Bakgrunnsartikkel

Kva er utiseta?

- Utiseta er ein tradisjon frå førkristen tid i Skandinavia, fortel regissør Lisa Lie.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent

Sjølve ordet "Utiseta" kjem av «å sitje ute». Ein skulle altså sitje ute i naturen, gjerne på ein gravhaug nattestid, for å vekke opp troll, kople seg på naturen og dei kreftene som budde der. - Men også ta del i minnet til dei døde, til formødrer og forfedrar, til landskapet med sine mange underjordiske, jordiske og overjordiske rike.
I mellomalderen var det forbode å útiseta at vekja troll upp ok fremja heiðni, altså å "sitje ute og vekkje troll og praktisere heidenskap". Om ein blei skuldig i å utføre utiseta, skulle dette straffast med døden.

- Kva finn vi når vi koplar oss på frå vår avkopla tid? spør regissør for framsyninga Utiseta, Lisa Lie. Ho meiner teateret også kan opne opp nye rom i oss, og inviterer publikum med på på nytt å skape opplevinga av å søke innover.
- Vi har lært oss å mistru det fantasien og intuisjonen vil fortelje, i staden for å spørje oss sjølve; kva ønskjer dette å seie oss? seier regissøren.

Kjelde: Wikipedia