Bakgrunnsartikkel

Lasse Kolsrud - med hjarte for kvardagsmenneska

I Frode Gryttens drama Inn frå regnet møter vi ein mann vi alle kan dra kjensel på.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Det e ingen som orke å vera i hus med meg, seier lokalpolitikar og kranglefant Olav Svendsen stolt. I Frode Gryttens drama Inn frå regnet møter vi ein mann vi alle kjenner til. Lasse Kolsrud har regi på stykket. Han meiner at dei fleste familiar i dette landet har sin Olav.

- Olav er sjølve ur-nordmannen. I Inn frå regnet kjem han i form av ein stri vestlending med arbeidarklassebakgrunn. Men den bastante sosialdemokraten finnest rundt om kring i heile landet. Urfaderen som sit i stolen sin og veit best. Han som har svaret på alt, og som fnys av korleis samfunnet er i ferd med å gå i oppløysing. Desse mannfolka blir jo ikkje meir rund i kantane med åra, seier Lasse Kolsrud.

Svein Roger Karlsen spelar familiefaren Olav Svendsen, som nektar å rikke seg frå den flaumutsette heimen sin. Foto: Magnus Skrede.

- Men Olaven vår er også sårbar. Ein vriompeis, ja, men han er eit godt menneske. Han representerer ein heil generasjon på mange måtar. Den siste industriarbeidar, som det ikkje er så mange igjen av.

Lasse Kolsrud har sympati og eit stort hjarte for desse folka. I likskap med Frode Grytten.

- I Inn frå regnet møter vi ein familie som blir utsett for ein tragedie, ting blir sett på spissen og familien samlar seg i ruinen av ein heim. Heimen blir som eit symbol på heile tilværet, det er eit hus som det ikkje går å bu i lenger. Men midt oppi dette helvete så er det rom for ein god replikk. Stykket er nemleg fylt med humor, for dette er ein mann som veit å bite frå seg, midt oppi alt det tragiske. Det er oppdrift, snert og gode replikkar, seier Lasse Kolsrud.

Olav Svendsen har tenkt å lange ut mot politikarane midt i beste sendetid. Foto: Magnus Skrede.

Olav Svendsen nektar nemleg å la seg evakuere etter at ein flaum har rasert dei nedste etasjane i huset. Kona og sønene vekslar mellom å true og å lokke, men Olav gir seg ikkje, han har ikkje tenkt å rikke seg av flekken. Han skal vente i huset til Dagsrevyen kjem med statsministeren, som skal vise sin medynk med flaumoffera. Da skal han synge ut om misnøya si og om kor elendig denne regjeringa er, i beste sendetid på NRK 1. For Olav Svendsen handlar det nemleg ikkje berre om nedskjeringar i det nasjonale sikringsarbeidet, men om demonteringa av sjølve samfunnet.

- Eg debuterte som regissør da eg dramatiserte Bikubesong av Frode Grytten. Da eg las boka første gongen slo det meg at dette er dramatikk. Grytten skriv gode situasjonar, treffande replikkar og har eit blikk for folk eg både kjenner og er glad i. Det er ein klangbotn i litteraturen hans som samsvarer med min. Han skriv om kvardagsmenneske, om slitarar og folk vi alle kjenner igjen. Dei er alle heilt alminnelege, men også spesielle. Han skriv om oss – her og no. Etter Bikubesong har vi arbeidd med fleire oppsetjingar.

Hans Rønningen som M i Bikubesong, den framsyninga som har trekt flest publikummarar til Scene 2 gjennom tidene. Foto: John Hughes.

- Grytten skriv gode situasjonar, treffande replikkar og har eit blikk for folk eg både kjenner og er glad i.

Lasse Kolsrud trefte noko i tida med dramatiseringa av Bikubesong hausten 2003. Ikkje berre fylte framsyninga Scene 2 gjennom fleire sesongar. Det blei tur til Odda der dei spelte på det gamle smelteverket. Og da Det Norske Teatret hadde avstemming blant skodespelarane om kva for framsyning dei ville ta opp igjen til 100-årsjubileet i 2013, fekk Bikubesong dei fleste røystene. Turne med Riksteatret sikra eit entusiastisk publikum over heile landet.

Heimen til familien Svendsen blir råka av flaum, det er vatn og kaos over alt.
Heimen til familien Svendsen blir råka av flaum, det er vatn og kaos over alt.
Dei tre sønene kjem heim for i hjelpe foreldra sine. Det skjer ikkje utan konfliktar.
Dei tre sønene kjem heim for i hjelpe foreldra sine. Det skjer ikkje utan konfliktar.
Familiære konfliktar stig også til overflata. Kona Ruth (Marianne Krogh) har skjult sine ting for husbonden.
Familiære konfliktar stig også til overflata. Kona Ruth (Marianne Krogh) har skjult sine ting for husbonden.
Han er ein kjent figur, Olav Svendsen. Ein hard negl, men eit godt menneske i botn. Alle foto: Magnus Skrede.
Han er ein kjent figur, Olav Svendsen. Ein hard negl, men eit godt menneske i botn. Alle foto: Magnus Skrede.

Lasse Kolsrud har instruert i sjøstøvlar på Scene 2. I Inn frå regnet blir heile scenen sakte fylt med vatn. Foto: Siren Høyland Sæter.

- Eg har hatt som mål heile tida at Frode Grytten skulle skrive for teateret. Det tok si tid, men med Sånne som oss, som eg sette opp på DNS, da skjedde det endeleg. Sidan har vi også sett opp teaterkonserten Djevelen og eg, og no altså Inn frå regnet. Eg likar universet hans, måten han skildrar menneske på, og vi er begge glade i ein slags kvardagsrealisme.

På spørsmål om Lasse Kolsrud sjølv sit heime i stolen sin og veit best, parerer han kjapt:

- Nokon vil kanskje seie det. Du får ikkje stille kona mi det spørsmålet, hahaha!