Bakgrunnsartikkel

Kva er greia med Hedda?

Kva har Ibsens Hedda Gabler og filmen Titanic til felles? I det minste denne teksten om søkkande skip, teite tøflar, eit dyrt smykke og tante Julles hatt. La oss snakke om Hedda.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsdramaturg

«Men, gud forbarme seg – slikt noko gjer ein då ikkje!»

Dette er ein av dei mest kjente replikkane i stykket Hedda Gabler av Henrik Ibsen. Det sjokkerte utbrotet kjem frå assessor Brack som respons på at Hedda har skote seg i tinningen med ein pistol ho har arva frå far sin, general Gabler. Spoiler alert: Det sluttar altså med at Hedda skyt seg.

Utbrotet frå Brack er det siste som blir sagt før teppet går ned, men gjennom heile stykket tek Hedda val som er vanskeleg å sympatisere med. Heile vegen gjer ho «slikt noko» som ein ikkje skal gjere. Ho er misnøgd, småleg, manipulerande og rett og slett slem. Det sluttar altså med at ho tek sitt eige liv. Men korleis kom ho dit?

Heilt sidan stykket blei utgitt i 1890, har kritikarar og publikum klødd seg i hovudet i forsøket på å forstå Hedda, og ho har fått mange merkelappar: Eit uhyre, djevel og rein demon. Eit uhyggeleg fantasifoster. Skodespelet har blitt kalla fælt, ekkelt og umoralsk. Ei dansk avis meinte at ingen anstendig familie burde ha boka i heimen sin.

Bilde av Henrik Ibsen frå 1894, fire år etter at han gav ut Hedda Gabler. Foto: Nasjonalbiblioteket

Til samanlikning var Nora Selmer i Et dukkehjem som kom elleve år tidlegare, også kontroversiell i si samtid, og framleis er det nok enkelte som rynkar på nasen over tanken på ei mor som forlèt barna sine. Men du kan ha sympati med vala Nora tek i løpet av stykket. Ho prøvde jo å redde mannen sin som var sjuk, kan ein argumentere. Sånn er det ikkje med Hedda. Du kjem deg liksom ikkje unna det faktum at ho er kjip.

«Doubtless there will be scarcely less discussion over the ethics of Hedda’s final resolve than there was over those of Nora, when she slammed the front-door», skreiv Edmund Gosses i The Fortnightly Review i det som var ein av dei aller første kritikkane av stykket. Den norske litteraturvitaren Vigdis Ystad kommenterer at Gosses fekk rett, og at knapt noko anna skodespel av Ibsen blei møtt med sterkare reservasjonar enn Hedda Gabler. Samtidig er det eit av dei mest spelte stykka Henrik Ibsen skreiv.

Ho er «i bunn og grunn feig, egoistisk, simpelt smålig beregnende», skreiv Bolette Larsen i sin kritikk i Bergens Tidende. «Det eneste hun evner, er å drepe seg selv.» Det var haldninga til Hedda for 134 år sidan.

Kvifor ville Henrik Ibsen skrive ein karakter som det er så vanskeleg å like? Kva er greia med Hedda?

Ei lite truverdig kvinne

Hedda Gabler blei utgitt 16. desember 1890, i eit opplag på 10 000 eksemplar på Gyldendal forlag i København. Eit stort opplag etter den tids standard. Henrik Ibsen fekk 9000 kr i honorar for førsteopplaget, som i dagens kronekurs er rett over 800 000 kr. På denne tida var Ibsen eit etablert verdsnamn, og interessa for eit nytt skodespel var stor. Kort tid etter utgivinga i Danmark, var stykket å få tak i på ei rekke andre språk, mellom anna engelsk, tysk, fransk, russisk og italiensk.

