Bakgrunnsartikkel

Kven og kva i Oresteia?

Segnhistoria som Aiskylos nyttar i Orestien, spelar seg ut i ei slekt som gjerne blir kalla Pelopidane, etter kong Pelops, som òg har gjeve namn til halvøya Peloponnes.

Skrive av
Ola E. Bø
Ola E. Bø

Han hadde i sin tur to søner, Atrevs og Thyestes, som ikkje skydde noko middel i striden om kongsmakta i Mykene. Atrevs hadde mellom anna fått bror sin til å ete sine eigne born utan at han visste det. Thyestes i sin tur lurte broren til å drepe sin eigen son og lyste ei tung forbanning over Atrevsslekta. Dette var den idylliske bakgrunnen for dei to Atrevssønene Agamemnon og Menelaos, som etter kvart sat som kongar i Mykene og i Sparta og hadde gifta seg med dei to døtrene til Spartakongen Tyrandeos; Agamemnon med Klytaimnestra og Menelaos med den vakre Helena. Men Helena slo seg ikkje til ro som dronning i Sparta, ho rømde med den trojanske prinsen Paris, son av kong Priamos. Det var dette som skulle hemnast da grekarflåten la ut mot Troja med kong Agamemnon som hærførar.

Mykene er eit område i nærleiken av den moderne landsbyen Mykines, nordøst på Peloponnes i det sørlege Hellas. På bildet ser ein borganlegget i i Mykene frå omkring 1500 f. Kr. Foto: Wikimedia

Men flåten vart liggande utan vind i Aulis, og for å kome seg over Egearhavet til Troja, måtte Agamemnon ofre si eiga dotter Ifigenia til den ville gudinna Artemis. Dette tilgav dronning Klytaimnestra aldri. Den hemntørste Aigistos, ein son av Thyestes, gjorde stormkur til dronning Klytaimnestra, og ho sa ikkje nei. Desse to styrte no i Mykene medan Agamemnon sloss i Troja.

Da Agamemnon reiste, hadde han avtalt med Klytaimnestra at han straks Troja var erobra, skulle melde frå om dette til Mykene med eldsignal. Dag og natt sat ein tenar på toppen av kongeborga og spana. Da Troja fall, fekk Klytaimnestra straks greie på det, og kunne byrje å planlegge velkomsten til heltekongen.

Agamemnon kom heim utan uhell på det farefulle havet, saman med den synske prinsessa Kassandra, som han hadde tatt i krigsbytte. Den svikefulle dronninga tok imot han med hyklande glede, og han vart ført i triumf til palasset og det rituelle velkomstbadet. Men i badet kasta ho over han eitt nett som hindra han å verje seg, og drap han med eit sverd. Same lagnaden fekk Kassandra.

Trojanerkrigen var ifølge legendene, ein krig dei greske kongane førte mot byen Troja i Lilleasia etter at prins Paris av Troja flykta med Helena av Sparta. Krigen er sentral i gresk mytologi, og er omtala i en rad episke dikt, mellom andre Iliaden og Odysseen. I Oresteialigg Trojanerkrigen som eit premiss utanfor handlinga, men blir hyppig referert til. Motivet på bildet er av den trojanske hesten som vart brukt for å komme seg bak murane i Troja. The Procession of the Trojan Horse in Troy av Giovanni Domenico Tiepolo ca 1760, olje på lerret.

Areopagos sett frå Akropolis. Namnet Areopagos er mest truleg sett saman av ordet areios/ares for erinyer (furier, hemngudinnar) og pagos, som tyder stor stein. Erinyene hadde eit tempel ved sidan av høgda ifølge mytene, der mordarar og valdsmenn kunne søke beskyttelse. Foto: ajbear AKA KiltBear

Orestes, son til Agamemnon og Klytaimnestra, kom seg i siste liten unna Argosborga og voks opp hjå kongen i Fokis, saman med son hans Pylades. Men syster til Orestes, Elektra, gjekk som ein slave i sin eigen heim. Da orestes vart myndig, kravde gresk skikk og guden Apollon at han skulle hemne mordet på faren. Orestes drar til Mykene saman med Pylades og møter der Elektra, som har venta på hemnaren. Saman planlegg dei mordet på mora og elskaren Aigistos, og trass i store kvalar gjennomfører dei drapa.

Sjølv om Orestes hadde vore lydig mot pålegget frå Apollon, sat han likevel att med blodskuld for mordet på si eiga mor. Og kven skulle no hemne Klytaimnestra? Nærast var Orestes sjølv. Hemngudinnene, erinnyene, eller furienesom romarane kalla dei, kasta seg no over Orestes og forfølgde han frå stad til stad.

I trilogien sin, Oresteia (Orestien), syner Aiskylos kor ille det gamle rettsprinsippet med blodhemn er, og let i siste delen Orestes stige fram for Areopagosdomstolen i Athen, der sjølvaste Atene legg si røyst i vektskåla for han. Til å byrja med vart hemngudinnene forarga over nederlaget sitt og truga med å øydelegge Attika. Men gudinna Atene lykkast i å blidgjere dei og få dei til å slå seg ned i landet, ikkje lenger som fælslege hemngudinner, men som verngudinner, eumenider, dei velvillige.

