Bakgrunnsartikkel

Kroppsspråket

Kva er likskapen mellom menneskedans og biedans? Den er umogleg å skildre med ord. Cina Espejord har koreografi på musikalen Bienes historie.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsansvarleg

Det var den austerrikske etologen Karl von Frisch som først omtalte bienes dans. I boka Honningbia frå 1927 kalla han fenomenet eit skodespel vel verdt eit kvede av dei store biepoetane:

«Med snøgge, trippande steg spring ho rundt i små krinsar der ho er på vokstavla (…) Det er rådlaust å skildra denne dansen levande med ord. Ein må sjå han.»

Meir om det straks.

Bienes historie, suksessromanen av Maja Lunde, er blitt musikal. Dansarar frå Nasjonalballetten skal vere på scenen saman med skodespelarar frå Det Norske Teatret. Regien er ved Erik Ulfsby, mens jobben med å koreografere det heile er det Cina Espejord som har.

Dansarane Marco Pagetti og Victoria Amundsen frå Bienes historie. Foto: Erik Berg

Det store bildet

- Vi håpar vi kan ta på kvarandre heile hausten, seier Espejord, mens ho bankar i bordet.

Vi sit i den folketomme foajeen på Det Norske Teatret. Det er enno ei stund til premieren, 11. september. Bak seg har ho ei lang merittliste som dansar og koreograf. Jobben med denne framsyninga hadde ho visst om lenge, og førebuingane var godt i gang. Så kom korona og gjorde fysisk kontakt til ein risikosport. For arbeidet med Bienes historie betydde det at Espejord måtte kaste om på planane.

- Korona har påverka rekkefølga eg arbeider med dansarane. Vi måtte jobbe med det store bildet først, og så ta for oss detaljar, teknikk og partnararbeid etterpå. Vanlegvis jobbar vi fram detaljane i koreografien, for så å sette det saman mot slutten av prosessen. Og no har vi det store bildet på plass, men koreografisk sett så heng ikkje rørslene saman enda.

Frå prøve til Ghost Ibsens gjengangere på Operaen. Foto: Erik Berg

Eit fysisk vokabular

Espejord er utdanna ved Operaens ballettskole og Die Ballettschule des Hamburg Ballett. Ho har vore fast tilsett som dansar ved Nasjonalballetten sidan 2003, og i tillegg koreografert ei rekke ballettar for kompaniet. Ho har ein base og estetikk som kjem frå klassisk ballett.

Da ho blei spurt om å vere med som koreograf i samarbeidet om Bienes historie, starta ho med å lese boka. Der starta også hennar kreative prosess.

- Det første spørsmålet eg stiller meg er om dette er ei historie som kan bli fortalt fysisk, prøver å sjå det for meg. Er det noko som inspirerer meg til å ta tak i som materiale? Og det var det sjølvsagt.

Frå prøve til Ghost Ibsens gjengangere på Operaen. Foto: Erik Berg

Men dei første tankane er ikkje rørslespesifikke. For ei som henne, som har levd med dans og koreografi heile livet, ligg det eit fysisk vokabular og rørslesmak til grunn. Det kjem naturleg, ho treng ikkje tenke seg til det. Hennar tankar går til dei større linjene:

- Kva kan dansarane fortelje om Taos historie som er sterkare fysisk enn det du les? Eller korleis kan vi løyse dette rare forholdet mellom George og sonen Tom, og alt virvaret som går mellom desse korte setningane? Og kva for dansarar kan eg tenke meg å jobbe med dette med?

Det er ikkje ein klassisk ballett ho lagar. Men når ho har Nasjonalballetten på scenen, så ønskjer Espejord å bruke styrken deira. - Da skal du sjå at dei kjem frå ein klassisk bakgrunn.

Frå Bienes historie. Foto: Erik Berg

Å fortelje med dans

Og det er no vi byrjar å komme inn på dette med språk, det fysiske, det visuelle. Noko av skilnaden på dans og teater. - Det som er så fantastisk med dans, og grunnen til at eg liker å jobbe med dans, er at mange av dei viktige tinga, som berre kan seiast ein gong med ord, kan bli gjentatt i det uendelege i dans. Eg kan seie «Eg elskar deg» i fem minutt! Ein får ikkje detaljane på same måte som ein får i tekstteater, men til gjengjeld får ein plukka ut essensen og understreka det på ein annan måte. Og det gjer at ein også kan tolke historia litt meir ope enn det ein ofte kan i teater.

Cina Espejord har arbeidd med narrative verk og historieforteljing i dans tidlegare. Mellom anna Ghost – Henrik Ibsens Gjengangere – som ho vann Kritikarprisen for. Og med Romeo og Julie.

- Historieforteljing i dans kan vere enkle grep, seier Espejord, ho viser med hendene mens ho snakkar: - Til dømes at ein gjer noko fysisk som smeltar inn i noko anna, som representere at alt heng saman. Eller det kan vere konkrete ting, Espejord fangar noko i lufta mellom hendene, - som å halde fast i nokon. Gjere det motsette av ein replikk, vise i rørsle og fysikken til dansarane all spenninga som ligg i eit forhold, alt det som ikkje blir sagt.