Til den franske omsetjaren sin, Moritz Prozor, skreiv Ibsen at med Hedda Gabler ville han ikkje eigentleg diskutere såkalla problem, men skildre menneske, menneskestemningar og -lagnadar på grunnlag av visse gjeldande samfunnsforhold. Det var den danske kritikaren Georg Brandes som i 1871 hadde formulert den realistiske litteraturens mål om å «sette problem under debatt». I dette låg idealet om at kunsten skulle løfte fram problem i samfunnet, så lesaren blei medveten om det, og endring kunne oppstå. Eit klassisk døme på dette er Et dukkehjem. Men med Hedda Gabler var det altså ikkje dette Ibsen ønskte. Han ville skildre menneske.

Interessant nok krinsa det meste av samtidas kritikk rundt nettopp karakteren Hedda. Til dømes skreiv Alfred Sinding-Larsen i Morgenbladet at Hedda var eit uhyggeleg fantasifoster og eit uhyre i kvinneskikkelse utan tilsvarande forbilde i den verkelege verda. Bredo Morgenstierne skreiv i Aftenposten at ein verken kan forstå eller tru på hovudpersonen. «Hun er ikke i Slegt med de Mennesker, vi kjende, mindst af alle i de Omgivelser, hvor hun er hensat, paa hjemlig norsk Grund.»

Kritikarane – dei fleste av dei menn – meinte at Hedda Gabler ikkje var truverdig som kvinne.

Eit søkkande skip

Det er i grunnen ganske modig av Ibsen å skrive ei hovudrolle som er så vanskeleg å like. Det er ikkje uvanleg at heltane i litteraturhistoria har uforsonlege trekk. Aristoteles skreiv om ‘hamartia’, som var ei svakheit eller feil hos protagonisten i tragedien. ‘Hybris’ ein annan, som handla om menneskeleg overmot som blei straffa hardt av gudane. I dei greske tragediane fører desse brestene på personlegdommen til fatale konsekvensar for helten. Men du skal jo liksom heie på dei undervegs likevel.

Men om vi ser til populærkulturen, kan vi finne nokre spor av Hedda og omstenda ho lever under. Til dømes er livet hennar på ein måte litt som lagnaden til Rose DeWitt Bukater i starten av Titanic, tenkte eg ein kveld eg hadde gjensyn med filmen frå 1997.

Rose DeWitt Bukater (spelt av Kate Winslet) går om bord RSM Titanic, på veg til Amerika, saman med sin trulovede og mora. Foto: 20th Century Fox Film Corp/Courtesy Everett Collection/NTB

Rose kjem frå ein rik familie som har mista alle pengane sine. Familienamnet er det einaste faren etterlet ho. Ungdommen og venleiken hennar har ein utløpsdato og fornuftekteskap er einaste løysing, blir ho fortalt av den iherdige mora. Men for Rose er tanken på eit liv med den rike, usympatiske arvingen Caledon Hockley heilt umogleg. Dette trass i at Hockley gir ho «The Heart of the Ocean», ei ekstremt dyrt halskjede med ein blå diamant forma som eit hjarte.

RSM Titanic er eit slaveskip som tek ho med tilbake til Amerika i lenker, beskriv ho det som. Sjølvsagt litt drygt å samanlikne den luksuriøse førsteklassereisa ho har med eit slaveskip, men vi forstår i det minste at ho ikkje har det bra. Rose ser ingen annan utveg enn å ta sitt eige liv ved å kaste seg over bord.

Internett anslår at halskjede «The Heart of the Ocean», som Rose får frå Hockley, i dag har ein verdi på rundt 250-300 milionar dollar - eller om lag 3 milliardar norske kroner. Foto: 20th Century Fox Film Corp/Courtesy Everett Collection/NTB

«Litar du på meg?» Rose og Jack (Leonardo DeCaprio) i baugen på RSM Titanic. Førebels ingen isfjell i sikte. Foto: 20th Century Fox/Paramount/Kobal/REX/NTB

Men i tolvte time dukkar den lutfattige kjekkasen Jack Dawson opp. Plutseleg får Rose oppleve kva livet kan vere. Han redda henne «... in every way that a person can be saved». Og sjølv om skipet søkk og Jack døyr – og vi ser bort frå heile kontroversen om det var plass til begge to på vrakgodset Rose ligg på – så er det på ein måte ein lykkeleg slutt. For på nattbordet til gamle Rose ser vi bilda frå eit langt, innhaldsrikt liv. Ho fekk starte på nytt og skape seg det livet ho ønskte.

