Bakgrunnsartikkel

Lehman Brothers – gigantkonkursen som endra verda

Etterverknadene av krisa har vore merkbare i store delar av den globale økonomien sidan. Inntil dei i våre dagar blir overskygde av koronakrisa.

Skrive av
Einar Lie
Einar Lie
Professor i moderne økonomisk og politisk historie.

15. september 2008 gjekk den amerikanske storbanken Lehman Brothers over ende, den inntil då største konkursen i USA si historie. Banken blei den første store dominobrikka som fall og reiv ei lang rekke finansinstitusjonar med seg over heile verda, i det som snart blei kjent som «finanskrisa».

Inne i Lehman Brothers hadde ei avgrensa gruppe personar i leiinga i fleire veker sett problema tårne seg opp. Men fleire forsøk på å finne nokon som kunne kjøpe banken, slo feil. Og styresmaktene rygga tilbake for tanken om å skyte inn enorme milliardbeløp i banken. Dagen etter at konkursen var eit faktum, møtte sjokkerte arbeidstakarar opp i banklokala som tidlegare hadde vore travle og prega av energisk handleaktivitet. No vandra spreidde grupper av folk rundt i tomme lokale og papir låg strødd omkring. Det såg ut som at det hadde vore ein enorm fest i lokala som ingen hadde rydda opp etter, forklarte ein nytilsett seinare. Og det var ikkje noko dårleg bilde av situasjonen. Fest hadde det vore, og den store oppryddinga dagen etter konkursen kom til å bli langvarig og ekstremt kostbar.

Overlevde krigar og depresjon

Lehman Brothers var ein gammal og ærverdig bank, med røter tilbake til midten av 1800-talet. Han hadde overlevd borgarkrig, verdskrigar og børskrakket i 1929, og han var i 2008 ein av dei verkeleg store aktørane i den amerikanske og globale finansverda. Men kvifor gjekk han over ende – og kvifor blei konsekvensane så enorme?

Lytt til denne teksten som podkast!

Emanuel Lehman (t.v.), var den andre Lehman-broren som kom til Amerika frå Bayern i Tyskland for å søke lykka. Broren Henry hadde alt starta bedrifta H. Lehman i 1844. I lag stifta dei H. Lehman and Bro i 1847. I 1850 kom den yngste Lehman-broren Mayer (t.h.) etter, og det som skulle bli den legendariske banken Lehman Brothers såg dagens lys. Foto: Herbert H. Lehman Papers, Rare Book and Manuscript Library, Columbia University.

Det enkle svaret på det første spørsmålet var at banken hadde vokse for raskt og tatt på seg altfor stor risiko i finansmarknadene. Finansinstitusjonar er vanskelege å forstå for folk på utsida av dei – nokre gonger blir dei for kompliserte også for dei som arbeider på innsida: Ein dårleg drive butikk som sel varer vil sjå at kundane blir færre. Ei industribedrift vil ofte sjå at bestillingane avtar og lagera hopar seg opp. Men ein bank lever av å skaffe seg pengar, gjennom innskot og innlån, og plassere desse ut att til lånetakarane sine, eller ved å investere i finansmarknadene. Ein bank som driv dårleg og tar stor risiko i plasseringane sine vil normalt ikkje miste kundar; tvert imot blir kundemassen større og meir fornøgd når banken er villig til å ta store sjansar.

Tidleg på 2000-talet hadde Lehman Brothers store utlån i den raskt veksande amerikanske bustadmarknaden. Krisa i denne marknaden gir ein del av forklaringa på problema til Lehman Brothers – men berre ein del. Lehman Brothers var frå gammalt av ein såkalla investeringsbank, som opererte med avanserte produkt i kapitalmarknaden mellom bedrifter og investorar. Banklovgivinga som var etablert under den øydeleggande depresjonen i 1930-åra, hadde laga eit klart skilje mellom vanleg bankdrift – med innskot frå vanlege kundar og vidare utlån til familiar og bedrifter – og investeringsbankar. Dei første bankane var sterkt regulerte. Det var fordi styresmaktene i dei fleste land garanterte at vanlege spararar ikkje skulle miste pengane ved ein bankfallitt. For å kunne drive kontroll og halde oversyn over risikoen i banksystemet, kunne vanlege bankar ikkje engasjere seg fritt i kapitalmarknader med innskytarane sine pengar. Der dreiv dei mindre regulerte investeringsbankane, som på si side ikkje kunne operere i den vanlege bankmarknaden.

