Bakgrunnsartikkel

Kvardagsdrama

- Det må mange sanne historier til for å skape ein endeleg fiksjon, seier kunstnarduoen Goksøyr & Martens.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Vi vil inn i kompleksiteten i eit omsorgsarbeid. Omsorg kan føre med seg ei kjensle av noko dobbelt, både ei rolle ein ønskjer å ha og ei rolle ein tidvis vil sleppe unna, seier Toril Goksøyr og Camilla Martens. I haust er dei aktuelle med GÅ – ei vandreframsyning der publikum får følgje tankestraumen til ei kvinne som beveger seg gjennom byen, på veg til mora si.

Tvinga seg fram

Det finst hendingar i livet som brått kan endre førestillinga du har om kven du er og kva du meiner det er viktig å gjere. Plutseleg skjer det noko som gjer at du oppdagar sider ved deg sjølv du ikkje ante at du hadde. Å ta ansvar for eit pleietrengjande eller døyande menneske kan vere ei slik erfaring. Og sjølv om omveltinga er stor, så er det ikkje sikkert at du merkar ho. Livet kan endre seg på umerkeleg vis, sjølv når du står midt i hendinga.

- Framsyninga er relevant både i form og tema, seier kunstnarduoen som på kort varsel har kasta om rekkefølgja i det større fiksjonsverket LIVET. er femte og siste del av ein pentalogi som skildrar overgangane i livet frå fødsel til død. Tidlegare har dei sett opp 11 ÅR med barndommen som utgangspunkt og DOTTERA som krinsar kring ungdomsliv.

Oddgeir Thune og Kjersti Dalseide som lærarar i 11 ÅR frå 2017. Foto: Kim Hiorthøy.


No gjer dei eit hopp over det vaksne livet og alderdommen og går rett til livets sluttfase. Det tvinga seg fram, i ei tid der fleire har fått kjenne på kor vanskeleg det kan vere å utføre omsorgsarbeid. Sorga over ikkje å kunne vere nær sine kjære når livet går mot slutten, og fråværet av fellesskapet rundt livets avslutning, er noko mange har kjent på etter at koronaen sette store avgrensingar for samvær.

- I form er relevant fordi det er ei vandring, ei lydvandring der publikum beveger seg gjennom byen med lyd på øyret. Publikum får ei stemme på øyret som heile tida snakkar til seg sjølv i du-form. På den måten blir publikum hovudpersonen, du-et blir eg, seier Goksøyr om forma. -Tematisk handlar det om ei kvinne som ikkje kjem inn på sjukehuset der mora er lagt inn på akuttmottaket. Produksjonen kunne bli gjennomført uavhengig av kva for smittevernsituasjon vi står i denne hausten. Samstundes forsterka koronaen tematikken, den blei meir relevant.

GÅ er ei audiovandring frå Det Norske Teatret til St. Hanshaugen. Foto: Ultimafestivalen 2020 / Signe Fuglesteg Luksengard.

All omsorg kostar

Ei vaksen dotter forsøker å ta vare på mora si som er døyande. Dette har døtrer gjort til alle tider, det er ingenting spesielt ved dette. Men i ein situasjon der akuttmottaka og sjukehusa er stengde for pårørande, blir situasjonen ytterlegare tilspissa. Alt blir skrudd til. Dottera har i lang tid tatt stort ansvar, og no er dette blitt så krevjande at det går ut over livet hennar. Det er sjølvsagt at dottera skal ta ansvar for mora, men det kostar.

"It would be nice to do something political". Venezia-biennalen, den nordiske pavilliongen, 2007. Foto: Stefano Campus.

Dokumentarteater

Goksøyr & Martens har gjennom snart to tiår markert seg som viktige teaterfornyarar i det norske scenekunstmiljøet. Stillferdige og tenksame har dei bevisst brukt og utnytta potensialet frå fleire kunstformer. Sjølv om dei hadde bakgrunn frå teateret, lova dei kvarandre da dei gjekk på Kunstakademiet at dei ikkje skulle produsere teaterframsyningar. Det heldt ikkje lenge. I studietida kontakta dei like godt teatersjefen på Nationaltheatret, og debuten endra retninga på det kunstnarlege prosjektet deira for alltid.