Dessverre for Hedda har ikkje Ibsen skrive ein Hollywood-film med happy ending. Det er eit skodespel skrive innan tradisjonen av naturalismen og fin-de-siècle. I essayet «Lidelsens forkledning» skriv forfattar og litteraturvitar Birgitte Huitfeldt Midttun at «Hedda Gabler er i bunn og grunn en deterministisk kvinneskikkelse fra Ibsens hånd, hun er et sørgelig produkt av arv og miljø og sånn sett en typisk naturalistisk dramakarakter.»

Frå Hedda først entrar scenen, blir det klart for oss at ho ikkje er nøgd med livet ho lever. Vi får også raskt oppleve kor stikkande usympatisk ho kan vere. Det er eigentleg ein ganske komisk scene som inneheld eit par tøflar og ein hatt.

Hatten til tante Julle

Tante Julle er på besøk for å ønske det nygifte paret, Hedda og Jørgen, velkommen tilbake frå bryllaupsreise. Den velmeinande gamle tanta har ordna alt i stand i det nye huset deira, og står til og med som økonomisk garantist for alle innkjøpa som er gjort. No vil ho sjå til at dei har funne seg vel til rette. I tillegg får ho lufta den nye, staselege hatten ho har kjøpt seg. Tante Julle vil ikkje at Hedda skal skjemmast over henne når dei to er ute og promenerer saman, fortel ho.

Jørgen Tesman er full av lovord om den nye hatten til tanta, men noko av det første Hedda gjer, er å gjere narr av den. Ho let til å tru at det er tenestejenta Berte sin hatt.

HEDDA (Peiker): Sjå! Der har ho lagt att den gamle hatten sin på stolen.
TESMAN (Forskrekka, slepper tøflane ned på golvet): - Men Hedda, då!
HEDDA: - Tenk om nokon kom og såg slikt.
TESMAN: - Nei, men Hedda – det er jo hatten til tante Julle!

Er det berre ei misforståing frå Heddas side? Trur ho faktisk at det er Berte sin hatt? Neppe. Det er det første, vesle stikket, i opposisjon til den kvelande familieidyllen tante Julle og Jørgen står for, symbolisert ved eit par tøflar som Jørgen blir alt for glad for å få tilbake.

Hedda har gifta seg med ein menneskeleg tøffel, ein tørr akademikar som heller ikkje er vidare talentfull. I tittelen på stykket ligg det eit tydeleg hint om personlegdommen til hovudpersonen, sa Ibsen sjølv. Hedda er meir dottera til far sin, enn kona til mannen sin. Ho er meir generaldottera Gabler, enn fru Tesman. Den vakre Hedda Gabler – som nok kunne fått kven ho ville – har ikkje berre gifta seg under sin stand. Ho har gifta seg med ein mann ho ikkje elskar.

Ganske raskt blir det klart at professorstillinga Jørgen har tatt for gitt at han skal få, kanskje ikkje blir hans likevel. Dei nygifte manglar pengar og må stramme inn livreima, får Hedda beskjed om. Ho får ingen ridehest, ingen tenar, ikkje nye møblar. Som om ikkje det var nok, er det sterke hint i teksten om at Hedda er gravid. Sjølv om ho prøver å skjule det, fangar tante Julles skarpe blikk korleis kroppen hennar har endra seg. Det er eit barn på veg.

Ulykka er nær komplett. Det er eit livsnett som snører seg saman rundt Hedda. Moglegheitene blir færre og færre. Det er inga retrettmoglegheit. Eller om det er det, så vil det føre til skandale.

Kan vi lukte isberget?