«Subprime-lån»

Denne loven blei oppheva i 1999. Investeringsbanken Lehman Brothers kunne no engasjere seg i vanleg bankdrift. Banken gjekk som sagt inn i den veksande bustadmarknaden og andre område for direkte utlån til personar og mindre bedrifter. I denne perioden blei ei rekke nye «finansielle instrument» utvikla, som skulle gjere endå sterkare vekst mogleg. Det er no situasjonen blei verkeleg komplisert: Bankar kunne finansiere seg ved langsiktige innlån, ofte ved å skrive ut obligasjonar eller liknande spareprodukt, der långivarane fekk ei fast rente mot ei plassering med høgare rente enn det som var vanleg. Desse spareprodukta blei knytte direkte til nedbetalingar på bankane sine utlån, som alltid har tapsrisiko ved seg. Det kunne vore ei uteståande kredittkortgjeld, eller det kunne vore utlån i sjølve bustadmarknaden.

Lehman Brothers sitt bedriftsskilt polert og klart for sal på Christie´s kunstauksjon i London i 2010. Skiltet blei selt for 66 400 dollar, om lag 600 000 omrekna til norske kroner i dagens valuta. Mellom bydarane var mellom andre tidlegare tilsette i banken. Foto: Andrew Winning Reuters/NTB.

Tanken bak det heile var kanskje ikkje så galen: Ein flytta risiko ut av bankane, der det var mykje av han, og ut til ei mengd spararar og investorar. Problemet var at dette la til rette for ein mykje sterkare utlånsvekst frå bankane. Og risikoen blei ikkje borte, han blei berre spreidd frå banksystemet og ut til spararar og investorar som let seg freiste av litt høgare rente. Risikoen blei som kjent spreidd også til norske småkommunar som Tana, Narvik, Hemnes og Hattfjelldal, som ut frå ei uklar blanding av grådigheit og ukunne plasserte store pengar i slike spareprodukt. Men sjølv om risikoen blei spreidd, blei den samla risikoen for ei brei finanskrise større, ved at utlånarane frå dei mest pågåande bankane kunne auke og auke, når berre iderikdomen og risikoviljen var stor nok.

Bustadmarknaden vaklar

Lehman Brothers hadde mykje av begge delar. Då den amerikanske bustadmarknaden kom i vanskar gjennom 2007 og 2008, blei banken alvorleg skaka. Leiinga planla store nedskjeringar blant dei tilsette, men avslo fnysande framlegg om å gi avkall på eigne bonusar. Banken kvitta seg med ein del lån, og freista å finne ein kjøpar til banken. Med leitinga etter kriseløysingar tok altså slutt då banken sjølv måtte be om konkurshandsaming 15. september. Ettersom kundar og investorar tapte store pengar og panikken spreidde seg, først på Wall Street, sidan gjennom store internasjonale børsar, følgde ein serie bankkonkursar. Det finansielle systemet stoppa opp. Det blei vanskeleg å få lån og kredittar, økonomien bremsa opp og arbeidsløysa, særleg blant unge, steig kraftig.

Demonstrantar held opp plakatar med protestskilt bak Richard Fuld, formann og administrerande direktør i Lehman Brothers Holdings, under høyringa om Lehman Brothers-konkursen i undersøkingskommisjonen den 6. oktober 2008. Foto: Jonathan Ernst, Reuters/NTB.

I mange land freista statane å stø opp om bankane og få hjula i sving. Dette gav kraftig auka utgifter. Fleire land hamna i djupe gjeldsproblem – her heime har den greske gjeldskrisa vore mest omtala. Også den politiske utviklinga i mange land seinare må sjåast som ein refleks av dei økonomiske og sosiale sidene ved krisa. Skepsisen til globalisering har skote fart, med krav om at nasjonalstatane må få sterkare kontroll med utviklinga. I Europa har gamle styringsparti, som har argumentert for avtalar om frie kapitalbevegelsar, fri handel og internasjonalt samarbeid, tapt terreng. Fløyparti på begge sider har vunne fram.

Det er mange årsaker til dette – det er alltid mange årsaker til samansette historiske forløp. Men finanskrisa og dei kraftige og omfattande verknadene av ho, står øvst på lista. Og skal vi sjå etter éin enkelt utløysande faktor for dei langvarige endringane i samfunn og samfunnsforståing fram til 2020, kjem vi til konkursen til Lehman Brothers 15. september 2008, då den første store dominobrikka i det globale finansielle system gjekk over ende.

Til nynorsk ved Inger Johanne Sæterbakk
Toppfoto: Robert Scoble, Wikimedia Commons. Bildet viser Lehman Brothers sine lokale på Manhattan i New York om kvelden 15. september 2008, då kollapsen var eit faktum.