I denne tragedien, som ein reknar med vart spela første gong i år 458 f. Kr. I Dionysosteatret i Athen ved dei årlege festspela, reiser altså Aiskylos eit forsvar for rettssamfunnet mot den vilkårlege blodhemnen. Ein har derfor gjerne sagt at Oresteia handlar om demokratiets fødsel.

Familietreet

Agamemnon

Son av Atrevs, kongen av Mykene. Etter drapet på Atrevs drog Agamemnon til Sparta og gifta seg med Klytaimnestra. Han returnerte til Mykene for å overta trona og blei den sterkaste regenten i Hellas. Etter at Paris forførte Helena, kona til broren Menelaos og søster av Klytaimnestra, leia Agamemnon dei greske troppane mot Troja.

Aigistos

Son av Thyestes som fekk Aigistos med dotter si, Pelopia. Aigistos drap Atrevs og sette Thyestes tilbake på trona. Han forførte Klytaimnestra under den trojanske krigen og drap Agamemnon ved heimkomsten. Blei sjølv drepen av Orestes, son av Agamemnon.

Apollon

Lyset, musikken og sanningas gud – den mest strålande figuren i den greske mytologien. Mest kjend som orakelgud, orakelet hans i Delfi var berømt langt utover den greske verda. Han er den høge beskyttaren av song og musikk. Han var òg gud for sol, lys, reinsing, poesi og spådomskunst.

Argos

Eit område i det austlege Peloponnes. Eit kongerike styrt av Atrevs og seinare av sonen Agamemnon med hovudsete i Mykene. I området låg òg byen Argos som seinare blei større enn Mykene, og som nest etter Sparta var den politisk viktigaste byen.

Atene

Gudinne for visdom og kunnskap.

Atrevs

Far til Agamemnon og Menelaos.

Elektra

Dotter til Klytaimnestra og Agamemnon. Slave i farens hus under den trojanske krigen da Aigistos saman med Klytaimnestra regjerte Mykene.

Furier

Underverdas gudinner for hemn og straff (særleg for brotsverk som barn gjorde mot foreldra sine).

Helena

Søster til Klytaimnestra, kona til Menelaos. Den vakraste kvinna i verda.

Hermes

Son av Zevs og Maja, ei av Atlas-døtrene, som ofte blir omtala som Pleiadane. Han har ei underordna stilling i det greske gudehierarkiet, men var likevel ein av dei mest populære. I tillegg til å vere sendebodet for gudane, er han gud for handel, talekunst, landevegar, tjuvar og røvarar.

Ifigenia

Dotter av Agamemnon og Klytaimnestra. Faren let henne ofre for å få seglvind frå fastlandet over til Troja.

Kassandra

Dotter av Priamos. Hadde eit forhold til Apollonsom gav ho synske evner. Han kasta seinare ei forbanning over henne slik at spådommane hennar ikkje blei trudde.

Klytaimnestra

Dotter av Tyndareos og Leda, søster av Helena. Gift med Agamemnon og mor til Orestes, Ifigenia og Elektra. Under den trojanske krigen levde ho saman med Aigistos og drap Agamemnon ved heimkomsten. Ho blei seinare sjølv drepen av Orestes.

Menelaos

Son av Atrevs, bror av Agamemnon. Konge i Sparta. Bortføringa av kona hans, Helena, blei hemna i slaget ved Troja.

Orestes

Son av Agamemnon og Klytaimnestra. Voks opp i Fokis som fri mann. Slik blodhemnen kravde, kom han tilbake til kongeborga i Mykene for å hemne drapet på faren.

Paris

Son av Priamos, konge over Troja. Han forelska seg i Helena, kona til kong Menelaos og edi rømde saman frå Sparta til Troja.

Pylades

Son til kongen av Fokis, nær venn av Orestes, hjelpte han med drapet på mora, Klytaimnestra, og gifta seg seinare med Elektra, søster til Orestes.

Priamos

Far til Paris og Kassandra.

Thyestes

Pelops son og Atrevs bror. Atrevs var rivalen til trona i Mykene. Thyestes forførte kona til Atrevs, Aerope, og fekk henne til å stele Atrevs gylne skinn. Da folket i Mykene avgjorde at eigaren av skinnet skulle bli konge, tok Thyestes trona. Zevs greip sjølv inn. Thyestes blei tvinga til å abdisere, og til å bli etterfølgd og utvist av broren. Da Atrevs oppdaga av kona hadde vore trulaus med Thyestes, kalla han tilbake broren, og serverte han dei to sønene hans som måltid. Thyestes la deretter ei forbanning over Atrevs og huset hans. Thyestes valdtok seinare dottera si, Pelopia, etter råd frå orakelet i Delfi. Ho fødde Aigistos, den vonde mannen som skulle kome til å forføre Klytaimnestra og drepe Agamemnon.

Hovudbilde i saka: Måleriet Orestes Pursued by the Furies, av William-Adolphe Bouguereau (1862)