Kva var eigentleg moglegheitene for ei kvinne på denne tida? Rommet for sjølvrealisering og eigenart var ikkje spesielt stort. Menn og kvinner skulle vere motsetningar. Ei kvinne skulle vere mjuk, øm og oppofrande. Ho skulle spasere, brodere og gjere visittar. Lønna arbeid var upassande for ei kvinne frå det øvre sjiktet av samfunnet, og derfor var ekteskap viktig og fornuftekteskap normalt. Elles skulle ho leve livet innanfor husets fire veggar og vie seg til mann, barn og ein vakker heim.

«Body count» på 1800-talet? Med skodespelet En hanske sparka forfattar Bjørnstjerne Bjørnson igang ein stor debatt om ulikskap i synet på kvinner og menns seksualvaner. Portrett av forfattaren frå 1890. Foto: Nasjonalbiblioteket

Sjølv om Ibsen med Hedda Gabler ikkje ville diskutere problem i samtida, så er skodespelet eit produkt av tida han levde i. Frå midten av 1800-talet og utover var det fleire debattar om kjønn og kjønnsroller i Noreg.

Den såkalla «Hanskedebatten» i 1880-åra kom i etterkant av Bjørnstjerne Bjørnsons skodespel En hanske, der den kvinnelege hovudpersonen Svava kastar ein hanske i ansiktet på han ho er trulova med i protest mot den seksuelle fortida hans. Skodespelet stilte spørsmål til krav om «seksuell reinleik» kunne bli stilt til både menn og kvinner, og samfunnets doble standardar i spørsmål om sedeleg livsførsel og moral.

Med tendensromanen Albertine frå 1886 kom Christian Krohg med eit tydeleg innlegg i datidas moraldebatt, mot prostitusjon. Boka blei forboden i Noreg, men den offentlege prostitusjonen blei avskaffa berre nokre få år seinare.

Måleriet Albertine i politilegens venteværelse. Av Christian Krohg, (1885/87) Foto: Nasjonalmuseet/Børre Høstland

Camilla Collett, gjerne kalla Noregs første feminist, gav ut romanen Amtmannens døtre i 1854/55. Denne tendensromanen blei lesen som eit innlegg i debatten om kjærleiksekteskap versus fornuftekteskap. Collett var oppteken av at kvinner og menn var ulike, men måtte få like moglegheiter til å nå potensialet sitt. Litteraturforskar Kristin Ørjasæter skriv at feminisme for Collett ikkje handla om å gjere kvinner til menn, men om å frigjere kvinner til å bli meir kvinne. Dei skulle ikkje slutte å vere mødrer, men måtte få utvikle seg for å bli betre mødrer.

Ikkje imponert! Forfattar Camilla Collett var ikkje særleg imponert over karakteren Hedda Gabler. Portrett av Collett frå 1893. Foto: Nasjonalbiblioteket

- Det er ikkje alle som er skapt til å vere mødrer.

Det er ikkje alle som er skapt til å vere mødrer, skriv Ibsen i eit notat til arbeidet med Hedda Gabler. Det er verdt å hugse på at dette var ein ganske skandaløs tanke på slutten av 1800-talet. Vidare noterer Ibsen at det sanselege draget er i desse kvinnene, men dei er livredde for skandalen. Dei anar at det er livsoppgåver i tida, men dei kan ikkje få tak i dei. Eller som Ivo de Figueiredo skriv i biografien Henrik Ibsen: Mennesket og masken, så er Hedda eit eksempel på eit djuptgripande livsdilemma for borgarlege kvinner på 1800-talet som lengta etter å ha betydning i eit samfunn som berre hadde formålsløyse å tilby.

Hedda har ein sterk motvilje mot den tronge folden det blir forventa ho skal vere i. Ho vil ikkje vere mjuk, øm og oppofrande. Ho vil ikkje brodere og gjere visittar. For henne er tanken på å skulle promenere i byen med tante Julle – med eller utan hatt – heilt fjern.