Med dans kan eg seie «Eg elskar deg» 
i fem minutt!

Musikk med ord

Gjengangere var ein ordlaus ballett. Espejord er glad for at Bienes historie er eit samarbeid med tekst. – Bienes historie er ei kompleks forteljing. Det som er så genialt i boka, er at dei ulike historiene, i ulike tidsepokar, er fletta saman. Det kan vi bruke dansen til å understreke. Dansarane kan vere miljøet og energien rundt desse karakterane som igjen påverkar andre inn i neste scene.

Men nokre utfordringar har det vore med teksten. For sjølv om Espejord har jobba med dans og tekst tidlegare, er det uvant at det er ein musikal, der det også er ord i musikken. - Nils Bech har laga kjempevakker musikk. Men eg merker at eg vil ta omsyn til kva som er tema i songen utan å henge meg opp i orda. Eg vil at alle dei andre laga som finst i musikk skal legge føringane for kva eg lagar. Så eg prøver å finne kor vi skal beskrive songen med fysikken, og kor vi skal beskrive noko anna; ei stemning, jobbe på ein underrytme eller ein undermelodi meir enn på teksten.

I sluttresultatet på scenen håper Espejord at dansen og teateret har funne ei felles form. Der skodespelarane bruker rørsle frå dansen, og dansarane speler teater. - Det blir ein slags hybrid der alle er ein del av den same verda. Og kanskje opnar denne hybriden for at vi kan tørre å vere mindre konkrete, fordi vi har andre verkemiddel og ein annan estetikk som legg ei kjensle, og at det i enkelte scenar kan vere nok.

Morten Svartveit, som speler William, og Nora Elise Augustinius som speler dottera Charlotte. Frå Bienes historie. Foto: Erik Berg

Å nå ut

Kunsten har ei særeigen moglegheit til å nå menneske, meiner Espejord. Og på den måten er dans og teater veldig likt: - Frå scenen har ein den heilt unike moglegheita til å ha menneskes merksemd i eit gitt tidsrom, om det er ei time eller to. I dag er det så få rom i samfunnet kor ein gir merksemda og tida si så fullstendig og medvite til noko. Det gir oss ei heilt unik moglegheit til å formidle. Og dette stykket formidlar jo den utruleg viktige beskjeden at vi må ta vare på jorda! Gjennom dans kan ein komme til ein eller annan ny stad i medvitet.

Ein ekstra bonus med samarbeidet mellom dans og teater, er sjansen til å nå eit nytt publikum. - Det ville vere veldig gøy om nokon som aldri før hadde tenkt på å kjøpe billett til ei danseframsyning, ser Bienes historie, som er så fylt med dans, tenker at «oi, dette var jo meir spennande enn eg trudde!», og får lyst til å sjå ein ballett igjen. Det ville vore gøy!

I dag er det så få rom i samfunnet kor ein gir merksemda og tida si så fullstendig
 og medviten til noko.

Tilbake til biedansen

Cina Espejord snakkar gjerne om dans, om møte med publikum, formidling, prosess, historieforteljing. Men å skulle sette ord på kva som er hennar danseestetikk, er vanskeleg. Det er nettopp det ho elskar med dans: At ein ikkje treng å sette ord på det, ein kan berre sjå det.

Og utan at ho veit det sjølv, er ho her heilt på linje med nobelprisvinnaren, Karl von Frisch, som oppdaga bienes dans. For han var det rådlaust å «skildra denne dansen levande med ord. Ein må sjå han».

Men bia dansar altså. Med «snøgge, trippande steg» beveger ho seg rundt i eit åttetalsmønster samtidig som ho rister på bakenden. På denne måten kommuniserer ho med dei andre biene: kor det er mat, og kor mykje mat det er.

Frå Bienes historie. Foto: Erik Berg

- Det er ekstremt interessant kor kompleks ein bikube er! Korleis dans og rørsle er så stor del av kommunikasjonen til så sjukt mange dyr. Og at den er så konkret og fantastisk som den er i bienes åttetal. Det kan vere at bienes dans blir inkorporert i koreografien på ein eller annan måte. Men det blir veldig subtilt. Noko konkret «biete» kjem de til å sjå, men om ein kjenner igjen eit åttetal, det veit eg ikkje.

For kanskje er det nettopp sånn med dans, anten det er bier eller menneske, at ein ikkje treng å sette ord på det. Ein kan jo heller sjå det. Nokon gonger kan ordet komme i vegen. Og kanskje er det også her ein parallell til det Karl von Frisch skreiv i forordet til boka Honningbia frå 1927:

«Dersom naturgranskaren nyttar altfor sterke aukeglas når han vil granska einfelte ting, kann det gå so at han ikkje ser naturi for berre apparat.»