Bakgrunnsartikkel

Karakterane i Den minste engelen

Det kan vere lurt å førebu seg litt før ein skal i teateret. Her kan du bli litt meir kjend med karakterane i framsyninga!

Mikel

er den minste engelen i Himmelen. Han har enno ikkje fått venger og er plaga av det. Ingen kan fortelje når vengene kjem. Han må berre vere tolmodig. Mikel er ein nysgjerrig englegut som likar å skjøne kvifor ting er som dei er. Han oppdagar at det ikkje alltid er samanheng mellom det dei lærer på engleskolen og slik ting verkeleg er. Mikel kan ikkje fordra at noko er urettferdig.

Frøken Venge

er lærar på engleskolen. Ho held seg alltid til læreboka, og ho slit med alle spørsmåla frå Mikel. Ho er kanskje ikkje så opptatt av å tenkje sjølv. For henne er det viktigst å vere lydig og høfleg. Det kan ikkje vere naudsynt å spørje så mykje. Når alle seier det same og er positive, går det meste bra, tenkjer Frøken Venge.

Mikal

er hærførar i Himmelen. Han er erkeengel og leiar for maktapparatet i Himmelen. I praksis er det Mikal som styrer. Gud sjølv er ikkje så oppteken med den daglege drifta, og Mikal er disiplin og lydnad i eigen person. Han veit at Himmelen har fiendar som ein må vere på vakt mot.

Lysengelen

er ein framand engel som blir ven med Mikel. Lysengelen har jobba som skytsengel på jorda og hjelpt menneske, men erkeengelen har lagt ned avdelinga hans. Det er veksande uro blant menneska. Urett og naud herjar på jorda. Skaparverket er truga, meiner Lysengelen. Han trur at eit opprør trengst og vil ha andre sjølvstendig tenkande englar på si side.

Gamla

er den eldste i Himmelen. Ingen veit kor gammal ho er. Ho likar å gå turar og å leike. Plikter og ansvar er ikkje hennar greie. Ho har gått lei av det og vil helst ha det makeleg. No har ho overlate pliktene til andre og ho vil helst ikkje vite korleis det går.

Jona

er soldat i englehæren og assistenten til erkeengel Mikal. Han skjønar ikkje alltid kva Mikal driv med, men han gjer jobben sin. Han skjønar at viss det blir krig, så må han ut i striden. Jona blir kjend med Mikel og forsøker å seie noko om korleis det er å ha venger. Men han har aldri grubla over det. Han vakna ein morgon, og så var dei berre der.