Terningkast fem

«Herlig barneteater av bibelske proporsjoner»

«Som anmelder har jeg sett mange originale, nyskapende og fargerike forestillinger for barn. Men jeg er usikker på hvor mange jeg har sett som er kloke»

«Andreas Koschinski Kvisgaard (…) er en meget uttrykksfull og nyansert Mikel»

Klassekampen

Når den minste eleven på engleskolen oppdagar at sjølv ikkje i paradis er alt perfekt, kva er da riktig å gjere?

Mikel er den minste engelen i himmelen. Han er liten av vekst, og har enno ikkje fått venger. Dei andre englebarna mobbar han for det. Det er ikkje rettferdig, synest Mikel, men i himmelen er det om å gjere å vere lydig. På engleskolen lærer dei at alt i himmelen er perfekt. Der herskar det perfekt harmoni. Alle er lukkelege. Løva og lammet leikar i hop. Det er mjølk og honning til alle, og sola skin.

Ufred i paradis

Men Mikel oppdagar at alt ikkje er det glansbildet dei høyrer om på skolen. Noko er i uorden i paradiset. Og skal ein ikkje snakke sant? Krigen trugar, seier Lysengelen, både i himmel og på jord. Ja, på jorda er alt endå verre; svolt, krig, øydelegging av land og hav. Eit opprør er under oppsegling. Det handlar om rettferd, og Mikel må finne ut kven han er, kva han står for, kva som er rett og gale.

Passar best for barn 9-12 år.

Finn ut meir