Bakgrunnsartikkel

Kva seier julehitane om oss?

Ein av hovudteoriane i framsyninga «Toppar VG-lista» er at dei songane vi til ei kvar tid aller helst vil høyre, seier mykje om kven vi er og om den tida vi til ei kvar tid er inne i. Akkurat no er dei ti mest populære songane i Norge julesongar. Kva seier akkurat desse ti julesongane om oss, og om den tida vi er inne i akkurat no, altså jula?

Skrive av
Are Kalvø
Are Kalvø

La oss foreta ein analyse.

Dette er topp ti på Norges offisielle hitliste VG-lista akkurat no:

1. Snowman - Sia

Sia er noko så uvanlig som ei vaskeekte popstjerne som mange ikkje veit korleis ser ut, som er langt over førti år gammal, og som har same namn som Studentsamskipnaden i Agder.

Av dette kan vi slutte at i jula vil folk ha: Vaksne folk. Mystikk. Og rare namn.

Ikkje akkurat ny musikk dette, men likevel på VG-lista i 2022.

2. All I want for Christmas is you - Mariah Carey

Denne kom ut i 1994, men nådde toppen av amerikanske og britiske (og norske) hitlister først i 2019 og 2020. Snakk om å vere uthaldande! Denne songen har fått nytt liv mange gonger, mellom anna i 2003 då han blei framført av ti år gamle Olivia Olson i tidenes mest rørande skulejuleavslutningsscene i filmen «Love, Actually».

Altså vil folk i jula ha: Rørande filmar og stayerevne.

3. It’s beginning to look a lot like Christmas - Michael Bublé

Dette er ein skikkelig gammal song, utgitt første gong på femtitalet. I 2011 kom versjonen til Michael Bublé, som ser og høyrest litt ut som han er frå femtitalet.

Av dette kan vi slutte at i jula vil folk ha: Gamle ting.

4. Last Christmas - Wham!

Ein song om å gi hjertet sitt til nokon som bryr seg. Denne songen var dømt til å aldri bli nummer ein i ugivingsåret 1984, sidan dette også var året «Do they know It’s Christmas?» kom ut, til inntekt for tørkeramma i Etiopia. Last Christmas-opphavspersonen George Michael gav også inntektene sine frå «Last Christmas» til dette føremålet.

I jula vil vi altså ha: Snille folk.

Kurt Nilsen, Astrid S og Maria Mena. Likar vi norsk musikk spesielt godt i jula?

5. Himmel på jord - Kurt Nilsen, Kringkastingsorkesteret

I jula vil folk altså også ha orkester. Og bergensarar. Folk har mange sider.

6. Når snøen smelter - Astrid S

Frå den norske nyversjonen av «Tre nøtter til Askepott» frå i fjor, der Astris S også speler tittelrolla. Dette er så vidt eg veit første gong Astrid S syng på bokmål.

I jula kan det altså sjå ut til at folk vil ha: Nye versjonar av gamle ting. Og bokmål, faktisk.

7. Home for Christmas - Maria Mena

Denne relativt nye juleklassikaren (okei då, han er tolv år gammal) finst også i ein norsk versjon, men det er den engelske versjonen som stadig vender tilbake til VG-lista. Er også opprinnelig frå ein film, forresten.

Atså vil folk i jula ha: Film, som vi har vore inne på før. Og engelsk. Og så vil folk heim.

Musikk frå Jul i svingen og Snøfall, mellom anna. Nordmenn er glad i julekalender på TV, og ikkje berre dei nyaste.

8. Jul i svingen - Ingebjørg Bratland, Ina Svenningdal

Denne Nordstoga-komponerte songen er frå tv-serien med same namn, skriven av bokmålsbrukaren Kjetil Indregard, som også har skrive teksten til denne songen. Derfor er dette ein av få songar der Ingebjørg Bratland syng på bokmål.

Folk vil altså tydeligvis ha i jula: Bokmål, som nemnt. Og tv-seriar.

9. Driving home for Christmas - Chris Rea

Folk vil altså heim i jula. Men dette har vi vore innom før.

10. Selmas sang - Eva Weel Skram

Frå tv-serien Snøfall. Og Eva Weel Skram syng, i motsetning til Bratland og Astrid S, på dialekt.

Folk vil altså ha tv-seriar i jula. Det har vi vore innom. Og dialekt, kanskje fordi folk då tenker på heimen, og folk vil altså heim til jul, som også denne teksten handlar om.

For å oppsummere: I jula vil vi heim, og der vil vi ha filmar, seriar, ulike språk, gamle ting og nye ting, og nye versjonar av gamle ting. Og snille folk. Og litt mystikk. Det stemmer jo ganske bra? Og så vil nokon ha orkester og bergensarar. Det får også vere greitt. Det er trass alt jul.

I rest my case. God jul.

Lytt til dei mest spelte julelåtane i Noreg her!