir enn ho var villig til å innrømme.
Tidleg fascinasjon for Lorca
Lorca sette ord på tankegods ho sjølv opponerte mot. Alt som barn spelte ho roller. Først som den som fantaserte fram synder under skriftemålet ein gong i veka, og seinare da ho spelte from i eit forsøk på å passe inn i undervisninga nonnene førte på St. Sunniva skole. Hos Lorca fann ho ein som sette ord på ambivalensen ho kjente for den katolske kyrkja. Hans forhold til naturen, mennesket, smerta og kjærleiken fascinerte.
Dikta til Federico García Lorca er omarbeidde av Trini Lund, basert på gjendiktingane til Tove Bakke og Ragnar Hovland (Grøn vil eg ha deg grøn. Dikt i utval, Samlaget 2016) og Astrid Mercedes Ness (Dikt om den dype sang, Solum forlag 1978) og Kari Näumann (Sigøynerballader, Solum forlag 2005). Originalmusikken til Lorca sine dikt er skrive av Tom S Lund.