For å halde fram med samanlikninga, er det på dette tidspunktet Rose DeWitt Bukater spring mot ripa på skipet som ikkje kunne søkke. I Ibsens drama held Hedda ut ei stund til. Ho har enno ikkje gitt opp. Er det framleis håp, eller kan vi lukte isberget som skal bli hennar bane?

Kvinne versus mann

Filmen Titanic handlar om det transatlantiske passasjerskipet som forliste på jomfruturen i 1912, da det trefte eit isfjell og sokk. Sjølv om handlinga i filmen er nokre år etter Henrik Ibsen skreiv Hedda Gabler, var nok ikkje forventningane til ei kvinne av overklassen så ulike. Eit døme på dette ser vi i scenen der Rose og Jack snakkar saman dagen etter at han har overtydd ho om å ikkje hoppe.

«Draw me like one of your French girls». Jack viser Rose nakenteikningar av kvinner frå bordell. Foto: 20th Century Fox Film Corp/Courtesy Everett Collection/NTB

Rose har akkurat sett dei vågale teikningane av nakne kvinner Jack har teikna i Paris. Og så snakkar dei om at han skal lære ho å ri som ein mann, tygge tobakk som ein mann og spytte som ein mann. Og så ler dei godt, for tanken på at ei kvinne skal gjere noko som helst «som ein mann», er sjølvsagt heilt absurd. Det sømte seg like lite i 1912 som i 1890.

Hedda Gabler har kvalitetar som braut med samtidas forventningar til kvinner. Ho skyt med pistolar og rir hest. Georg Brandes meinte at Ibsen med Hedda hadde skrive ein karakter som var mandigare enn mange menn. Forskjellsfeministen Collett skal ikkje ha vore spesielt positiv til Hedda: «I vor By, placeret i Tid og Rum i vor nærmeste Nærhed hører hun ikke hjemme (…) Tænke sig Hedda Gabler lyslevende, Pistolen i Barmen, vandrende henad Karl Johan!» Nei, det var utenkeleg, meinte Collett.

I samtida passa ho ikkje inn. I vår tid ser vi kanskje heller Hedda som ekstremt ufri. I artikkelen «Hedda – troll og tragisk skikkelse» skriv Atle Kittang at Hedda Gabler kanskje er Ibsens mest ufrie skikkelse, «innesperret ikke bare i den tesmanske klamme familieidyll, men også i sin samtids konvensjonelle kvinnebilde og (ikke minst) i en kropp som ikke lenger bare er hennes egen, som hun på en måte har mistet kontrollen over.»

Kor langt kan ein gå?

Huitfeldt Midttun skriv at Hedda aldri kan bli fri i det livet som er gitt henne: «hun er forutbestemt for sin egen undergang idet hun mangler de nødvendige psykososiale egenskaper og de samfunnsmessige muligheter for å kunne realisere seg selv, og handle i den verden som jo også er hennes egen.»

Kanskje fordi Hedda ikkje har makt over sin eigen lagnad, har ho eit sterkt ønske om å ha makt over lagnaden til nokon andre. Scenen med tante Julles hatt er jo ikkje i seg sjølv så ille, sjølv om det definitivt er «mean girl»-oppførsel. Det er kva som kjem etterpå som er ille. Hedda får den tørrlagte eks-belaren Eilert Løvborg til å begynne å drikke igjen. Brenner eit bokmanus som Løvborg og Thea Elvsted har skrive, medan ho seier «No brenner eg barnet ditt, Thea». Så gir ho Løvborg den eine pistolen ho har arva etter far sin og oppfordrar han til å ta sitt eige liv.

«Heile tilværet vårt er berre ein kamp mot dei mørke maktene i oss»

«Kven har ikkje, på randa av ein avgrunn eller oppe i eit tårn, blitt overfalle av ei plutseleg lyst til å skyve den andre utfor?» Dette skal Henrik Ibsen ha sagt til Helene Raff, ei ung, tysk målarinne, sommaren 1889. Raff noterte ned samtalane dei to hadde i dagboka si. Dette var på den tida Ibsen arbeidde med manuset til Hedda Gabler.