- Den første produksjonen vår på Nationaltheatret var Biografi med Monna Tandberg og Jon Øigarden. Han spelte student hos den eldre læraren og skulle mellom anna sitere frå Hamlets monolog. Den vi alle kjenner så godt. Det var eit slags forsøk på å utforske korleis ein kan gjere seg sjølv udødeleg. Lars Viksdal som var del av prosjektet hadde gjennom sine 48 år ved teateret stort sett berre gjort statistroller. Han skulle fortelje om korleis han hadde opplevd dette, og undervegs i prosjektet tredde historia hans fram som mykje meir relevant enn alt anna. Der og da fekk vi stadfesta verdien av det dokumentariske, seier Camilla.

"Biografi", 2002, med Nationaltheatrets teaterlegende Lars Vikdal i front. Foto: Are Carlsen.

Det er nesten blitt signaturen til det vesle kunstnarkollektivet; vekselbruken av kunst, verkelegheit og teater. Og heile vegen har dei utfordra vinkelen som publikum blir gitt. Dei har bevisst tatt med seg gallerierfaringa inn i teaterrommet. Ved hjelp av snedige brot med konvensjonen har dei utforska dei store dramaa i vanlege folks liv. Dei som går føre seg på foreldremøta, i omsorgsbustaden til gamle foreldre eller i parken. Kva veit vi eigentleg om liva våre? Om liva til dei vi treffer i dei nære relasjonane?

"Hva må gjøres?", Galleri UKS, 1998. I samarbeid med filmfolk og asylsøkarar frå Kosovo. Goksøyr og Martens var sjølve med som TV-reportarar. Foto: Are Carlsen.

Oppsetjingane til Goksøyr & Martens er baserte på grundige undersøkingar av menneske og miljø, og belyser med sine nærstudiar både samfunnsproblem, mellommenneskelege relasjonar og koplar ofte det djupt private med eit større bilde på samtida. Gjennom denne forma belyser dei utfordringane moderne menneske har på ein tankevekkande og modig måte.

Avtrykk frå eigne liv

- I all hovudsak held arbeidet vårt fram med å vere ei undersøking av eige liv. Dersom vi kan komme nærmare sanninga om kvardagen vår, om liva vi lever, så har det langt større verdi for oss, enn oppskrifta på korleis vi burde leve liva våre, seier dei.

Toril Goksøyr og Camilla Martens hentar inspirasjon frå erfaringar i sine eigne liv til framsyningane sine. Foto: Siren Høyland Sæter.

– Også er ei historie som er skriven på bakgrunn av ei grundig undersøking. Vi har snakka med fagfolk og med folk som står i nære omsorgsrelasjonar og vi har lese mykje om temaet. Dette har ført oss vidare, vi har knytt nye kontaktar og ut av dette nøstet har vi vevd saman ei forteljing. På same måte som både 11 ÅR og DOTTERA både er veldig konkret og realistisk, så insisterer vi i alle framsyningane våre på å oppheve det sanne i den. Det er fiksjon som mange nok vil kjenne seg igjen i, ettersom dei fleste av oss har erfaringar som knyt oss til desse livsfasane.

"OMSorg", Nationaltheatret, 2014, var den første framsyninga der Goksøyr&Martens nytta stillas for publikum til å sjå framsyninga i fugleperspektiv. Foto: Gisle Bjørneby.

Nyttig feilplassering

I 11 ÅR og DOTTERA blei publikum plasserte i stillas 4 meter over bakken. Frå den vinkelen kunne dei følgje historia inne i kvadratet som stillaset ramma inn, men også ved hjelp av lyd som publikum fekk gjennom øyreklokker, kunne regiduoen styre kva publikum fekk med seg av dialog som ikkje fann stad på scenegolvet. Denne samanblandinga av bildekunsten, teateret og det særskilte perspektivet, som kjenneteiknar duoens arbeid, har også ført til nye måtar å presentere teaterframsyningar.

