Bakgrunnsartikkel

Vald og makt i nære relasjonar

Dramatikar Maria Tryti Vennerød debuterte på Det Norske Teatret i 2002 og har sidan blitt ein av våre mest etablerte dramatikarar. No er ho aktuell med Nære relasjonar, som er den ellevte produksjonen hennar på Det Norske Teatret. Hausten 2023 gav Vennerød ut sin første roman, som også heitte Nære relasjonar. Romanen og teaterstykket er to frittståande tekstar som har blitt til i vekselspel. Her fortel ho om korleis det var å skriva om kvinner som slår.

Skrive av
Maria Tryti Vennerød
Maria Tryti Vennerød
Dramatikar

Om ideen

Eg fekk ideen til Nære relasjonar for ca 10 år sidan, da eg kom i snakk med ein mann som hadde opplevd fysisk vald frå ein kvinneleg kjærast. Historia hans gjorde inntrykk på meg, eg fekk mange tankar og kjensler og kjende at tematikken er tabubelagt og litt forvirrande, fordi vi er meir vande med å høyra om kvinner som blir slått av menn. I åra som følgde så høyrde eg tilfeldigvis om fleire menn som fekk bank av kvinnelege kjærastar. Ganske mange, eigentleg. Ofte ikkje så alvorleg, meinte gjerne mennene sjølve, og dette merka eg meg med, at mennene i stor grad forstod og unnskyldte kvinnene som slo dei. Dei meinte at dei sjølve ikkje tok skade av det. Eg fekk lyst å skriva om det, å bruka «kvinne som slår mann» som litterært motiv, men sidan det ikkje var «mi» historie så let eg det ligga.

Ei tid seinare kom litteraturvitar, filmskapar og tidlegare kjønnsforskar Jørgen Lorentzen til meg og fortalde at han hadde gjort eit forskingsprosjekt om vald mot menn i nære relasjonar. Han lurte på om eg ikkje kunne skriva noko, kanskje eit teaterstykke, med utgangspunkt i dette. Eg hadde jo alt tenkt på dette i fleire år, og interessert meg for temaet, utan å kjenna at det var mitt. Da ideen blei lagt fram for meg frå eit heilt anna hald, kunne eg ta eigarskap på stoffet og etterkvart sirkla meg inn mot noko eg kunne jobba med. Likevel tok det nokre år før eg fann min kunstnariske inngang inn i dette.

Etter kvart forstod eg at fokuset ikkje treng å vera på at valden skjer i ein slik dynamikk, eller kvifor kvinna blir fysisk valdeleg, men korleis dette kan få foregå over tid, ikkje minst når mannen som regel er fysisk overlegen. Eg ville undersøka kva det er med hans syn på seg sjølv og henne, som gjer valden mogleg. Denne forhandlinga om identitet og roller, blei eg veldig opptatt av. Ein person som ikkje identifiserer seg som offer, kan kanskje lettare kan bli verande i eit destruktivt forhold.

Menns smerte, og vegringa både menn og kvinner ofte har for å ta denne smerta på alvor, interesserer meg også. Det viktigaste for meg i Nære relasjonar er likevel ikkje at han er mann, men å forstå korleis to som elskar kvarandre kan hamna i ein så destruktiv dynamikk. Etterkvart i skrivinga vart eg opptatt både av kvifor ho slår og kvifor han ikkje slår tilbake, og av at det er mogleg å stilla spørsmål om hans medverknad, sjølv om han er offer. Kanskje er desse spørsmåla lettare å stilla når det er mannen som blir slått. Kven som er sterk, kven som er svak, kven som har makt og kven som kjenner avmakt, er storleikar som kan flyta inn kvarandre.

Om forma

Våren 2018 var eg tilknytt skrivefellesskapen Bergman Studio på Dramaten i Stockholm, og eg blei invitert til å bidra med ein liten tekst i samband med Bergman-året. Den vesle teksten eg skreiv da, var på ca 10 sider og vart starten på «Nære relasjonar». Teksten likna mest ein monologisk scenetekst. Eg visste at eg ville jobba vidare med materialet, men var usikker på om teksten skulle bli ein scenetekst eller ein roman, eller kanskje begge deler. Etterkvart kjende eg krafta i at vi berre får vita korleis den mannlege hovudpersonen oppfattar dette forholdet, i staden for at det utspelar seg framfor auga våre. Historia blir langt på veg hans formidling og forhandling med sanninga og hans rolle i det som skjer. Teksten likna lenge ein monolog, men eg bestemte meg for å prøva å skriva min første roman. Det tok lang tid å komma ut av monolog-modus og inn i romanens forteljande form.

Undervegs vart ein versjon frå 2020 blitt liggande på Det Norske Teatret. Denne versjonen låg tettare på monologen og var utgangspunktet da teatret bestilte stykket til oppføring.

Om makta og valden i oss alle

Eg sirklar ofte rundt tema som ansvar og skuld, styrke og svakheit, fridom, makt og avmakt. Eg likar litterære motiv og historier som utfordrar meg sjølv og lesaren etisk, slik at det ikkje er heilt lett å ta stilling til kva som er sant eller rett. Slik er det også denne gongen. Alle menneske har styrke og svakheit i seg, og eg trur alle har potensialet til å bli både offer og overgripar. Dei destruktive sidene våre kan henga saman med behovet for å forsvara seg, og er del av menneskenaturen, og kan ikkje berre fjernast. I staden trur eg vi er tente med å anerkjenna og prøva å forstå kreftene og ambivalensen som spelar i oss, og mellom oss.

Boka Nære relasjonar kom ut på Bonnier Forlag 8. november 2023.
Bylinefoto: Jarli Jordan/Bonnier Forlag

Teksten er publisert 8. november 2023, sist oppdatert 19. januar 2024.