«Heile tilværet vårt er berre ein kamp mot dei mørke maktene i oss», siterer Raff Ibsen på. Det kan synast som at Hedda har gitt etter for desse maktene. Ho skyv iherdig folk mot avgrunnen. Eilert Løvborg døyr på byens horehus, av eit skot frå pistolen Hedda gav han. Assessor Brack, som forstår korleis alt heng saman, har plutseleg makt over Hedda. Når Hedda innser dette, er alt over. Hennar siste fnugg av fridom forsvinn.

«Ufri, altså», seier ho, og skyt seg sjølv.

På djup grunn

Der Nora i Et dukkehjem kunne gå, må Hedda døy. Det dukkar ikkje opp ein Jack Dawson i Heddas liv. Ho blir ikkje redda, og kan ikkje redde seg sjølv. Der Titanic var skipet som ikkje kunne søkke, er Hedda Gabler hovudpersonen som må gå til grunne.

«Men, gud forbarme seg – slikt noko gjer ein då ikkje!» Det er liksom resepsjonshistorias dom over heile stykket. Samtidig er Hedda Gabler eit av dei mest spelte stykka av Ibsen, berre slått av Et dukkehjem, Peer Gynt og Gjengangere. Det igjen betyr at det er eit av dei mest spelte stykka i verda. Ifølgje ibsenstage.no har det vore over 3065 ulike sceneversjonar av stykket sidan det blei utgitt. Berre i haust er det to ulike versjonar i Oslo.

Vi blir ikkje ferdig med Hedda. Forståinga av kven ho er, har endra seg i løpet av desse åra. Handlingsrommet for ei kvinne har heldigvis blitt betydeleg større sidan Ibsen skreiv stykket, men framleis finst det både uttalte og uuttalte konvensjonar rundt kjønn, kva som sømmer seg, korleis ein kan uttrykke seg, kor stor plass ein kan ta.

I Ibsens samtid var det få som kunne begripe Hedda Gabler, og ho kan framleis vere vanskeleg å få grep om. Noko handlar kanskje om måten Ibsen skreiv replikkane på. I stykket er det ikkje lange monologar som forklarar kvifor karakterane gjer som dei gjer. Det er korthogd, og ein må lese mellom linjene. Hedda trer fram i korleis ho snakkar til andre. Derfor er også Hedda Gabler eit stykke som kjem til live på scenen. Det er ein grunn til at Hedda Gabler er ei av desse rollene skodespelarar ønskjer å spele.

Er Hedda Gabler misforstått? Er det mogleg å forsvare ho? Som skodespelar må du kanskje det?

«Ei kvinnes hjarte er like djupt som havet»

«Ei kvinnes hjarte er like djupt som havet», seier den gamle Rose mot slutten av Titanic. Og så kastar ho «The Heart of the Ocean», altså det ekstremt dyre hjarteforma halskjeda med blå diamant, på havet! Eg hugsar godt sjokket første gong eg såg filmen. Tenk på kor mykje det smykket må vere verdt, og alt godt ho kunne gjort med pengane! Det er nesten sånn at ein får lyst til å rope til kinolerretet: «Men, gud forbarme seg – slikt noko gjer ein då ikkje!»

Men det er unekteleg veldig poetisk når vi ser smykket søkke ned i det mørke havet og forsvinn, akkurat som Jack så mange år tidlegare.

Vi får nok aldri eit endeleg svar på kva det er som driv Hedda. Ho er sjølv som eit isfjell vi berre ser toppen av, 90 % ligg gøymt under overflata. Ibsen skreiv at det fanst djup poesi i Heddas indre. Og viss det stemmer, som gamle Rose seier, så er det kanskje komplett umogleg nokon gong å skulle bli heilt klok på kva som finst i hjartet til ei kvinne som Hedda Gabler. Er vi heldige kan vi kanskje fatte nokre få prosent av hennar djupe poesi.

Artikkelen er publisert 5. september 2024.