Bakgrunnsartikkel

Kristin får køyrd seg!

I haust speler Sara Khorami rolla som Kristin Lavransdotter. Det blir åtte timar maratonteater, og veldig annleis enn alt ho har gjort før.

Erlend: Du er aktuell med di mest omfattande rolle. Kristin Lavransdotter er ei maratonframsyning med alle tre romanverka i eitt. Dei skal også spelast separat, men på det lengste er det rundt åtte timar teater. Korleis går pugging føre seg når du skal lære deg så mykje tekst?

Sara: Da eg først starta, så sovna eg. Eg blei trøytt. Hugsar de da vi var yngre og måtte gjere lekser og så komme det sånn akutt trøyttleik? Sånn! Fordi det er så ofseleg. Men så bestemte eg meg for ikkje å tenke på sluttresultatet. Ikkje tenke på mengde. «No skal du berre lære deg desse tre setningane i dag. Berre dei tre setningane.» Så plutseleg opna det seg litt opp. Men eg sit og nipuggar. Plutseleg har det gått ein time og så har eg berre vore på den eine setninga. Med nokre parti set det seg mykje lettare plutseleg. Og så er det andre parti der eg har brukt ei veke på fire setningar. Veldig spesielt.

Inger Johanne: Kva er det som gjer at noko går så lett og noko ikkje gjer det?

Sara: Godt spørsmål. Det er kanskje at språket har ein større musikalitet eller … Faktisk, dei partia som er vanskelegare, dei sit betre enn dei som minner om vårt språk. Der språket er meir opphøgd, der setningsoppbygginga er annleis enn setningsoppbygginga vår i dag, det set seg enklare. Eg veit ikkje korfor.

Preben Hodneland speler rolla som Erlend. Fotoregissør Mads Sjøgård Pettersen fangar det heile på film som blir vist frå store lerret på scenen. Foto frå prøve: Siren Høyland Sæter.

Inger Johanne: Sigrid Undset har ei litt annleis setningsoppbygging enn vi er vant til. Og Gunnhild Øyehaug, som har omsett det til nynorsk, har halde på mykje av det. Men det er eigentleg ein fordel for deg det, da?

Sara: Ja, av ein eller annan merkeleg grunn. Og akkurat der minner det meg litt om … det er det næraste eg har komme farsi.

Inger Johanne: Setningsstruktur?

Sara: Ja. Setningsstrukturen og den høflegheita og formaliteten i språket.

Inger Johanne: Ja, interessant! Kanskje du har ein fordel der, da?

Sara: Persarar seier jo heller ikkje «du» og sånn. Dei seier «De». Det er mykje «De» her. Det er jo heilt fantastisk skrive.

Inger Johanne: Det er jo litt av ei reise du – eller Kristin - skal gjennom på dei åtte timane.

Sara: Det er så drygt at eg slappar av. Når det blir så ofseleg. Så har vi jo fantastiske skodespelarar med, og Kjersti Horn på regi, Sven Haraldsson på scenografi. Dette er ensemble, det er mange som skal vere med på dette. Men så er det så gøy, fordi vi har ei forteljarstemme som fortel, og så speler vi ut. Eg har aldri vore med på noko sånt. Og kjem sikkert aldri til å gjere det igjen. Så det er veldig spanande.

Erlend: Kristin Lavransdotter er ein litterær figur veldig mange har eit sterkt forhold til.

Sara: Angst, angst! Haha!

Høyr heile episoden av Språkoppdraget, der Sara Khorami var gjest.

Inger Johanne: Kva synest du om ho da, om Kristin?

Sara: Eg synest ho er heilt fantastisk, eg. Eg synest det er kjempespanande å følgje eit liv sånn. Og så er det så klokt skrive. Det gjer jo Sigrid Undset så flott, at ingen blir dømt. Ingen moral eller etikk, sånn som eg les det. Det er berre menneske i forskjellige livsfasar, som tek val. Og sånn er det med Kristin og. Du følger henne, hennar reise, kva for val ho tek. Kva for liv er det ho vel å leve. Du har jo denne jenta på sju år som er så fri, som elskar å vere ute, og som har gutevennar, og som er saman med far sin – ho elskar faren, - og mora og, men ho er nærare faren. Og så er du saman med ho på denne reisa. Og sakte, men sikkert pregar andre sine val ho. Synd og skam og religion speler inn. Så det er veldig den kjensla av kven har du lyst til å vere kontra kven får du lov til å vere. Det er både veldig vakkert og veldig trist. Men ho er jo veldig fri person.

Inger Johanne: Dette er jo ikkje skrive i mellomlalderen, men ho lever på 1300-talet. Det er jo ekstremt lenge sidan.

Sara: Men der er ho også så genial, Sigrid Undset, for ho plasserer det så langt tilbake i tid, men … eg kan ikkje sitere ho ordrett, men Sigrid har sagt at «Tida går men at hjarta er dei same» eller noko sånt. Og det er eigentleg veldig smart gjort å plassere det i mellomalderen. Men så sit vi her, så mange år seinare, og har dei same problemstillingane. Svik, utruskap, kjærleik, val, religion, menneske på søken, menneske som prøver å få livet til å gå opp, prøver å finne ut av det. Det er jo det same. Kanskje litt større fokus på religion enn det er i dag, men bortsett frå det …

Inger Johanne: Ja, for vi lever jo i eit samfunn der det ikkje er så stort fokus på det. Men andre stadar i verda er det det. Ein aktualitet for mange, eigentleg.

Sara: Nettopp. Og, at vi framleis prøver å finne ut av det. Om du trur på Gud eller ikkje, så er det jo framleis eit val. Så vi prøver framleis å finne ut av det. Sånn sett er det jo der enno.

Foto frå prøve: Siren Høyland Sæter.

Erlend: Det blir sagt at ein skal lese Kristin Lavransdotter tre gonger i livet. Som ung, midt i livet, og så på slutten av livet. Og da vil ein lese det ulikt, og kanskje meine ulikt om vala Kristin tek. Eg er jo oppkalla etter Erlend i Kristin Lavransdatter. Og forholdet mellom Kristin og Erlend er eit mange meiner mykje om. Vel ho riktig når ho vel Erlend, eller er han berre dårleg for ho?

Sara: Det der er veldig interessant spørsmål. Eg trur at du les det ut frå den personen du sjølv er, og ut frå dei vala du sjølv har tatt. Om eg hadde vore ein veldig religiøs person så hadde eg tatt det valet … Undset har liksom skrive noko som alle kan ta eit standpunkt til. Eg kjenner meg veldig igjen i Kristin, på den måten at ingen val er feil. At ein ikkje skal skamme seg for dei vala ein tek. Du er liksom alltid i prosess. Kristin møter denne personen som ho opplever så stor kjærleik og begjær med, men da kan det vere noko anna som skurrar. Sånn er det jo. Og nokon som ikkje har så mykje begjær og lidenskap, som for eksempel foreldra hennar, viser det seg at har noko anna. Igjen er ho så klok, Sigrid Undset, for det er ikkje noko anten eller. Det er ikkje noko feil eller riktig val. Det er meir samansett enn som så. Men det er klart … Kristin får jo køyrt seg. Haha!

Dette er eit utdrag frå podkasten Språkoppdraget, der Sara Khorami var gjest. Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk og Erlend Tårnesvik Dreiås. Heile episoden finn du der du elles høyrer podkast.