– Vi pleier å understreke at det alltid har vore ein stor fordel å vere feilplassert, anten det er som regissørar og dramatikarar i bildekunstfeltet, eller som bildekunstnar i teateret. Bakgrunnen frå bildekunsten gjer at vi alltid har kopla bildeflata med scenerommet. Og i staden for å vise scenebilde i rekkefølgje, om du vil, slik ein normalt gjer i teateret, har vi vendt blikket i ei anna retning og ved hjelp av ukonvensjonell plassering av publikum, i dei siste produksjonane ved hjelp av høge stillas, vil publikum sjå prosjekta våre i fugleperspektiv og flata dei observerer liknar den frå bildekunsten. Dette er ein strategi vi bevisst har tatt med oss inn i teaterarbeidet vårt.

"FRI", produsert av Nationaltheatret, 2016, spelt på Akershus festning var den første framsyninga som tok i bruk stillas og høyreklokkar slik at skodespelarane kunne snakke i vanleg toneleie, og regissørane kunne styre kva for samtalar publikum fekk høyre til ei kvar tid. Foto: Kim Hiorthøy.

Koplinga mellom det stadspesifikke og det romlege har ført til framsyningar som OMsorg, FRI, 11 ÅR og DOTTERA der stillasa og fugleperspektivet har danna ramma rundt opplevinga. Kjensla av å vere i teateret blir utfordra. Publikum får ein slags kikkarplass der dei kan observere daglegdagse hendingar som likevel er styrt frå regipulten. Dialogen, spelet, samhandlinga mellom karakterane og det tilsynelatande normale i alt som skjer, forstørrar livet sjølv. Og plasseringa langt over bakken, gjer at det er umogleg å bryte inn.

Frå DOTTERA (2019), som også nytta headset og stillas. Foto: Kim Hiorthøy.

I eitt med sjølve livet

derimot spelar seg ut som ein del av bybildet. Publikum tar del i eit ras av ein tankestraum. Det er minne som blir vekte av det som går føre seg under vandringa. Dette fører også til oppheving av tidsforståinga.

- For sånn er jo livet, det endrar seg raskare enn vi klarer å forstå - eller er viljuge til å forstå. Og medan vi beveger oss gjennom byen, forbi parkeringsplassen, over basketballbana og opp trappa, så konsentrerer vi oss om noko som skjedde for fleire år sidan, og noko som blei sagt i dag tidleg, og vi oppdagar kanskje at benkane i parken er blitt bytt ut med nokre nye. Tankane våre er ikkje berre djupt private, dei er også ustyrlege. Og dette ustyrlege, eller foranderlege, håpar vi at vi klarer å formidle. Kor umogleg det er å kontrollere livet vi lever fordi det følgjer sin eigen rytme. Det overraskar oss, slit oss ut, eller løftar oss; i alle fall for eit augeblink.

Sjølv om Toril Goksøyr og Camilla Martens har stram regi på vandringa, kan dei ikkje styre alt. Vêret, trafikkbildet og folk som er i gatene vil endre seg frå dag til dag. Men langs ruta som publikum skal følgje vil dei ha regi på mykje av det som påverkar tankestraumen.

- Vi har aldri tidlegare laga ei framsyning der verkelegheita har hatt ein så stor innverknad på forteljinga. Vi kan ikkje bestemme alt som skal skje. Men det vi veit er at det verkelege livet fer forbi medan publikum går og lyttar eller er inne i ein tankestraum som kommuniserer med det dei opplever rundt seg. Livet er der, i form av foreldre med barnevogn, eldre, unge vaksne, ungdommar – alt vil finnast langs denne ruta. Det blir spennande å sjå korleis denne verkelegheita kjem til å verke og påverke denne indre tankestraumen, seier Camilla Martens.

Toppfoto: Una Lina Ree Hunderi.